18. mai 2016

17. Mai

Håpar dykk alle hadde ei fin feiring av nasjonaldagen i går.  Sjølv var vi heime i Dale og feira Liam sin fyrste 17. mai saman med besta (mamma`n min). Vi hadde ein fin dag. Veirgudane var heldigvis med oss, og det var stort sett opplett heile dagen, sett vekk i frå ei lita regnskur tidleg på morgonkvisten.


Sjølv om Liam berre er 5 månadar synast eg at det alt no er viktig å skape eigne tradisjonar og gode barndomsminner. Vi starta dagen med å sjå sendinga på nrk frå slottet og toget som passerte der, deretter gjorde vi oss klare og rusla så inn til sentrum for å vere med å gå i toget.


Liam storkoste seg i vogna si og han sov seg gjennom store delar av folketoget. Ei stolt besta hadde kjøpt ulike 17. mai-effektar til han. Så nydeleg der han ligg i bunaden sin (festdrakt frå NameIt). Finaste lille sjarmøren vår. Blid som ei sol og smiler som berre det til alle han ser. Vi avslutta dagen i idrettshallen med nydeleg mat i godt selskap. Ein fin dag å kunne sjå attende på.

23. februar 2016

Yndlingsknippet

I dag dukka det opp ein pakke i posten som eg har venta på i spenning. Det er jo aldri feil med pakkar i posten, men denne gongen venta eg på noko heilt spesielt! Nemleg dåpsgåva til Liam frå oss. Berre sjå på innpakninga som møter deg når du opnar pakken, så gjennomført, frå ende til annan.

Har du sett noko så nydeleg?


Då eg kom over sida til Ingrid, som er gründer av det norske merket Yndling, var eg ikkje lenger i tvil om kva vi skulle gje til småen i dåpsgåve. Ingrid har nemleg designa den perfekte gåva for små og søte barnehender.


Yndlingsknippet er barnets nøkkelknippe, eit eige knippe med nøklar av sølv. Ei gåve som gjev ein mulegheit til sjølv å velge kva slags verdiar og eigenskapar ein ynskjer for det vesle barnet. Det finnast i alt 10 forskjellege nøklar, i ulike størrelsar og design, kvar og ein med si eiga unike betydning.


Nydelege nøklar med plass til gravering, her inngravert med navn og dåpsdato. Ser fram til at Liam kan ta dei i bruk når dåpsdagen er her. Har stor tru på at den vert ein klar favoritt og ein ting han får mykje glede av i tida som kjem. Ei meiningsfull gåve, som har både bruks- og affeksjonsverdi 

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...