14. april 2012

London-tips!

Då er det akkurat éi veke sidan vi vendte nasa heimover igjen frå London etter ei heil veke med shopping, god mat og gode opplevingar. I den anledning synest eg det er på sin plass med eit lite "London-tips" innlegg, eller ei oppsummering, om du vil. Så her kjem altså nokre av våre erfaringar og opplevingar i møte med denne fantastiske storbyen. 

Denne gongen valde vi å reise med flyselskapet British Midland International (bmi). Det angrar vi ikkje eitt sekund på. Prisen var det ikkje stort å utsetje på, og ein var heller ikkje nøydd å betale ekstra for verken mat, seteplass eller bagasje (med mindre det er snakk om overlast, så klart). Alt var nemleg inkludert! Drøyt éin time og tre kvarter i lufta. Heilt fantastisk.


Vel framme i London tok vi expresstoget frå Heathrow Airport og inn til London sentrum. Toget går i rakettfart, knappe 15 min - utan stopp. Av erfaring bestillte vi oss bilettar frå Ticket Service på førehand.  Heit genialt spør du meg. Prisen er stort sett den same, men fordelane er likevel mange. Det beste er vel at ein slepp alt styret med å kjøpe bilettar i det ein kjem fram. Ellers er nok den beste og enklaste måten å forflytte seg rundt om i London på å nytte seg av undergrunnen, eller "The Tube" som dei så fint kallar det. Også her kan ein bestille bilettar på førehand. Ticket Service it is!

Eg tenkte eg skulle skrive litt om hotellet vi budde på under opphaldet. Er det noko London er kjent for er det dårleg hotell, og det bør ikkje komme som noko sjokk dersom du bestiller deg "hotellrom", men havnar i ei skikkeleg rønne. Fyrste gong vi var i London haavna vi på eit av desse hotella. Til tross for at mange av oss reiser til London for å shoppe, og gjerne berre skal nytte rommet til å sove - så er det likevel greit med ein viss standard. Denne gongen la vi derfor litt meir pengar i hotellbudsjettet, og det er eg jammen meg glad for. Vi er i allefall veldig fornøgd med val av hotell, som var både reint og ryddig, i tillegg til å ha ein høg standard. Og med rom i 14. etasje er det i allefall ingenting å utsetje på utsikta;


Hilton London Metropole Hotel () er eit av Europas største hotell og konferansesenter, med godt og vel 1000 gjesterom i ulike størrelsar og kategoriar. Hotellet har ei fantastisk beliggenheit, sentralt i London. Med to undergrunnsstasjonar like i nærheita, kan ein rask flytte seg rundt i denne fantastiske storbyen. Frå hotellet er det kun 10 minutt med gange til London`s mest travle handlegate; Oxford Street! I tillegg tar det berre knappe 10 minutt med undergrunnsbana til fantastiske handleopplevingar på Westfield.

Big Ben og Westminister Palace, Tower Bridge, London Eye, Madame Tussauds og Trafalgar Square er berre nokre av attraksjonane/stadane som er verdt å avleggje eit besøk når ein først er i denne fantastiske byen. Eg kan også anbefale ein tur til fargerike Notting Hill;


Ellers finn ein også fleire koselege parkar rundt om i London. Hyde Park er eit flott eksempel på dette.

London er shoppingmekka nummer éin, utan tvil. Min største favoritt når det kjem til shopping i London? Oxford Street! Her vil du finne mange av dei kjende butikkane som Primark, Top Shop, Body Shop, River Islands, Bik Bok, H&M, Disney Store... You name it! Og det beste av alt? Her kan ein finne det mest utrulege til ein billeg penge. Love it!


London er nok utan tvil den beste definisjonen på shopping, og det er umuleg å la vere å handle noko når ein først er her. Ellers anbefalar eg alle å ta turen innom Westfield. Kjøpesenteret har eit golvareal på 150.000 m² og inneheld omtrent 255 butikkar. Harrods er også eit "must".

Er det noko det finnast mykje av i London så er det mat. Mat og drikke! Det kryr av matbutikkar, restaurantar, cafèar, kaffibarar og liknande. Du finn dei på kvart eit gatehjørne. Så her er det berre å velge og vrake.


Sjølv synast eg det kan vere vanskeleg å finne "god" mat  i London, men Garfunkel`s Restaurant og Angus Steakhouse er begge gode og trygge kjedar. I tillegg finn ein T.G.I Friday`s som også er ein favoritt :)

Om du ikkje har vore i London tidlegare, så anbefalar eg at du tek turen. Byen er verkeleg verdt eit besøk  Ta med deg ei god venninne, familien eller kjærasten, samt litt godt humør (og gode sko), og du vil få ei oppleving for livet. Heilt til slutt vil eg minne dykk om det som kanskje er det aller viktigaste; Hugs å bestille ekstra bagasjeplass til heimreisa :D

12. april 2012

Pakke i posten; Canon EOS 600D!

I dag kom kameraet som eg bestillte forige dagen; Canom EOS 600D  Endeleg har eg fått meg eit kamera med mulegheit for filming i full HD-oppløysimg, heile 18 megapikslar og ikkje minst vridbar skjerm. Love it!
Kjøpte kameraet hjå FotoVideo som i skrivande stung har ein flott kampanje gåande. I tillegg til kameraet og objektivet inneheld pakken nemleg fylgjande; 8 GB SDHC-minnekort, èittbeins fotostativ, fotoboka "Bedre bilder", pusseklut og nøkkelband. I tillegg får ein òg med eit gåvekort på valfritt kurs hjå FotoVideo til ein verdi av 985,-

9. april 2012

Hilton London Metropole Hotel

Då var vil vel heime igjen etter eit fantastisk opphald i London. Vi har storkost oss! Men det er neimen ikkje til å stikke under ein stol at det er godt å komme heim igjen også. "Borte bra, men hjemme best" 

Eg tenkte eg skulle skrive litt om hotellet vi budde på denne gongen, for er det noko London er kjent for, så er det dårlege hotell. Det bør ikkje komme som noko sjokk dersom du bestiller rom på eit "hotell", men havnar i ei skikkeleg rønne. Fyrste gong vi var i London haavna vi på eit av desse hotella. Til tross for at mange av oss reiser til London for å shoppe, og gjerne berre skal nytte rommet til å sove - så er det likevel greit med ein viss standard.



Denne gongen la vi derfor litt meir pengar i hotellbudsjettet, og det er eg jammen meg glad for. Vi er i allefall veldig fornøgd med val av hotell, som var både reint og ryddig, i tillegg til å ha ein høg standard. Og med rom i 14. etasje er det i allefall ingenting å utsetje på utsikta;



Hilton London Metropole Hotel () er eit av Europas største hotell og konferansesenter, med godt og vel 1000 gjesterom i ulike størrelsar og kategoriar. Hotellet har ei fantastisk beliggenheit, sentralt i London. Med to undergrunnsstasjonar like i nærheita, kan ein rask flytte seg rundt i denne fantastiske storbyen. Frå hotellet er det kun 10 minutt med gange til London`s mest travle handlegate; Oxford Street! I tillegg tar det berre knappe 10 minutt med undergrunnsbana til fantastiske handleopplevingar på Westfield;



På Hilton London Metropole Hotel () finn ein også ei helse- og velværeavdeling, "Living Well Health Club". Her kan hotellets gjestar nytte seg av innandørs svømmebasseng, treningsrom, dampbad og badstue. Her vil du også finne ein sportsbutikk. Ellers har hotellet kaffibar, sportsbar og lounge, 24-timars room service, døgnopen resepsjon, frisør- og skjønnheitssalong, souvenirbutikk, med meir. Med andre ord; Alt du kan ynskje deg, og litt til.

Fleire Londontips kan du finne her :)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...