Viser innlegg med etiketten Tips. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tips. Vis alle innlegg

23. februar 2016

Yndlingsknippet

I dag dukka det opp ein pakke i posten som eg har venta på i spenning. Det er jo aldri feil med pakkar i posten, men denne gongen venta eg på noko heilt spesielt! Nemleg dåpsgåva til Liam frå oss. Berre sjå på innpakninga som møter deg når du opnar pakken, så gjennomført, frå ende til annan.

Har du sett noko så nydeleg?


Då eg kom over sida til Ingrid, som er gründer av det norske merket Yndling, var eg ikkje lenger i tvil om kva vi skulle gje til småen i dåpsgåve. Ingrid har nemleg designa den perfekte gåva for små og søte barnehender.


Yndlingsknippet er barnets nøkkelknippe, eit eige knippe med nøklar av sølv. Ei gåve som gjev ein mulegheit til sjølv å velge kva slags verdiar og eigenskapar ein ynskjer for det vesle barnet. Det finnast i alt 10 forskjellege nøklar, i ulike størrelsar og design, kvar og ein med si eiga unike betydning.


Nydelege nøklar med plass til gravering, her inngravert med navn og dåpsdato. Ser fram til at Liam kan ta dei i bruk når dåpsdagen er her. Har stor tru på at den vert ein klar favoritt og ein ting han får mykje glede av i tida som kjem. Ei meiningsfull gåve, som har både bruks- og affeksjonsverdi 

4. desember 2015

Sogn og Fjordane

Er det noko eg lenge har leita etter, i lang tid, så er det songen om vårt eige fylke. Songen om Sogn og Fjordane. Eg har googla i det vide og det breie for å sjå om ikkje songen har vore lagt ut ein eller annan stad på det o så store internett, men til inga nytte. Det einaste eg har funne på min veg er sjølve teksten.

Så du kan tru det var nokon som vart glad når songen plutseleg dukka opp i kabareten til Ottar Wik, "Rundballeri hurra!", og deretter vart lagt ut på nrk.no sine sider. Denne songen har vi sunge mang ein gong i barndommen. Mannen bak melodien, Kåre Sandvik, var ingen ringare enn musikklæraren vår på barneskulen i si tid. Så no må eg altså leggje den ut her på bloggen, slik at eg har den i arkivet mitt :)

Nedanfor finn du songen, her framført av solist Einar Bolstad.

Sogn og Fjordane-songen
Vi har fått fleire spørsmål om vi kan legge ut Sogn og Fjordane-songen frå Ottar Wiik-framsyninga i helga. Det vil vi sjølvsagt gjere! Så her får du songen med Einar Bolstad som solist! Heile konserten ser du på www.nrk.no/sf
Posted by NRK Sogn og Fjordane on 30. november 2015


Tekst;

Me har fossar som heng i ei snor, beint ned i verdas lengste fjord.
Me har holmar med fisk omkring og storm ved Stad.
Me har Jostedalsbreen som kalvar, dag og natt.
Me har saue og kyr på gras, fjordahestar som går på stas.
Og eple i eplehagen, til me får ilt i magen.

Ref;
Sogn og Fjordane, alle gode ting er tre.
Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.
Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Her bur folk frå brenning til bre, Selje, Solund og Sogndal er med.
Frå Bremanger og Balestrand, og Breim og Bru.
Og i Fjaler, Førde og Fresvik vil me bu.
Me går oftaste kvar vår veg, med gummistøvlar og lange steg.
Og her står me små og store, synge i same koret.

Ref;
Sogn og Fjordane, alle gode ting er tre.
Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.
Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Me har vatn som går i tunnel, tvers gjennom verdas villaste fjell.
So kjem det att som kilowatt og smelta metall,
Og gjev lys i hytter og hus og Kongens hall.
Her har me faktisk det meste me treng, her har me vener og kjende i fleng.
Ja, her har me nok å gjera, her har me lyst å vera.

Ref;
Sogn og Fjordane, alle gode ting er tre.
Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.
Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

26. november 2015

Babynest

For litt sidan kom eg over denne brukaren på Instagram, og det tok ikkje mange sekundane før eg var solgt. Denne dama lagar og syr dei finaste ting til våre søte små. Fort gjort var det også - og det tok ikkje lange stunda før dette babynestet i frå @mimmimona var komme i hus. Har du sett noko så nydeleg?



Eg kunne i allefall ikkje vore meir fornøgd. Det aller meste av babyutstyr er no på plass, og vi er klare til å møte lillemann ♡ 



Ovanfor ser du nærbilete av motivet, med bamsefigur og teksten "gullet vårt". Alldeles nydeleg.

4. april 2015

Sulebu, 1330 moh.

I dag spente vi skia fast. Skituren gjekk i frå Tyinkrysset og vidare inn til Sulebu, 1330 moh. Det vart ein fantastisk tur, i strålande solskinn, og vi tilbakela omlag 20,5 km.


Det er ingen sak med nypreparerte løyper og god gli.


Ein liten pust i bakken...


Nydeleg utsikt så langt auget kan sjå. Fjellet badar i sol. Ingen grunn til å klage.


Vel framme på Sulebu! På biletet ovanfor ser du hytta til Den Norske Turistforening, 1330 moh. Utan tvil ein flott tur som kan anbefalast på det varmaste.

26. desember 2014

ebay-tips #3

Er du like glad i å reise som meg? I så fall må eg berre få lov til å tipse om denne nydelege og praktiske saken. For ei tid tilbake bestillte eg meg nemleg nokre passlommer i frå ebay. Heilt geniale. Med desse lommane er det ikkje lenger vanskeleg å sjå kven av oss passa tilhøyrer :)


Lommane er både fine og praktiske. I tillegg til å beskytte sjølve passet, har dei óg plass til billettar og andre nødvendigheiter. Nydelege, ikkje sant? Og prisen? Rundt ein tiar (inkludert frakt) :)
Dykk finn dei her.

30. november 2014

Konkurranse; Vinn personlig almanakk!

//Konkurranse i samarbeid med personligalmanakk.com

I dag er det første søndag i advent og i samarbeid med personligalmanakk har eg gleda av å
dele ut ein valfri almanakk til ein av mine fantastiske lesarar. Dette er den perfekte gåva, til deg sjølv, eller nokon du er glad i  Inne på sidene deira kan du designe din eigen, heilt personlege almanakk. Du kan velge størrelse, fargar og innhald heilt sjølv, nett slik du ynskjer det. Betre kan det vel ikkje bli?


Ellers vil eg tipse om at du finn personligalmanakk både på facebookinstagram og på snapchat @pers_almanakk. Følg dei gjerne for å få tilgong på ulike tilbod og kampanjer, samt mykje flott inspirasjon. Nedanfor ser du bilete av min personlege almanakk for året som snart er forbi;
For å delta;
Det einaste du treng å gjere for å vere med i trekninga av din eigen personlege almanakk er å leggje igjen ein hyggjeleg kommentar i kommentarfeltet nedanfor.

Premien er sponsa av;

Konkurransen vert avslutta søndag 7. desember.
Lykke til!

2. november 2014

Halsar i fleng...

Eg har den siste tida strikka til saman fire halsar i ulike fargar og variantar. Eg fekk nemleg ei bestilling av ein god kollega som ønska seg ein heimelaga hals. Så no er det berre å velge og vrake. Dei resterande halsane havnar nok rett i gåvekassa. Det er jo tross alt ikkje lenge igjen til jul.


Neste prosjekt ut er også eit bestillingsverk - denne gongen ein liten Skappelgensar 

20. september 2014

Nye strikkebøker

// Annonselenkjer
Strikk er i vinden som aldri før. No som hausten er kommen og strikkesesongen trår til for fullt, står strikkebøkene i kø for å bli utgitt. Så denne hausten har eg sikra meg fleire godbitar til samlinga mi, blant anna "Strikk til mamma og mini", "Strikk meir til nøstebarn" og "Skappelstrikk". Bøkene inneheld utruleg mange flotte oppskrifter. Eg ser fram til å kunne sette meg ned med strikkepinnane og ein kopp med te, spesielt no som det vert kaldare og mørket begynner å senke seg utanfor på kveldstid.


I tillegg til dei tre bøkene ovanfor har eg óg kjøpt bøkene "Håndarbeid fra hagen" av Arne & Carlos og "Strikk til smårollinger". Første prosjekt ut er Arne & Carlos si Hagemus. Har nett begynt på eit eksemplar av Magnus Hagemus i grått og tenkte at han etterkvart også skulle få eit sett med passande klede.


Tips; Boka "Håndarbeid fra hagen" av Arne & Carlos er no på tilbod og kan blant anna kjøpast her :)

15. april 2014

Buzzador

Er du i alderen 15-18 år, eller er du nyleg blitt mamma? Bloggar du? Kanskje har du ei brennande interesse for skjønnheit eller matlaging? I så fall - kunne du tenkje deg å bli ein Buzzador

Buzzador søkjer nemleg i denne augneblinken blant anna etter personar som er født i tidsrommet 1996-1999, personar som har interesse for mat eller skjønnheit, bloggarar eller mammaer, og som kunne tenkje seg å teste ut nye og spanande produkt.

Kort fortalt handlar det å vere Buzzador om at ein får tilbod om å tests ut ulike produkt og tjenestar. Tanken er at ein som Buzzador skal prøve ut, evaluere, samt vidareformidle informasjon og meiningar kring dei ulike produkta. Og det beste av alt; det er gratis!
// Nokre eksempel på tidlegare kampanjar hjå buzzador.no.

Nokre av kampanjane eg sjølv har delteke i;
✔ Sommerpakke frå OBH Nordica
✔ Oral-B TriZone 5000
✔ LoveFilm

24. november 2013

Nettshopping; Få pengar for å handle!

Visste du at det er muleg å få attende pengar for å handle på nettet? Det er heilt sant! Dersom du er like glad i å shoppe som meg, vil du nok elske denne tjenesta; KickBack! Når du handlar via KickBack får du nemleg attende ein viss prosent av kjøpesummen.

KickBack har avtalar med mange kjende butikkar, og du vil finne butikkar som blivakker.no, haugenbok.no, ellos.no og nelly.com, berre for å nevne nokre. Du handlar som normalt, og kjøpet vil automatisk bli registrert på kickback-profilen din.

Når ein så har samla opp nok "kickback-pengar" kan ein løyse dei inn i mange forskjellege gåvekort. Kva med eit SpendOn gåvekort frå VISA, som du kan bruke til det du måtte ynskje? Genialt! For meir informasjon om KickBack, trykk her.



// Innlegget inneheld affilatelenkjer

22. august 2013

OPI My Very First Knockwurst!

OPI er eit av mine absolutte favorittmerker innan neglelakkar, og eg tenkte difor at eg i dag skulle syne dykk tre av mine favorittprodukt gjennom denne sumaren. 

// My very first knockwurst // Pink yet lavender // Top Coat

Eit lite tips kan vere å kombinere to ulike neglelakkar. Gjerne ein eigen farge på ringfingeren, eller ein glitterlakk over sjølve neglelakken. Sjølv er eg blitt veldig glad i fargen my very first knockwurst, ein farge som passar perfekt i kombinasjon med glitterlakken pink yet lavender. Delikat og enkelt, og resultatet blir jo berre så fint 

Q; Har du ein favoritt neglelakk?

29. juni 2013

Strikk eigne kjøkkenklutar!

Etter at eg strikka min første kjøkkenklut for nærmare 10 år sidan - så var det gjort. Eg har ikkje tal på kor mange klutar eg har strikka sidan den gong, men at eg har vore sjølvforsynt med kjøkkenklutar sidan, det rådar det nok ingen tvil om. Heilt klart dei beste kjøkkenklutane!


Oppskrift; Eg legg opp 3 masker og aukar deretter i nest siste maske på kvar pinne til omtrent halve nøstet er brukt opp. Deretter fell eg ved å strikke dei to nest siste maskene saman på kvar pinne til det gjenstår 3 masker på pinnen. Avsluttar så med å lage hempe på kjøkkenkluten ved hjelp av i-cord snor. For éin teknikk!

Kjøkkenklutar er superenkelt å strikke. I tillegg er det eit kjekt lite strikketøy å ty til framfor tv-skjermen. Freshe fargar etter eige ynskjer, og garn som kan vaskast på 60 grader. Betre kan det vel ikkje bli? Og dersom ein gjere litt ekstra ut av det og lagar eit mageband til klutane fungerar dei også perfekt som gåver :)

18. juni 2013

ebay-tips #2

Her om dagen mottok eg ein liten pakke. Dette er berre éin av mange pakkar som har dumpa ned i postkassa mi den siste tida. Eg elskar å få pakke i posten, og til tross for at det er eg sjølv som har bestillt pakken så er det alltid like spanande når den dukkar opp. Inni pakken låg eit av dei søtaste mobildeksela du kan tenkje deg;


Søt, ikkje sant? Og prisen? Heile 9,62 kroner, inkludert frakt :D Amazing! Annonsa kan du finne her.

5. juni 2013

ebay-tips #1

Eg bestillte meg eg eit "klistermerke" til  å ha på mac`en min for fire, små dagar sidan - og allereie i dag dumpa denne herlege sjarmøren ned i postkassa mi :)  Fine Stitch  Sjå så fin den vart!


Klistermerket er avtagbart (vinyl) og er bestillt via ebay.com. Du kan finne meir informasjon om den vesle krabaten her :)

14. april 2013

Wishlist!

Øverst på ønskelista mi står i augneblinken dette så alldeles nydelege sengeteppet i frå Ellos.

Eit fantastisk sengeteppe med mange fine stjerner på  I tillegg har sengeteppet ein gråfarge som sklir rett inn på soverommet vårt. 

Og kva med prisen? Joda, under 500-lappen. Me like!

Sengeteppet kan brukast på begge sider - anten ein ynskjer å ha det grått med kvite stjerner, eller dersom ein heller kunne tenkje seg å ha det kvitt med grå stjerner i stadenfor 

Ynskjer du meir informasjon om sengeteppet kan du trykkje her.

Dette sengeteppet er eg nok berre fint nøydt til å klikke meg heim, så snart som råd er. Det var jo berre så lekkert og så delikat - med "matchande" pynteputer og det heile :)


I`m so in love 


//Annonselenkjer

10. mars 2013

DIY; Påskepynt!

Eg er lite flink til å bruke opp garnrestar, men ettersom at påska nærma seg med stormskritt fann eg ut eg eg skulle bruke opp nokre av restane til litt påskeførebuingar. Valet falt på eggevarmarar. Eit fint lite prosjekt. Det er jo så kjekt å prøve sjølv - lite som er meir stas enn noko som er heimelaga :)


Framgongsmåte; Legg opp 32 masker på 4 strømpepinnar, 2,5 mm, og strikk 4 pinnar med rillestrikk. Fortsett med glattstrikk, samt striper, til ein har 4-6 striper. Alt etter kor lang du ynkjer å ha hua. Hald fram med striper, men fell så i dei to nest siste maskene på kvar pinne, ved å strikke dei saman, annankvar omgang til det gjenstår tre masker. Eg avslutta med i-cord teknikk og pynta med ein liten dusk i enden. Så søt! Perfekt til å pynte påskebordet :)

2. februar 2013

Storsjarmøren Tassen!

Har du sett noko meir sjarmerande?


Den vesle tassen på biletet ovanfor er berre éin av mange sjarmørar i Tassen-serien, produsert av FiftyEight Products. Denne skåla er alldeles nydeleg og kan brukast til så mangt. Enten du vel å ha blomster i den slik som meg, eller kanskje noko søtt og godt, sjarmerar den deg i senk. Serien består av fleire ulike produkt, alt i frå eggeglas til tekanner, alle med ei rekkje festlege ansiktsutrykk 

26. januar 2013

Tips; Morsdagsgåve!

Har du sett noko så nydeleg? Dette nydelege armbandet er laga av Fortryllande - by Charlotte, ei side som utan tvil er verdt eit besøk. Charlotte, jenta bak, lagar dei finaste ting  Eg fallt i allefall pladask for desse armbanda og var fint nøydd å bestille det som ein del av årets morsdagspresang :)

Eit mammasmykke, eller mamma-armband/øyredobbar er eit smykke som symboliserar antal barn ein har. Barna på smykket kan lagast som englar, figurar, perler, stjerner, hjarte, med meir. For meir informasjon om mammasmykker - trykk her.

19. november 2012

Apple - tips og triks!

Her kjem eg til å lage meg ei liste med nyttige tips og snarvegar ved bruk av Mac. Veldig kjekt med ei slik oversikt - kanskje du óg vil dra nytte av den :)
cmd+aMerk alt
cmd+cKopier
cmd+vLim inn
cmd+oOpne
cmd+sLagre
cmd+nNy
cmd+pSkriv ut
cmd+spaceOpne Spotlight
cmd+shift+3Skjermbilete; Full skjerm
cmd+shift+4Skjermbilete; Utvalt område
cmd+alt+escTilsvarar ctrl+alt+del
alt+shift+8{
alt+shift+9}

Lista vil verte oppdatert fortløpande. Har du ein hurtigtast du trur eg eller andre kan dra nytte av, ja då er du sjølvsagt velkommen til å leggje igjen ein kommentar :)

4. november 2012

Vaskehjelp?

Kunne du tenkje deg vaskehjelp? Det kunne absolutt vi, så for ei tid tilbake bestemte vi oss for å investere i ein robotstøvsugar. Det var langt i frå noko bomkjøp. Robotstøvsugaren er nemleg eit genialt hjelpemiddel i ein ellers så hektisk kvardag, i allefall fos oss som har to firbeinte i hus. Dei produserar meir hår i løpet av eit døgn enn kva ein skulle tru var mogeleg. Flygande hårdottar er heldigvis ikkje lenger eit like stort problem! Kort tid etter at vi har gått i seng startar nemleg robotstøvsugaren på kveldsskiftet sitt, då får han mulegheit til å jobbe i fred utan at han forstyrrar nokon. Og resultatet? Utan å løfte ein finger har pelsdottane på mirakuløst vis forsvunne over natta :) Her er eit bilete av vår kjære medhjelpar, Samsung Navibot;

No kan vi leggje oss med god samvittighet, medan støvsugaren får gjere det han likar aller best; nemleg å utføre drittjobben for oss :D Vinn, vinn situasjon; Genialt, med andre ord. Robotstøvsugaren kan kjøpast her.

//Annonselenkjer
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...