31. august 2009

Babyteppe

Eg begynte som sagt på eit babyteppe i "Tynn Alpakka" i går.
Så langt er eg komme omtrent halvveis, og slik ser da babyteppet ut;


Så mjukt og så godt!

30. august 2009

Babysokkar

Har strikka eit par babysokkar. Eller dei har i grunn vore ferdige ei stund no, men det er noko med den trådfestinga... Merkeleg at det skal vere så vanskeleg i grunn, ettersom at det er så fort gjort?


Neste prosjekt ut er eit lyserosa babyteppe, strikka i tynn alpakka!

19. august 2009

Djevelhue


Eg har strikka ei lita djevelhue, til ein liten gut;
På min lille, søte modell, så ser hua slik ut;


Hua er strikka i Tynn Alpakka, frå Du Store Alpakka, på pinnar nummer 2,5 mm.

Til slutt la eg opp 80 masker, og strikka ein gong over, før eg så felte av. Gjentok dette ein gong til, og vips, to snorer som var klare til å syast på!

9. august 2009

Kos meg!

Innimellom får Tassen eit akutt (!?!) behov for litt kvalitetstid på fanget. Dette inneber altso mykje kos.Veldig mykje kos. Det er ikkje så nøye om det passar akkurat no. Og held du på med noko eller er opptatt, ja så er det ekstra stor stas! Sjølvsagt er det Tassen som er prioritet nummer èin! Om det er oppå eit blad, ein pc, strikkepinnar eller diverse andre ting, så er ikkje det så farleg. Det er nemleg kosetid! KOS, KOS, KOS!


Slik ser det altso ut når Tassen slår til;

5. august 2009

Sokkar

Besta har strikka endå eit par med sokkar til meg =D Og sjølv om eg snart har minst 100 par med sokkar, og sjølv er ein racer på dette området, så er det ingenting som slår det å få noko som er strikka av andre. Tusen takk, besta!

Oppdatering

Det blir ikkje så mykje oppdateringar for øyeblikket. Årsaken til dette er vel at det ikkje har blitt så mykje strikking i det siste heller. Eg har vore litt på farta innimellom og da blir det gjerne litt nedprioritert. Desverre! Held fortsatt på med babyteppet, ellers så må det jo litt småprosjekt til i mellomtida. For øyeblikket held eg på med eit par babysokkar;


Ellers så har eg laga meg ein blogg, i tillegg til hobbybloggen min, for litt meir generelle kvardagsting =) Så for dei litt meir interesserte, ta turen innom; http://www.anettehsu.blogg.no/
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...