Viser innlegg med etiketten Hekling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hekling. Vis alle innlegg

22. februar 2015

Nancykofte

For tida rådar det stor koftefeber i strikkeverda. Både på facebook og ulike bloggar rundt om i det ganske land vert det synt fram kofter i fleng. Blant desse finn du den nydelege Nancy-kofta med rundt bærestykke. Denne kofta er alldeles nydeleg og den måtte berre bli mi.















Jakka finn du i heftet "Tema 35; Norske ikoner" frå Sandnes Garn, og den er strikka i Mini Alpakka. Pinne nr. 2,5 mm og 3,0 mm.






















Elles valde eg å hekle to rader langs oppklippsmaskene, i stadenfor å sy, for så å klippe mellom desse. Tommel opp!





















Og så var det dette med montering. Kan tru eg var spent! Dette er nemleg første gongen eg har montert eit prosjekt som innebærer å klippe i strikketøyet. Eg var med andre ord ikkje særleg høg i hatten i det eg sette i gong med saksa...

Dette er faktisk det første plagget eg strikkar til meg sjølv - om ein ser vekk i frå sokkar og slikt. At det tok meg eit heilt år å få den ferdig er ikkje noko vi snakkar høgt om :D Fin er den i allefall; Min favoritt!

11. mai 2014

Hipp, Hipp, HURRA!

Skjørtet som vart begynt på i går er no ferdig. Dette er utan tvil eit kjekt lite prosjekt - med eit like nydeleg resultat. Eit skikkeleg 17.mai-skjørt vart det denne gongen :)


Perfekt til ei lita prinsesse. Skjørtet er strikka med "underskjørt", og er strikka i størrelse 2-4 år.


Denne gongen har eg brukt Senjagarn frå Nille. Skjørtet er strikka på pinne 4,0 mm, og eg har tatt
utgangspunkt i denne oppskrifta.


Eg har strikka underskjørtet litt kortare enn det som er oppgitt i oppskrifta (2 mønsterrapportar + 12 omg. rett). Når det kjem til felling på skjølve skjørtet har eg valt å felle 2 masker kvar fjerde omgang, totalt 12 gongar, midt bak.


Snora i skjørtet er laga ved hjelp av i-cord. Den mest geniale teknikken nokon sinne. Eg har tidlegare anten hekla eller tvinna snorene, men den tida er det definitivt slutt på no. Eg synast at  i-cord snorene vert mykje finare. Eit stort pluss for at dei er superenkle å lage, i tillegg til at dei er veldig lette å knyte.


Oppskrift på hekla blomst kan du finne herTips; Fest pynten med ei sikkerhetsnål. Då kan den lett takast av eller byttast ut, og skjørtet kan dermed nyttast til andre anledningar :)

5. mai 2014

Bestemorrute med blomst

Eg prøver meg litt fram med heklenåla for ein gangs skuld. Det er diverre ikkje så ofte den er i bruk, og no var det lenge sidan sist. Første rute, med blomst, er vel gjennomført - og eg kan ikkje sei stort anna enn at eg likar det :)


Bestemorruta er hekla med Viking Babyull på heklenål 2,0 mm. Litt liten, men veldig søt. No er det vel i grunn berre å fortsette til ein har mange nok ruter tilsvarande eit heilt vognteppe, eller liknande, om ikkje ein finn noko smart den kan brukast til.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...