15. juni 2014

Framgang gjesterom

Då har endeleg gjesterommet fått ein heilt ny utsjånad og jobben med å pusse opp dette rommet nærmar seg slutten. No er det i grunn berre litt småtteri som gjenstår før vi kan sei oss ferdig.

ROMMET FØR;
// Bilete ovanfor er henta i frå prospektet/salsannonsa som låg ute på finn.no, og her kan ein sjå korleis dette rommet såg ut i det vi kjøpte huset.

ROMMET UNDERVEGS;
// Det går framover; Veggar, tak og golv er reve. Nytt og mindre vindauge er blitt sett inn.

// Golvet vert lagt og vi har valt å leggje varmekablar, eller såkalla varmefolie, under. Igjen fall valet på Pergo Laminat Domestic grå eik 3-stav - det same golvet som vi tidlegare la på vårt eige soverom. Love it!

ROMMET NESTEN FERDIG;
// Oppussinga nærmar seg endeleg slutten. Vi har valt å leggje gips på tre av veggane og smartpanel på den siste. Kontrastveggen har vi malt i Lady Pure Color Supermatt, i fargen 0553 Ascott.

Det einaste som står igjen no er å få på plass golv- og hjørnelister. Samt lister rundt ny dør. Så er det berre å begynne med å få på plass seng, nytt klesskap, gardiner, osv. Eg klarar nesten ikkje å vente. 
Det er jo i grunn denne delen som er den kjekkaste.

9. juni 2014

Vel overstått bursdag

Då var gårsdagens feiring av sambuaren og far hans vel overstått for denne gong. Vi har verkeleg kost oss med fint besøk, grilmat, friske bær, is og kaker. Ein fin dag, med andre ord 


// Sjokolademuffins med glasur - dei nydelege muffinsformene kan kjøpast her.


// Pavlovakake med ferske bringebær, jordbær og kiwi.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...