Etter at eg strikka min første kjøkkenklut for nærmare 10 år sidan - så var det gjort. Eg har ikkje tal på kor mange klutar eg har strikka sidan den gong, men at eg har vore sjølvforsynt med kjøkkenklutar sidan, det rådar det nok ingen tvil om. Heilt klart dei beste kjøkkenklutane!
Oppskrift; Eg legg opp 3 masker og aukar deretter i nest siste maske på kvar pinne til omtrent halve nøstet er brukt opp. Deretter fell eg ved å strikke dei to nest siste maskene saman på kvar pinne til det gjenstår 3 masker på pinnen. Avsluttar så med å lage hempe på kjøkkenkluten ved hjelp av i-cord snor. For éin teknikk!
Kjøkkenklutar er superenkelt å strikke. I tillegg er det eit kjekt lite strikketøy å ty til framfor tv-skjermen. Freshe fargar etter eige ynskjer, og garn som kan vaskast på 60 grader. Betre kan det vel ikkje bli? Og dersom ein gjere litt ekstra ut av det og lagar eit mageband til klutane fungerar dei også perfekt som gåver :)