28. desember 2015

God jul!

Den siste tida har bloggen verkeleg blitt nedprioritert, men med god grunn. Eg har nemleg blitt mamma. Den 15.12.2015 kl. 13.00 kom vesle guten vår til verda, og med sine 4120 gram og 51 cm var han heilt perfekt ♡ Vi er lukkelege og kosar oss med tidenes beste julegåve.



Vil med dette ynskje dykk alle ei fortsatt god jul!

4. desember 2015

Sogn og Fjordane

Er det noko eg lenge har leita etter, i lang tid, så er det songen om vårt eige fylke. Songen om Sogn og Fjordane. Eg har googla i det vide og det breie for å sjå om ikkje songen har vore lagt ut ein eller annan stad på det o så store internett, men til inga nytte. Det einaste eg har funne på min veg er sjølve teksten.

Så du kan tru det var nokon som vart glad når songen plutseleg dukka opp i kabareten til Ottar Wik, "Rundballeri hurra!", og deretter vart lagt ut på nrk.no sine sider. Denne songen har vi sunge mang ein gong i barndommen. Mannen bak melodien, Kåre Sandvik, var ingen ringare enn musikklæraren vår på barneskulen i si tid. Så no må eg altså leggje den ut her på bloggen, slik at eg har den i arkivet mitt :)

Nedanfor finn du songen, her framført av solist Einar Bolstad.

Sogn og Fjordane-songen
Vi har fått fleire spørsmål om vi kan legge ut Sogn og Fjordane-songen frå Ottar Wiik-framsyninga i helga. Det vil vi sjølvsagt gjere! Så her får du songen med Einar Bolstad som solist! Heile konserten ser du på www.nrk.no/sf
Posted by NRK Sogn og Fjordane on 30. november 2015


Tekst;

Me har fossar som heng i ei snor, beint ned i verdas lengste fjord.
Me har holmar med fisk omkring og storm ved Stad.
Me har Jostedalsbreen som kalvar, dag og natt.
Me har saue og kyr på gras, fjordahestar som går på stas.
Og eple i eplehagen, til me får ilt i magen.

Ref;
Sogn og Fjordane, alle gode ting er tre.
Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.
Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Her bur folk frå brenning til bre, Selje, Solund og Sogndal er med.
Frå Bremanger og Balestrand, og Breim og Bru.
Og i Fjaler, Førde og Fresvik vil me bu.
Me går oftaste kvar vår veg, med gummistøvlar og lange steg.
Og her står me små og store, synge i same koret.

Ref;
Sogn og Fjordane, alle gode ting er tre.
Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.
Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Me har vatn som går i tunnel, tvers gjennom verdas villaste fjell.
So kjem det att som kilowatt og smelta metall,
Og gjev lys i hytter og hus og Kongens hall.
Her har me faktisk det meste me treng, her har me vener og kjende i fleng.
Ja, her har me nok å gjera, her har me lyst å vera.

Ref;
Sogn og Fjordane, alle gode ting er tre.
Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.
Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...