21. april 2013

Vår i hagen ♡

Ah, som eg gledar meg over at våren endeleg ser ut til å vere på veg :D No håpar eg berre så inderleg at vi har sett det siste av snøen og at den no klarar å halde seg unna heilt til hausten er forbi, og vinter igjen er velkomen. No skal i allefall den komande tida nytast til det fulle - våren er ei fin tid 


Vi har allereie innvia terassen vår der vi no har fått på plass nokre av hagemøblane, og i løpet av gårsdagen hadde vi vårens første utedag i hagen. Vi hadde oss ei skikkeleg økt der vi fekk raka saman ein god del lauv, for deretter å få samla alt rasket i bossekkar.


Det er så fantastisk å vere ute om dagen, særleg no som alt spirar og gror - fine pusekattar byrjar no endeleg å syne seg på greine rundt om kring.


Eg gledar meg stort til å kunne putle rundt i hagen framover - eg er så utruleg glad for at vi endeleg er eigarar av eige hus og ikkje minst ein tilhøyrande hage.


Framover har vi store planar om å få gravd opp i hagen for å få lagt inn nye røyr, til vatn og avløp, i frå det kommunale nettet. Eg har også eit ørlite håp om at vi med tid og stunder kanskje også kan få tid til å byggje på og utvide inngangspartiet vårt, slik at det får eit litt meir heilheitleg preg over seg.

15. april 2013

Kveldskos

På ein grå og regnfull dag som dette er det godt å vere innandørs. I augneblinken kosar eg meg med tente lys og ein varm kopp med kakao, medan regnet piskar mot ruta. No er det med andre ord tid for å krype under teppet i sofaen med ein god film på tv-skjermen;


Håpar alle har ein fin kveld :)

14. april 2013

Wishlist!

Øverst på ønskelista mi står i augneblinken dette så alldeles nydelege sengeteppet i frå Ellos.

Eit fantastisk sengeteppe med mange fine stjerner på  I tillegg har sengeteppet ein gråfarge som sklir rett inn på soverommet vårt. 

Og kva med prisen? Joda, under 500-lappen. Me like!

Sengeteppet kan brukast på begge sider - anten ein ynskjer å ha det grått med kvite stjerner, eller dersom ein heller kunne tenkje seg å ha det kvitt med grå stjerner i stadenfor 

Ynskjer du meir informasjon om sengeteppet kan du trykkje her.

Dette sengeteppet er eg nok berre fint nøydt til å klikke meg heim, så snart som råd er. Det var jo berre så lekkert og så delikat - med "matchande" pynteputer og det heile :)


I`m so in love 


//Annonselenkjer

6. april 2013

Det snør, det snør...

Eg sa da vel absolutt ingen verdas ting i går om at våren såg ut til å endeleg vere på veg? Uansett, slik ser det ut utanfor huset vårt i dag;


Det snør, det snør - tiddelibom! Snøen er her igjen og eit kvitt teppe har atter ein gong lagt seg på bakken. Men, kva gjere vel det? Vi har store planar om å kose oss innandørs i stadenfor - tente lys, ein god frukost og varm kakao er absolutt ikkje feil på slike dagar :)

Q; Korleis er veiret der du bur?

5. april 2013

Helg!

Då er endå ei veke vel oversått og helga står endeleg for tur :) Det er alldeles nydeleg ute og sola strålar i frå ein skyfri himmel  Endeleg er det noko som kan minne litt om vår  Eg har store planar om å nyte fridagane til det fulle - aller først skal eg kose meg med denne fruktsalaten;


Nydeleg fruktsalat beståande av kiwi, jordbær, banan og mager kesam med vaniljesmak. Namnam! 


Håpar alle har hatt ein fin dag så langt - ynskjer dykk med dette ei riktig god helg 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...