16. desember 2012

Dagens innkjøp!

Eg har kjøpt julegåve til meg sjølv, litt på forskudd, av den enkle grunn at det er så kaldt ute. I går tok eg nemleg turen innom Eurosko for å kjøpe meg eit par Timberland Mukluk Lace-Up Boots. Og trur du ikkje eg var så heldig å få 20% i avslag - wee!

Så no er det berre å krysse fingrane for at ein kombinasjon av desse skoa og gode tjukkelabbar kan halde meg god og varm på føtene i gjennom heile vinteren :)

7. desember 2012

Garderobeløysing

Då har endeleg soverommet vårt fått ein heilt ny utsjånad og jobben med å pusse opp rommet er endeleg fullført. No er det berre litt småtteri som gjenstår. Garderobeinnreiinga er ferdig montert og nedanfor kan du sjå resultatet;


Senga som vi kjøpte oss for litt sidan er også kommen i hus - så no er alt berre velstand. No gjenstår det berre å finne skyvedører som fell i smak, samt fylle opp hyllene med klede.


Bilete av heile rommet kjem seinare, når alle detaljar er på plass :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...