I dag spente vi skia fast. Skituren gjekk i frå Tyinkrysset og vidare inn til Sulebu, 1330 moh. Det vart ein fantastisk tur, i strålande solskinn, og vi tilbakela omlag 20,5 km.
Det er ingen sak med nypreparerte løyper og god gli.
Ein liten pust i bakken...
Nydeleg utsikt så langt auget kan sjå. Fjellet badar i sol. Ingen grunn til å klage.
Vel framme på Sulebu! På biletet ovanfor ser du hytta til Den Norske Turistforening, 1330 moh. Utan tvil ein flott tur som kan anbefalast på det varmaste.