30. mars 2013

Påskeafta

Etter å ha vore på farten store delar av påska ser vi no fram til å nyte dei aller siste feriedagane her heime. Det er godt å få roe ned litt før kvardagens plikter kallar. Påskeveiret er upåklageleg og sola strålar frå ein skyfri himmel - stort betre kan det ikkje bli. Det er i alle fall ingen tvil om at denne vesle karen har store planar om å slappe av og nyte livet - gullguten til mammaen sin 


Q; Har dykk det fint?

28. mars 2013

Skjærtorsdag!

Vi har verkeleg vore heldige med påskeveiret her på vestlandet i år. Det er utruleg flott ute - sola strålar og det er herleg å vere utandørs. Vi fann ut at vi måtte nyte finveiret til det fulle og tok oss ein tur på påskefjellet  Utan tvil ein vellukka dag. Magisk! 




Håpar med dette at alle har ein fin skjærtorsdag :)

25. mars 2013

Litt nytt i gangen

Med eit nytt og stort hus trengs det også ein del nye møblar. Denne gongen var det yttergangen som stod for tur. Etter ein del grubling og nokre lange kveldar med leiting på nettet fann eg endeleg den perfekte løysinga for oss. Valet falt på Hemnes skoskap, ein modell med fire oppbevaringsrom, i frå Ikea.


Skoskapet har perfekt størrelse, samstundes som det ikkje byggjer så langt ut. Dette var viktig for oss med tanke på plasseringa det har fått.

Ynskjer dykk ei riktig god påske 

10. mars 2013

DIY; Påskepynt!

Eg er lite flink til å bruke opp garnrestar, men ettersom at påska nærma seg med stormskritt fann eg ut eg eg skulle bruke opp nokre av restane til litt påskeførebuingar. Valet falt på eggevarmarar. Eit fint lite prosjekt. Det er jo så kjekt å prøve sjølv - lite som er meir stas enn noko som er heimelaga :)


Framgongsmåte; Legg opp 32 masker på 4 strømpepinnar, 2,5 mm, og strikk 4 pinnar med rillestrikk. Fortsett med glattstrikk, samt striper, til ein har 4-6 striper. Alt etter kor lang du ynkjer å ha hua. Hald fram med striper, men fell så i dei to nest siste maskene på kvar pinne, ved å strikke dei saman, annankvar omgang til det gjenstår tre masker. Eg avslutta med i-cord teknikk og pynta med ein liten dusk i enden. Så søt! Perfekt til å pynte påskebordet :)

6. mars 2013

Djevelhue + babytøflar


Ei ny djevelhue og eit par med babytøflar har no sett dagens lys. Eit fint lite sett, til ein herleg, liten sjarmør  

Eg likar best denne oppskrifta når det kjem til djevelhuer. Fantastisk med ei oppskrift som ikkje krever montering. Kun festing av trådar! Kjapp og morosam å strikke er den óg.

Det er fyrste gong eg har prøvd meg på å lage ei hue med i-cord snorer. For ein teknikk! Eg har tidlegare anten hekla eller strikka snorene, men den tida er det definitivt slutt på no. Synest desse snorene vart mykje finare. Eit stort pluss for at dei er superenkle å lage, i tillegg til at dei er veldig lette å knyte.

Faktaboks;
Mønster: Gros djevelhue.
Pinnar: 2,5 mm og 3 mm. 
Garn: Dale babyull.

Når ein sjølv ikkje har ein liten baby i hus er det kjekt å ha ein liten modell som velvillig stiller opp til fotografering :)

3. mars 2013

Konkurranse!

Minnar om konkurransen der du kan stikke av med ein goodiebag beståande av diverse sminke og hudpleieprodukt, ulike produkt i frå blant anna Burt`s Bees, Dermica, Desert Essence, Giovanni med meir. Siste frist for å delta - trekkjer ein vinnar i morgon.


Trykk her for å delta!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...