19. mai 2014

Konkurranse!

Då er det på tide med ein ny konkurranse her på bloggen :) Eg trekkjer ut ein vinnar som stikk av med ein goodiebag beståande av Lulu`s sminkepung - Mini // Victoria`s Secret Body Splash - Coconut Passion, 60 ml // Hot Makeup - Neglelakk // Real Techniques - Foundation Brush //Real Techniques - Miracle Complexion Sponge;


For å delta;
Bli fylgjar av bloggen på facebook - ny side (1 lodd)
Bli fylgjar av bloggen på bloglovin (1 lodd)
Del bilete + link til konkurranse på eigen blogg/facebook (2 lodd)

Maks 4 lodd pr. deltakar.

Hugs å leggje igjen ein kommentar der du skriv kor mange lodd du deltek med i trekninga.
Konkurransen vil bli avslutta måndag 9. juni.

Lykke til!

KONKURRANSEN ER AVSLUTTA
VINNAR ER KONTAKTA

18. mai 2014

Dagens outfit!

Eg har strikka endå eit av desse skjørta som er blitt så utruleg populære. Men, denne gongen har eg lagt opp langt fleire masker og strikka det i størrelse vaksen (small).


Skjørtet er strikka i "Emilie" frå Spar Kjøp. Har strikka det på pinne 4,0 mm, og eg har tatt
utgangspunkt i denne oppskrifta.


Eg har strikka underskjørtet litt kortare enn det som er oppgitt i oppskrifta (2 mønsterrapportar + 12 omg. rett). La opp 252 masker. Når det kjem til felling på skjølve skjørtet har eg valt å felle 2 masker kvar fjerde omgang, totalt 20 gongar, midt bak.



Snora i skjørtet er laga ved hjelp av i-cord. Den mest geniale teknikken nokon sinne. Eit stort pluss for at dei er superenkle å lage. Filmklipp som syner framgongsmåte finn du her.


Alt i alt er eg superfornøgd med dette skjørtet.

17. mai 2014

Gratulerar med dagen!

Ynskjer dykk alle ein riktig fin 17. Mai :) Håpar dykk får ein fin dag. I år er det 200 år sidan Grunnlova formelt vart vedteken ved Eidsvoll, i 1814.


Hipp, hipp...
...HURRA!

11. mai 2014

Hipp, Hipp, HURRA!

Skjørtet som vart begynt på i går er no ferdig. Dette er utan tvil eit kjekt lite prosjekt - med eit like nydeleg resultat. Eit skikkeleg 17.mai-skjørt vart det denne gongen :)


Perfekt til ei lita prinsesse. Skjørtet er strikka med "underskjørt", og er strikka i størrelse 2-4 år.


Denne gongen har eg brukt Senjagarn frå Nille. Skjørtet er strikka på pinne 4,0 mm, og eg har tatt
utgangspunkt i denne oppskrifta.


Eg har strikka underskjørtet litt kortare enn det som er oppgitt i oppskrifta (2 mønsterrapportar + 12 omg. rett). Når det kjem til felling på skjølve skjørtet har eg valt å felle 2 masker kvar fjerde omgang, totalt 12 gongar, midt bak.


Snora i skjørtet er laga ved hjelp av i-cord. Den mest geniale teknikken nokon sinne. Eg har tidlegare anten hekla eller tvinna snorene, men den tida er det definitivt slutt på no. Eg synast at  i-cord snorene vert mykje finare. Eit stort pluss for at dei er superenkle å lage, i tillegg til at dei er veldig lette å knyte.


Oppskrift på hekla blomst kan du finne herTips; Fest pynten med ei sikkerhetsnål. Då kan den lett takast av eller byttast ut, og skjørtet kan dermed nyttast til andre anledningar :)

10. mai 2014

17.mai skjørt

Eg har begynt på mitt fjerde skjørt, denne gongen i skikkelige 17. mai fargar;


For meir informasjon om skjørtet og framgangsmåte kan du trykke her.

5. mai 2014

Bestemorrute med blomst

Eg prøver meg litt fram med heklenåla for ein gangs skuld. Det er diverre ikkje så ofte den er i bruk, og no var det lenge sidan sist. Første rute, med blomst, er vel gjennomført - og eg kan ikkje sei stort anna enn at eg likar det :)


Bestemorruta er hekla med Viking Babyull på heklenål 2,0 mm. Litt liten, men veldig søt. No er det vel i grunn berre å fortsette til ein har mange nok ruter tilsvarande eit heilt vognteppe, eller liknande, om ikkje ein finn noko smart den kan brukast til.

1. mai 2014

Dobbelt opp!

Endå eit lite skjørt med "underskjørt" har sett dagens lys. Desse var jo berre superenkle å lage. Utan tvil eit kjekt, lite prosjekt - med eit nydeleg resultat. Det vert garantert fleire av desse i tida framover.


Denne gongen falt valget på ein nydeleg gråfarge, og også dette skjørtet er strikka i størrelse 2-4 år. For meir informasjon om skjørta og framgangsmåte kan du trykke her.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...