Viser innlegg med etiketten Familie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Familie. Vis alle innlegg

18. mai 2016

17. Mai

Håpar dykk alle hadde ei fin feiring av nasjonaldagen i går.  Sjølv var vi heime i Dale og feira Liam sin fyrste 17. mai saman med besta (mamma`n min). Vi hadde ein fin dag. Veirgudane var heldigvis med oss, og det var stort sett opplett heile dagen, sett vekk i frå ei lita regnskur tidleg på morgonkvisten.


Sjølv om Liam berre er 5 månadar synast eg at det alt no er viktig å skape eigne tradisjonar og gode barndomsminner. Vi starta dagen med å sjå sendinga på nrk frå slottet og toget som passerte der, deretter gjorde vi oss klare og rusla så inn til sentrum for å vere med å gå i toget.


Liam storkoste seg i vogna si og han sov seg gjennom store delar av folketoget. Ei stolt besta hadde kjøpt ulike 17. mai-effektar til han. Så nydeleg der han ligg i bunaden sin (festdrakt frå NameIt). Finaste lille sjarmøren vår. Blid som ei sol og smiler som berre det til alle han ser. Vi avslutta dagen i idrettshallen med nydeleg mat i godt selskap. Ein fin dag å kunne sjå attende på.

13. september 2015

I magen bur det ein...

... liten prins 

I slutten av august var vi på 3D-ultralyd og det var ei fantastisk oppleving. Alt såg heilt perfekt ut med den vesle. Det var ingen teikn til sjukdommar eller misdannelsar. Vi var framleis veldig spente på om magebuaren ville syne seg fram denne gongen, slik at vi kunne få vite kjønnet. Og det gjekk strålande. Jordmor var ikkje i tvil, ikkje eitt sekund, og ho kunne dermed bekrefte at det er ein liten gut som gøymer seg inni magen min.


Så då bar det avgårde på shopping, litt blått måtte til. Ein liten prins - ein bitteliten prins - inni magen 

21. juni 2015

1+1=3

Det har vore dårleg med oppdateringar på bloggen den siste tida, så eg tenkte eg for ein gongs skuld skulle komme med eit lite livsteikn frå denne kanten :) Det har ikkje vore heilt stille utan grunn. Eg har nemleg vore konstant dårleg i 2 mnd. Heldigvis kjem det noko godt ut av det heile, og vi ventar ein liten skatt i begynnelsen av Desember 


Eg har vore heilt slått ut av hypermesis, eller ekstrem svangerskapskvalme som det heiter på godt norsk. Den siste tida har eg vore sjukemeld på grunn av kvalmen, og eg har hatt fleire turar inn og ut av sjukehuset for å få påfyll av veske.

Det har med andre ord våre nokon tøffe månadar. No ser eg fram til at kvalmen avtar, slik at eg kan begynne å nyte graviditeten i tida som kjem.

17. mai 2015

Til lukke med dagen!

Ynskjer dykk alle ein riktig fin 17. Mai :) Håpar dykk får ein fin dag.


Hipp, hipp...
...HURRA!

5. november 2014

Å jul med din glede...

... og barnlige lyst, vi ønsker deg alle velkommen ♪ ♫ ♪

Tida flyg og dagane rasar avgårde i ein forrykande fart. Nedtellinga fram mot jul har begynt for fullt her i huset og vi er allereie godt i gong med årets julegåver. 


Dei seinare åra har eg nemleg sett meg som mål å vere ferdig med julegåvene rundt 1. desember, noko som har fungert kjempe fint så langt. Og i år har vi verkeleg slått på stortromma - for no er det neimen ikkje mange gåvene som gjenstår. No skal eg kose meg med å pakke inn siste rest, for det er ikkje mykje som er betre enn å kunne slappe av og berre nyte julemånaden.

18. september 2014

Bursdagsfeiring

Dagane flyr forbi, og ei ny arbeidsveke er snart omme. Etter to travle veker med både reising og bursdagsfeiringar skal det no bli godt å kunne slappe heilt av i helga. I helga som var hadde vi storfint besøk og feira 30-års dagen med familie og vener. 

// På menyen stod blant anna heimelaga pizza og pastasalat

Vi har verkeleg kost oss med fint besøk, god mat, friske bær, cupcake`s og diverse kaker. 
Ein fin dag, med andre ord 

// Pavlovakake med ferske bringebær, jordbær og kiwi, ulike cupcakes og nydeleg osteiskake

Det er ikkje så aller verst å runde 30... I allefall ikkje når mannen i huset hadde bestemt seg for å overraske meg med ei reise til ein noko "hemmeleg" destinasjon. Eg hadde med andre ord ingen anelse om kvar vi skulle. Ikkje før vi svinga inn på parkeringa og Kiel-båten stod foran oss. Ei fantastisk oppleving og ein fin tur 

Og med fin familie, gode vener og flotte kollegaer har overgangen frå 29 til 30 gått smertefritt :)

8. september 2014

Happy 30!

Det er ikkje så aller verst å runde 30... I allefall ikkje når mannen i huset hadde bestemt seg for å overraske meg med ei reise til ein noko "hemmeleg" destinasjon. Eg hadde med andre ord ingen anelse om kvar vi skulle.

Tidleg laurdags morgon reiste vi avgårde og første stopp på turen var Gol Dyrepensjonat. Ein tipp topp stad for hundeferiering, perfekt plassert i flotte og landlege omgjevnadar. Her vart Lucy og Tassen overlevert i trygge hender, medan vi sette kursen vidare mot Oslo.

Image and video hosting by TinyPic

Vel framme i Oslo parkerte vi bilen og gjekk ombord i Color Magic. Med oppgradert lugar og 5-retters middag var det duka for eit fantastisk opphald - i to herlege døgn. Det vart også sett av litt tid til eit besøk i Kiel (Tyskland), medan skipet låg til kai.


Vi har kost oss med shopping, ein tur på båtens eiga spaavdeling, inntatt fleire nydelege måltid, med meir - ja, vi har rett og slett nytt kvarandres selskap.


Eit fantastisk avbrekk frå kvardagen og ikkje minst ein flott avslutning på tilværelsen som 29-åring :)
Tusen takk for ei fantastisk oppleving 

24. august 2014

Mini-skappel

"Ein kvar toåring treng ein mini-skappel..." 

Som sagt, så gjort! Eg fann fram eit par strikkepinnar og kort tid etter vart denne gensaren overlevert i bursdagsgåve til ein nydeleg liten kar 


Eg valgte å pynte gensaren med nokre gule detaljar. Hekla ein kant rundt halsen og det gjorde seg også med ein liten "L" for finaste Lukas.


Gensaren er strikka i Hexa-garn (100% alpakka), og pinne nr. 5,0 mm. Eg har stort sett fulgt oppskrifta på "Sophia`s skappel-genser", men har lagt inn eit par justeringar undervegs :)


Strålande fornøgd med resultatet er eg i allefall, så no er eg nok berre fint nøydd til å hive meg rundt og få ferdigstillt ein slik gensar til meg sjølv også.

Forsatt fin søndag til deg!

9. august 2014

Ferietid!

Vi tillbringar delar av ferien vår heime i Dale, heimplassen min. Her nyt vi dagane og kosar oss som best vi kan, saman med papsen. Det er alltid godt å ha han heime ♡ Lucy og Tassen kosar seg óg.

// Dale i Sunnfjord

Vi har ingen store planar for dagen, men eg kunne tenkt meg ein tur ut til Lammetun/Korssundet for ein liten fjelltur vidare opp til Einingsfjellet.

9. juni 2014

Vel overstått bursdag

Då var gårsdagens feiring av sambuaren og far hans vel overstått for denne gong. Vi har verkeleg kost oss med fint besøk, grilmat, friske bær, is og kaker. Ein fin dag, med andre ord 


// Sjokolademuffins med glasur - dei nydelege muffinsformene kan kjøpast her.


// Pavlovakake med ferske bringebær, jordbær og kiwi.

16. april 2014

God Påske!

PÅSKEFERIE :)


Påskeferien nærmar seg no for dei aller fleste av oss, og for mange er det siste arbeidsdag i dag, før påskeferien står for tur. Kanskje er også du ein av dei heldige som allereie har tatt ferie?


Sjølv tok vi påskefri allereie på torsdag som var og vi har så langt tilbragt litt kvalitetstid saman med papsen 


Vi har kost oss maks så langt denne påska, og i kveld bærer det avgårde på Egon (utan tvil min store favoritt), saman med mannen, den eine favoritt-tanta mi og eit syskenborn eller to.
Kos.


Eg vil med dette ynskje dykk alle ei riktig god påske!


Q; Har du nokon spesielle planar for påska?

10. februar 2014

Søndag 09.02.2014

I går var ein fin dag! Vi har nemleg tilbragt dei siste dagane heime i Dale, og ut på ettermiddagen var vi på besøk hos mamma ein tur. Med pakke og det heile. Ho fortjenar nemleg litt ekstra merksemd på ein slik dag 

Litt tidlegare på dagen tok vi oss ein tur ut - sjølvsagt med fotoapparatet på slep.







Om litt set vi kursen mot Førde. Ein snartur innom sjukehuset, før vi vender nasa heimover igjen. Endå ei visdomstann skal opererast ut - og eg gledar meg stort til å bli kvitt dette svineriet :)

9. februar 2014

Morsdag!

Til mamma!
Da mødre ble til
var tanken ganske klar.
For mødre har noe i seg
som ingen andre har.
De øser av sin omsorg
og deler alt de vet.
De viser deg at livet
er håp og kjærlighet.
Derfor har vi mødre
og dersom du spør meg.
Den beste mor i verden
det er nettopp DEG! 
Gratulerar med morsdagen, mamma 
- og alle andre mødre!

31. desember 2013

Happy New Year!

Eg vil med dette ynskje dykk alle ei riktig så fin nyttårsfeiring. Eg håpar dykk alle har hatt eit fint år,
og ynskjer dykk alt godt i 2014!


Nyt resten av årets siste kveld - og ta vare på kvarandre ♡ 

24. desember 2013

Riktig god jul!

Vi vil ynskje alle våra lesarar ei riktig god jul! Håpar dykk får ei fin julefeiring saman med vener og famililie. Ta vare på alle dei du er glad i, og ikkje gløym kva jula eigentleg dreiar seg om, nemleg kjærleik 


Minnar om at det er ekstra viktig å ta vare på dei som ikkje har det så bra på denne tida av året - det er diverre så alt for mange som av ulike årsakar opplev jula som ei ekstra vanskeleg tid 

10. november 2013

Farsdag


Til pappa!
Da fedre ble til
var tanken ganske klar.
For fedre har noe i seg
som ingen andre har.
De øser av sin omsorg
og deler alt de vet.
De viser deg at livet
er håp og kjærlighet.
Derfor har vi fedre
og dersom du spør meg.
Den beste far i verden
det er nettopp DEG!
(Ukjent forfatter)

Gratulerar med farsdagen, pappa  - og alle andre fedre!

6. september 2013

Happy Birthday!

I dag starta eg dagen min med ein deilig frukost - saman med fine folk  Dei siste par dagane har vi nemleg hatt tanta og onkelen min på besøk - utruleg kjekt. I går kveld toppa vi det heile med ei fantastisk oppleving då vi tok turen på Øystein Sunde Show. Snakk om flott opptreden - for ein mann!


No er det snart tid for litt god mat og eg skal nyte resten av kvelden saman med min kjære 

4. august 2013

Ferietid!

Vi tilbringer delar av ferien vår heime i Dale, heimplassen min. Her nyt vi dagane og kosar oss stort, saman med papsen. Det er godt å ha han heime for ei stund ♡ Lucy og Tassen kosar seg óg. Mykje av tida her vert brukt til oppussing og vedlikehald av barndomsheimen min, samt tilhøyrande uteområde - skal sei det vert fint.


Dagen i dag, for min del, skal brukast til litt rydding og vasking av kle - ikkje det kjekkaste ein kan finne på, men det er vel slikt som må gjerast :)

Q; Kva brukar du denne søndagen til?

30. mars 2013

Påskeafta

Etter å ha vore på farten store delar av påska ser vi no fram til å nyte dei aller siste feriedagane her heime. Det er godt å få roe ned litt før kvardagens plikter kallar. Påskeveiret er upåklageleg og sola strålar frå ein skyfri himmel - stort betre kan det ikkje bli. Det er i alle fall ingen tvil om at denne vesle karen har store planar om å slappe av og nyte livet - gullguten til mammaen sin 


Q; Har dykk det fint?
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...