16. desember 2012

Dagens innkjøp!

Eg har kjøpt julegåve til meg sjølv, litt på forskudd, av den enkle grunn at det er så kaldt ute. I går tok eg nemleg turen innom Eurosko for å kjøpe meg eit par Timberland Mukluk Lace-Up Boots. Og trur du ikkje eg var så heldig å få 20% i avslag - wee!

Så no er det berre å krysse fingrane for at ein kombinasjon av desse skoa og gode tjukkelabbar kan halde meg god og varm på føtene i gjennom heile vinteren :)

7. desember 2012

Garderobeløysing

Då har endeleg soverommet vårt fått ein heilt ny utsjånad og jobben med å pusse opp rommet er endeleg fullført. No er det berre litt småtteri som gjenstår. Garderobeinnreiinga er ferdig montert og nedanfor kan du sjå resultatet;


Senga som vi kjøpte oss for litt sidan er også kommen i hus - så no er alt berre velstand. No gjenstår det berre å finne skyvedører som fell i smak, samt fylle opp hyllene med klede.


Bilete av heile rommet kjem seinare, når alle detaljar er på plass :)

19. november 2012

Apple - tips og triks!

Her kjem eg til å lage meg ei liste med nyttige tips og snarvegar ved bruk av Mac. Veldig kjekt med ei slik oversikt - kanskje du óg vil dra nytte av den :)
cmd+aMerk alt
cmd+cKopier
cmd+vLim inn
cmd+oOpne
cmd+sLagre
cmd+nNy
cmd+pSkriv ut
cmd+spaceOpne Spotlight
cmd+shift+3Skjermbilete; Full skjerm
cmd+shift+4Skjermbilete; Utvalt område
cmd+alt+escTilsvarar ctrl+alt+del
alt+shift+8{
alt+shift+9}

Lista vil verte oppdatert fortløpande. Har du ein hurtigtast du trur eg eller andre kan dra nytte av, ja då er du sjølvsagt velkommen til å leggje igjen ein kommentar :)

4. november 2012

Vaskehjelp?

Kunne du tenkje deg vaskehjelp? Det kunne absolutt vi, så for ei tid tilbake bestemte vi oss for å investere i ein robotstøvsugar. Det var langt i frå noko bomkjøp. Robotstøvsugaren er nemleg eit genialt hjelpemiddel i ein ellers så hektisk kvardag, i allefall fos oss som har to firbeinte i hus. Dei produserar meir hår i løpet av eit døgn enn kva ein skulle tru var mogeleg. Flygande hårdottar er heldigvis ikkje lenger eit like stort problem! Kort tid etter at vi har gått i seng startar nemleg robotstøvsugaren på kveldsskiftet sitt, då får han mulegheit til å jobbe i fred utan at han forstyrrar nokon. Og resultatet? Utan å løfte ein finger har pelsdottane på mirakuløst vis forsvunne over natta :) Her er eit bilete av vår kjære medhjelpar, Samsung Navibot;

No kan vi leggje oss med god samvittighet, medan støvsugaren får gjere det han likar aller best; nemleg å utføre drittjobben for oss :D Vinn, vinn situasjon; Genialt, med andre ord. Robotstøvsugaren kan kjøpast her.

//Annonselenkjer

26. september 2012

Mariusmønster

Eg har fått heilt dilla på Mariusmønster og lysta blei ikkje akkurat mindre då boka "Marius Strikkebok" dumpa ned i postkassa for litt sidan.

Eg er allereie godt i gong med mitt andre prosjekt i frå boka, og sist ut er ein selekjole (bilete ovanfor) i størrelse bitteliten :)

31. august 2012

Storproduksjon

Her går det unna i svingane. Ein skulle i grunn tru eg hadde nok å henge fingrane i, med tanke på at det berre er knappe to dagar igjen til vi tar over huset vi har kjøpt. Samstundes er det veldig godt å ha eit lite tidsfordriv, for tida kan i grunn aldri gå fort nok når ein ventar på noko. Så då slår ein i hel nokre timar med strikketøy og resultatet, ja det kan du sjå her;


Nok kjøkkenklutar får ein dessutan aldri, og dei vil nok komme godt med no som vi skal til å vaske og rydde i alle krikar og krokar :)

30. august 2012

Pakke i posten; Physicians Formula

Eg har hatt meg ei runde på iHerb.com, og for litt sidan fekk eg pakken i posten. Pakken inneheldt blant anna ein blush i frå Physicians Formula, i fargen "Rose". Det fyrste som fanga merksemda mi var utsjånaden; utruleg søt, med hjarter og det heile. Nydeleg! I tillegg får den eit stort pluss i boka fordi merket er dyrevenleg :)


Blushen har blitt ein stor favoritt her i hus. Dersom du løftar opp sjølve blushen vil du finne eit rom med ein liten børste, samt eit speil, under denne. Veldig praktisk dersom ein er på farten. Elles må det også nemnast at blushen er heilt fri for parabener.


Q; Har du prøvd noko i frå merket Physicians Formula før?

Bruk gjerne rabattkoden ESU567 når du handlar hjå iHerb.com, då får du inntil $10 i rabatt på di fyrste bestilling som ny kunde. Og dykk, hugs å halde dykk under 200,-, då slepp ein nemleg toll på varene :)

8. august 2012

Solnedgong

Magisk lys - ein fantastisk augneblink - sumar på jorda 


Nokre gongar kan naturen opplevast som rein magi - slik som desse trea i framgrunnen av ein alldeles nydeleg solnedgong. Vakkert!


25. juli 2012

På flyttefot

Vi har i løpet av dei siste par dagane både solgt og kjøpt oss hus. Det har vore nokre nervepirrande dagar, men no kan vi endeleg puste letta ut. Huset vi har kjøpt er på godt og vel 200 m² og inneheld foreløpig 3 soverom, bad, eige vaskerom, gong, vindfang, stort kjøkken, ei gigantisk stove, samt kjellar. Litt rart å plutseleg skulle ha så mykje plass å boltre seg på, men veldig godt også :)


No gjenstår det berre å begynne å pakke sånn smått om senn, og gjere seg klar til overtaking. Can`t wait!

15. juli 2012

Sommerfavoritter; Sweet mint´s!

//Annonselenkjer
Herlege sommarfavoritta i frå nelly.com;


Minnar om at det i tillegg er heile 7% i Kickback når ein handlar hjå nelly.com. Her er det mykje pengar å spare. For meir informasjon - trykk her!

27. juni 2012

Dagens innkjøp; Lulu`s

Eg var nyleg avgårde på posten ein tur og henta meg ein pakke. For litt sidan bestillte eg denne herlege pungen i frå Lulu`s - kjøpt hjå makestyle.no;


Størrelse; 14x10 cm
Farge; Brun


Med sine to lommar har den perfekt plass til både pengar, iPhone og anna smånips.


Utan tvil ein av sumarens favorittar 

8. juni 2012

Hipp Hipp Hurra!

Då var feiringa av sambuaren over for denne gong. Vi har storkost oss med fint besøk, herleg grillmat, kaffi og kaker. No skal vi berre slappe av og nyte resten av kvelden 

// Pavlova kake med ferske bringebær, jordbær og kiwi.

// Sjokolademuffins - med og utan jordbærglasur.

4. mai 2012

Pakke i posten!

Eg blei overlukkeleg når eg opna postkassa tidlegare i dag; For midt i mellom rekningar og reklame dukka det opp eit spanande brev. Eg har nemleg vore flittig brukar av KickBack sidan eg oppdaga denne geniale sida, og slikt gjev tydeleg resultat. Konvolutten inneheldt nemleg eit SpendOn gåvekort i frå VISA - pålydande 500,-!
KickBack in my heart.


Dersom du er like glad i å shoppe som meg, vil du nok elske denne tjenesta; KickBack! Når du handlar via KickBack får du nemelg attende ein viss prosentandel av kjøpssummen.

Kickback har avtalar med mange kjende butikkar, og du vil finne mange av dine favorittar, som til dømes blivakker.no, ellos.no og nelly.com, for å nevne nokre. Du handlar som normalt, og kjøpet blir automatisk registrert på kickback-profilen din.

Når ein så har samla opp nok "KickBack-pengar" kan eiin løyse dei ut i mange forskjellege gåvekort. Eller kva med eit SpendOn gåvekort frå VISA, som du kan bruke til nett det du måtte ynskje? Genialt spør du meg!


//Annonselenkjer

14. april 2012

London-tips!

Då er det akkurat éi veke sidan vi vendte nasa heimover igjen frå London etter ei heil veke med shopping, god mat og gode opplevingar. I den anledning synest eg det er på sin plass med eit lite "London-tips" innlegg, eller ei oppsummering, om du vil. Så her kjem altså nokre av våre erfaringar og opplevingar i møte med denne fantastiske storbyen. 

Denne gongen valde vi å reise med flyselskapet British Midland International (bmi). Det angrar vi ikkje eitt sekund på. Prisen var det ikkje stort å utsetje på, og ein var heller ikkje nøydd å betale ekstra for verken mat, seteplass eller bagasje (med mindre det er snakk om overlast, så klart). Alt var nemleg inkludert! Drøyt éin time og tre kvarter i lufta. Heilt fantastisk.


Vel framme i London tok vi expresstoget frå Heathrow Airport og inn til London sentrum. Toget går i rakettfart, knappe 15 min - utan stopp. Av erfaring bestillte vi oss bilettar frå Ticket Service på førehand.  Heit genialt spør du meg. Prisen er stort sett den same, men fordelane er likevel mange. Det beste er vel at ein slepp alt styret med å kjøpe bilettar i det ein kjem fram. Ellers er nok den beste og enklaste måten å forflytte seg rundt om i London på å nytte seg av undergrunnen, eller "The Tube" som dei så fint kallar det. Også her kan ein bestille bilettar på førehand. Ticket Service it is!

Eg tenkte eg skulle skrive litt om hotellet vi budde på under opphaldet. Er det noko London er kjent for er det dårleg hotell, og det bør ikkje komme som noko sjokk dersom du bestiller deg "hotellrom", men havnar i ei skikkeleg rønne. Fyrste gong vi var i London haavna vi på eit av desse hotella. Til tross for at mange av oss reiser til London for å shoppe, og gjerne berre skal nytte rommet til å sove - så er det likevel greit med ein viss standard. Denne gongen la vi derfor litt meir pengar i hotellbudsjettet, og det er eg jammen meg glad for. Vi er i allefall veldig fornøgd med val av hotell, som var både reint og ryddig, i tillegg til å ha ein høg standard. Og med rom i 14. etasje er det i allefall ingenting å utsetje på utsikta;


Hilton London Metropole Hotel () er eit av Europas største hotell og konferansesenter, med godt og vel 1000 gjesterom i ulike størrelsar og kategoriar. Hotellet har ei fantastisk beliggenheit, sentralt i London. Med to undergrunnsstasjonar like i nærheita, kan ein rask flytte seg rundt i denne fantastiske storbyen. Frå hotellet er det kun 10 minutt med gange til London`s mest travle handlegate; Oxford Street! I tillegg tar det berre knappe 10 minutt med undergrunnsbana til fantastiske handleopplevingar på Westfield.

Big Ben og Westminister Palace, Tower Bridge, London Eye, Madame Tussauds og Trafalgar Square er berre nokre av attraksjonane/stadane som er verdt å avleggje eit besøk når ein først er i denne fantastiske byen. Eg kan også anbefale ein tur til fargerike Notting Hill;


Ellers finn ein også fleire koselege parkar rundt om i London. Hyde Park er eit flott eksempel på dette.

London er shoppingmekka nummer éin, utan tvil. Min største favoritt når det kjem til shopping i London? Oxford Street! Her vil du finne mange av dei kjende butikkane som Primark, Top Shop, Body Shop, River Islands, Bik Bok, H&M, Disney Store... You name it! Og det beste av alt? Her kan ein finne det mest utrulege til ein billeg penge. Love it!


London er nok utan tvil den beste definisjonen på shopping, og det er umuleg å la vere å handle noko når ein først er her. Ellers anbefalar eg alle å ta turen innom Westfield. Kjøpesenteret har eit golvareal på 150.000 m² og inneheld omtrent 255 butikkar. Harrods er også eit "must".

Er det noko det finnast mykje av i London så er det mat. Mat og drikke! Det kryr av matbutikkar, restaurantar, cafèar, kaffibarar og liknande. Du finn dei på kvart eit gatehjørne. Så her er det berre å velge og vrake.


Sjølv synast eg det kan vere vanskeleg å finne "god" mat  i London, men Garfunkel`s Restaurant og Angus Steakhouse er begge gode og trygge kjedar. I tillegg finn ein T.G.I Friday`s som også er ein favoritt :)

Om du ikkje har vore i London tidlegare, så anbefalar eg at du tek turen. Byen er verkeleg verdt eit besøk  Ta med deg ei god venninne, familien eller kjærasten, samt litt godt humør (og gode sko), og du vil få ei oppleving for livet. Heilt til slutt vil eg minne dykk om det som kanskje er det aller viktigaste; Hugs å bestille ekstra bagasjeplass til heimreisa :D

12. april 2012

Pakke i posten; Canon EOS 600D!

I dag kom kameraet som eg bestillte forige dagen; Canom EOS 600D  Endeleg har eg fått meg eit kamera med mulegheit for filming i full HD-oppløysimg, heile 18 megapikslar og ikkje minst vridbar skjerm. Love it!
Kjøpte kameraet hjå FotoVideo som i skrivande stung har ein flott kampanje gåande. I tillegg til kameraet og objektivet inneheld pakken nemleg fylgjande; 8 GB SDHC-minnekort, èittbeins fotostativ, fotoboka "Bedre bilder", pusseklut og nøkkelband. I tillegg får ein òg med eit gåvekort på valfritt kurs hjå FotoVideo til ein verdi av 985,-

9. april 2012

Hilton London Metropole Hotel

Då var vil vel heime igjen etter eit fantastisk opphald i London. Vi har storkost oss! Men det er neimen ikkje til å stikke under ein stol at det er godt å komme heim igjen også. "Borte bra, men hjemme best" 

Eg tenkte eg skulle skrive litt om hotellet vi budde på denne gongen, for er det noko London er kjent for, så er det dårlege hotell. Det bør ikkje komme som noko sjokk dersom du bestiller rom på eit "hotell", men havnar i ei skikkeleg rønne. Fyrste gong vi var i London haavna vi på eit av desse hotella. Til tross for at mange av oss reiser til London for å shoppe, og gjerne berre skal nytte rommet til å sove - så er det likevel greit med ein viss standard.



Denne gongen la vi derfor litt meir pengar i hotellbudsjettet, og det er eg jammen meg glad for. Vi er i allefall veldig fornøgd med val av hotell, som var både reint og ryddig, i tillegg til å ha ein høg standard. Og med rom i 14. etasje er det i allefall ingenting å utsetje på utsikta;



Hilton London Metropole Hotel () er eit av Europas største hotell og konferansesenter, med godt og vel 1000 gjesterom i ulike størrelsar og kategoriar. Hotellet har ei fantastisk beliggenheit, sentralt i London. Med to undergrunnsstasjonar like i nærheita, kan ein rask flytte seg rundt i denne fantastiske storbyen. Frå hotellet er det kun 10 minutt med gange til London`s mest travle handlegate; Oxford Street! I tillegg tar det berre knappe 10 minutt med undergrunnsbana til fantastiske handleopplevingar på Westfield;



På Hilton London Metropole Hotel () finn ein også ei helse- og velværeavdeling, "Living Well Health Club". Her kan hotellets gjestar nytte seg av innandørs svømmebasseng, treningsrom, dampbad og badstue. Her vil du også finne ein sportsbutikk. Ellers har hotellet kaffibar, sportsbar og lounge, 24-timars room service, døgnopen resepsjon, frisør- og skjønnheitssalong, souvenirbutikk, med meir. Med andre ord; Alt du kan ynskje deg, og litt til.

Fleire Londontips kan du finne her :)

31. mars 2012

Det ultimate termoskruset!

Utan tvil det ultimate kruset for alle strikkeentusiastar der ute :D Eit skikkeleg "must have". Eg kunne rett og slett ikkje motstå desse herlege krusa, så klikka dei like så greit heim med ein gong.

Termokrusa kan du kjøpe her!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...