30. august 2012

Pakke i posten; Physicians Formula

Eg har hatt meg ei runde på iHerb.com, og for litt sidan fekk eg pakken i posten. Pakken inneheldt blant anna ein blush i frå Physicians Formula, i fargen "Rose". Det fyrste som fanga merksemda mi var utsjånaden; utruleg søt, med hjarter og det heile. Nydeleg! I tillegg får den eit stort pluss i boka fordi merket er dyrevenleg :)


Blushen har blitt ein stor favoritt her i hus. Dersom du løftar opp sjølve blushen vil du finne eit rom med ein liten børste, samt eit speil, under denne. Veldig praktisk dersom ein er på farten. Elles må det også nemnast at blushen er heilt fri for parabener.


Q; Har du prøvd noko i frå merket Physicians Formula før?

Bruk gjerne rabattkoden ESU567 når du handlar hjå iHerb.com, då får du inntil $10 i rabatt på di fyrste bestilling som ny kunde. Og dykk, hugs å halde dykk under 200,-, då slepp ein nemleg toll på varene :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget ❤

Kommentaren må godkjennast før den vert lagt ut på bloggen,
det vil difor kunne ta noko tid før den vert synleg.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...