30. mars 2015

Den finaste kjolen

//Annonselenkjer

Siste prosjekt ut er ein kjole/tunika til ei prinsesse eg kjenner. I fylgje oppskrifta er kjolen eigentleg meint å strikkast med perler der det er strikka riller, men eg valde å droppe perlene ettersom at kjolen er meint å brukast til kvardags.


Oppskrifta på "Den finaste kjolen" er henta i frå boka til Kathrine Gregersen - "Strikk meir til nøstebarn". Denne boka er no på tilbod og kan blant anna kjøpast her.


Knappane er eg godt nøgd med. Eit skikkeleg røvarkjøp! Dei er nemleg bestillt på ebay; 100 knappar for ein slikk og ingenting. Knappane kan kjøpast her.


Eg er godt fornøgd med det ferdige resultatet - og det trur eg jammen meg at mottakaren var også ❤
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...