Viser innlegg med etiketten iHerb. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten iHerb. Vis alle innlegg

30. august 2012

Pakke i posten; Physicians Formula

Eg har hatt meg ei runde på iHerb.com, og for litt sidan fekk eg pakken i posten. Pakken inneheldt blant anna ein blush i frå Physicians Formula, i fargen "Rose". Det fyrste som fanga merksemda mi var utsjånaden; utruleg søt, med hjarter og det heile. Nydeleg! I tillegg får den eit stort pluss i boka fordi merket er dyrevenleg :)


Blushen har blitt ein stor favoritt her i hus. Dersom du løftar opp sjølve blushen vil du finne eit rom med ein liten børste, samt eit speil, under denne. Veldig praktisk dersom ein er på farten. Elles må det også nemnast at blushen er heilt fri for parabener.


Q; Har du prøvd noko i frå merket Physicians Formula før?

Bruk gjerne rabattkoden ESU567 når du handlar hjå iHerb.com, då får du inntil $10 i rabatt på di fyrste bestilling som ny kunde. Og dykk, hugs å halde dykk under 200,-, då slepp ein nemleg toll på varene :)

9. juli 2011

iHerb-favorittar!

Eg finn stadig nye favorittar på iHerb.com som eg gjerne vil dele med dykk, slik at dykk kanskje kan ha same gleda av dei som eg har :)


Denne herlege sukkerskrubben er til å ete opp. Bokstaveleg talt! Det er i allefall ikkje så langt i frå. Skrubben er nemleg laga av knuste kakaobønner og sukker. Den verkar varmande på kroppen og har ei fantastisk lukt av sjokolade. Eller, brownies er vel kanskje det rette ordet. Sukkerskrubben finn du her.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...