20. juni 2009

Snart i mål (UFO framgang)

Då nermar eg meg målstreken :) No gjenstår det kun eit sokkepar til meg sjølv før eg er ferdig med den tidlegare nemnte UFO lista mi.


Desse sokkane er strikka i opal sokkegarn og pinne nummer 3.0 mm.

18. juni 2009

Nysgjerrigper!

Snakk om nysgjerrigper! Tassen står i vindauget å følger med på ALT og ALLE som tuslar forbi. "Kem? Ka? Kor?" Her er det ikkje snakk om å gå glipp av noko som helst. 


Til tider kan det bli litt for spennande og då kjem det eit lite "Boff"

15. juni 2009

Sommarferie =D

Eg har tatt sommarferie=) Skulen er over for denne gong, og alle eksamenane er i boks. No skal eg berre nyte tida som kjem. Ellers må eg også berre få med at eg avslutta med å få A i praktisk tverrestetisk (drama, forming og musikk) eksamen - WEE!

13. juni 2009

Babykjole


Endå ein UFO er blitt ferdigstillt. Det går sakte men sikkert framover med UFO lista mi som er nemt tidlegare her på bloggen. Har ikkje vore så mykje tid til overs i det siste, sidan både flytting og eksamen krev sitt. Denne kjolen har vore ferdig ei god stund. Den har berre mangla knappar samt eit par trådar som har venta på å bli festa.



Kjolen er i størrelse 0-3 månadar, og den er strikka i "Bambino ull" frå Idèna. Eg har tatt utgangspunkt i oppskrifta frå boka "myk start".

5. juni 2009

Framgang på UFO`ar

Tjo hei så det går. No er 3 av 5 UFO`ar ferdige og eg nærmar meg sakte men sikkert målet som eg sette meg. Eg seier ikkje med dette at eg ikkje har fleire UFO`ar liggande, for det ville jo nesten vore å lyge. Denne gongen er det sokkane i størrelse 2 år som er blitt ferdige.


Sokkane er strikka i babyull og på pinnar nummer 2,5 mm.

Eg har faktisk ikkje begynt på eit einaste nytt prosjekt i mellomtida. Heilt utruleg spør du meg! Fortjenar jo nesten ein diplom :)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...