28. mars 2014

Babyvotter

Siste prosjekt av pinnane er eit par søte, små babyvottar. Vottane er superenkle å lage - og dei er unnagjort i løpet av ein liten kveld. Synast i grunn dei blei bra nusselege :) Ikkje minst er dette eit flott prosjekt om ein har litt garnrestar liggande.


Garnvalet falt også denne gongen på "Emilie" frå Spar Kjøp. Eit mjukt og deilig garn. Eg la opp 40 masker (10x4) på strømpepinne 2,5 mm og strikka ei passande vrangbord. Fortsette så med glattstrikk og mønster før eg til slutt felte av i ein spiss. 


 Snora er ca. 65 cm og er laga ved hjelp av i-cord. Eg kan ikkje få sagt ofte nok kor glad eg er i denne teknikken. Synest snorene vert så fine. Eit stort pluss er at dei er superenkle å lage.


God helg til dykk alle!

21. mars 2014

ole lukkeøye-lue

To små huer er blitt til. Huene er i størrelse 0-3 månadar og 3-6 månadar.


Desse huene er både raske og kjekke å strikke!


Eg har tatt utgangspunkt i ei oppskrift henta i frå boka "Babystrikk" av Debbie Bliss. Men, eg har felt litt annleis enn det som er oppgitt i oppskrifta, for at huene skal bli litt lenger.


Begge huene er strikka på pinne 4,0 mm og 4,5 mm, og val av garn falt på "Emilie" frå Spar Kjøp.


No skal eg fortsette å strikke litt på "Nancy-kofta" mi. Seinare i kveld bær det avgårde til eit vennepar av oss. Alt er klappa og klart for ein hyggjeleg fredagskveld :) Riktig god helg!

19. mars 2014

Strikkekafè!

Nytt prosjekt på pinnane! Endå ei "ole lukkeøye-lue" er under produksjon, men denne gongen i ein litt annan fargekombinasjon. Oppskrifta er henta i frå boka "Babystrikk" av Debbie Bliss.



Eg er med andre ord klar for strikkekafè igjen :)

13. mars 2014

Sokker som varmer!

Endå eit nytt prosjekt har funne vegen til pinnane. Ja, du leste riktig! Men, denne gongen kunne eg rett og slett ikkje la vere. For då eg kom over prosjektet "Sokker som varmer" var eg berre fint nøydd å finne fram strømpepinnar og passande garn :)


"Sokker som varmer" er eit samarbeid mellom bladet Familien og Frelsesarmeen, der ein vert oppfordra til å strikke sokkar til menneske som av ulike årsaker har behov for dette. Solidaritet, nestekjærleik og medmenneskelegheit er noko som skal gagne oss alle - også dei som har komme litt skeivt ut. Hiv deg rundt og bli med på utfordringa du óg. Meir informasjon om prosjektet kan du finne på facebooksida "Sokker som varmer".

9. mars 2014

ole lukkeøye-lue

På onsdag var eg på handarbeidskafè. Vi var ein fin gjeng og det heile var riktig så koseleg. Utan tvil ein kveld som freistar til gjentaking. Sidan det var fyrste gongen, for min del, tenkte eg at det kunne vere greit med eit noko enkelt prosjekt, og valet falt difor på ole lukkeøye-lue. 


Oppskrifta er henta i frå boka "Babystrikk" av Debbie Bliss. Ei nydeleg bok.


Hua vart fort ferdig og i dag fekk eg endeleg somla meg til å lage dusken og festa trådane :)

2. mars 2014

Update

Denne veka har vore hard og årsaka er enkel; vi har hatt sjukdom i hus. Formen har ikkje vore på topp og etter fleire dagar med sjukdom var eg heilt utkøyrd. Heldigvis er formen stigande og veka vart avslutta med stil. På fredag var det nemleg duka for treretters middag, samt god underhalding :)


Forutan å ha vore sengeliggande har eg sjølvsagt fått strikka litt sidan sist, og på pinnane har eg ein heildress. Oppskrifta er henta i frå boka "Strikk til nøstebarn" av Kathrine Gregersen. Det har i grunn gått fort framover og eg skal snart byrje med armane.

Ha ein fin søndag!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...