Viser innlegg med etiketten Gjesterom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gjesterom. Vis alle innlegg

15. juni 2014

Framgang gjesterom

Då har endeleg gjesterommet fått ein heilt ny utsjånad og jobben med å pusse opp dette rommet nærmar seg slutten. No er det i grunn berre litt småtteri som gjenstår før vi kan sei oss ferdig.

ROMMET FØR;
// Bilete ovanfor er henta i frå prospektet/salsannonsa som låg ute på finn.no, og her kan ein sjå korleis dette rommet såg ut i det vi kjøpte huset.

ROMMET UNDERVEGS;
// Det går framover; Veggar, tak og golv er reve. Nytt og mindre vindauge er blitt sett inn.

// Golvet vert lagt og vi har valt å leggje varmekablar, eller såkalla varmefolie, under. Igjen fall valet på Pergo Laminat Domestic grå eik 3-stav - det same golvet som vi tidlegare la på vårt eige soverom. Love it!

ROMMET NESTEN FERDIG;
// Oppussinga nærmar seg endeleg slutten. Vi har valt å leggje gips på tre av veggane og smartpanel på den siste. Kontrastveggen har vi malt i Lady Pure Color Supermatt, i fargen 0553 Ascott.

Det einaste som står igjen no er å få på plass golv- og hjørnelister. Samt lister rundt ny dør. Så er det berre å begynne med å få på plass seng, nytt klesskap, gardiner, osv. Eg klarar nesten ikkje å vente. 
Det er jo i grunn denne delen som er den kjekkaste.

6. april 2014

Oppussing + Innkjøp

God søndag!

Skal sei tida flyg. Dagane rasar avgårde, og før ein veit ordet av det er endå ei helg forbi. Vi har brukt store delar av helga til husvask og oppussing av gjesterom. Mannen er i full gong med å rive alt som er på gjesterommet. Alt skal vekk! Tak, vegger, dør, golv, osv. Vindauge har vi allereie bytta.

Eg gledar meg til vi er ferdig. Det skal verte så godt å få bytta ut den mørke panelen som var her, med lyse og fine veggar. Vi har bestemt oss for å male den eine veggen i ein kontrastfarge, nærmare bestemt ein gråtone, så eg er veldig spent på resultatet.


Ellers har eg bestillt meg litt nytt til kjøkkenet. No som både våren og sommaren står for tur, er det kjekt med litt nytt. I går dukka det opp ein herleg pakke med ulike delar av serviset Songvaar. Dette nydelege porselensetkruset med roser, i ulike blåtonar, er utan tvil min største favoritt - får skikkeleg vårfølelse. Bestillt frå Bua Dekor.


No skal pizzadeiga settast, så er det duka for god kveldsmat og tv resten av kvelden :)
Fortsatt god helg!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...