20. november 2011

Lys i mørket!

Lys i mørket er Kirkens Bymisjons årlege juleaksjon, med ei rekkje flotte arrangement og støttetiltak, for dei menneska som av ulike årsaker opplev jula som ei ekstra vankskeleg tid. I mange år har Kirkens Bymisjon mottatt heimestrikka plagg; det er hovudsakleg behov for tilbehør (strikka eller hekla) som vottar, huer, sokkar og skjerf.
No som vi går inn i ei tid som så mange av oss har venta på og ser fram til, så synest eg det er ekstra viktig å setje fokus på alle dei som ikkje har det så bra. Denne flotte aksjonen kunne eg dermed ikkje la gå usett forbi. Tok dermed ein kikk i lageret av ferdigstrikka produkt, der eg fann 3 par tjukkelabbar. I tillegg har eg strikka 2 panneband, samt eit skjerf - som skal sendast avgårde til nokon som verkeleg treng det. Bli med på utfordringa og bidra! Du vil glede både deg sjølv og ande. For meir info - trykk her.
Strikk - og gjer ein forskjell!

9. juli 2011

iHerb-favorittar!

Eg finn stadig nye favorittar på iHerb.com som eg gjerne vil dele med dykk, slik at dykk kanskje kan ha same gleda av dei som eg har :)


Denne herlege sukkerskrubben er til å ete opp. Bokstaveleg talt! Det er i allefall ikkje så langt i frå. Skrubben er nemleg laga av knuste kakaobønner og sukker. Den verkar varmande på kroppen og har ei fantastisk lukt av sjokolade. Eller, brownies er vel kanskje det rette ordet. Sukkerskrubben finn du her.

17. juni 2011

JIHAA!

For ein fantastisk følelse...

Ord kan ikkje beskrive... Endeleg kan eg puste letta ut etter nokre lange (og nervepirrande) veker med venting. Resultatet er endeleg komme på plass. Bachelorutdanninga er gjennomført, noko som tilsvarar at eg er ferdig utdanna. Ferdig utdanna førskulelærar/pedagogisk leiar!


No er eg stolt av meg sjølv, skal dykk vite!
*Klapp på skuldra*

10. mars 2011

Storproduksjon!

På hobbyfronten har den siste veka blitt brukt til produksjon av fargerike kjøkkenklutar. Dette er blitt ein slager her i huset, og det finnast vel knapt noko som er meir innbydande enn kjøkkenklutar strikka i friske fargar;

26. februar 2011

Pakke i posten!

I dag dumpa desse nydelege namnebanda ned i postkassa mi. Perfekte til å sy på dei ulike tinga ein lagar.


Merkelappane er bestillt i frå www.minanamnband.se.
Rask levering og god service - som alltid!

16. februar 2011

Babushka, babushka!

Babushka, Babushka! Eller bestemor som vi kallar det her i Norge.

Eg vil berre starte med å gje ein stor takk til Rebekka, jenta som står bak bloggen frumaela.com. Ho la for kort tid sidan ut oppskrift på korleis ein heklar dei velkjende bestemorrutene. Sjølv har eg prøvd meg på desse rutene tidlegare, utan hell. Men etter å ha studert dette innlegget på bloggen til Rebekka eit par gonger, og sett igjennom filmen, så har eg no laga mi første bestemorrute. Og det heile gjekk som ein leik.


Mitt største problem no, er om eg skal lage ørten ruter til eller om eg berre skal fortsetje rundt og rundt på denne, til det dannar eit stort teppe :) Atter ein gong, tusen takk, Rebekka!

12. februar 2011

Tadaa...

... og vips, så var også hue nummer 2 i boks;


Hua kan du kjøpe HER!

11. februar 2011

Prosjekt fullført!

Dagens prosjekt blei ei av desse huene som eg har strikka nokre eksemplar av tidlegare.


Eit relativt kjapt og enkelt, men samtidig nydeleg prosjekt.

10. februar 2011

I det kreative hjørnet :)

Produksjonen av babytepper har gått heilt til topps i det siste. Ikkje at det gjere noko. For det er utan tvil greit å ha noko å henge fingrane i når formen ikkje er på topp, og sofaen er blitt eins beste venn :)


Nærbilete;

4. januar 2011

Babytøflar

Babytøflar;


Heimestrikka tøflar i størrelse "bitteliten";


Nytt arbeide er no også påbegynt;
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...