Med desse kjøkkenklutane i boks er heile ni prosjekt blitt fulltført hittil i år. Klapp på skuldra.
Alle klutane er strikka i bomullsgarnet Mandarin Petit og pinne 4 mm. Som tidlegare nemnt, mitt absolutte favorittgarn, til nettopp slik bruk.
Kunne du tenkje deg å strikke slike klutar sjølv? Nedanfor finn du oppskrift på desse klutane dersom du skulle ynskje å lage deg slike. Dei er superenkle å strikke - rett fram :)
Oppskrift; Eg startar med å legge opp 3 masker og aukar deretter i nest siste maske på kvar pinne til omtrent halve nøstet er brukt opp. Deretter feller eg ved å strikke dei to nest siste maskene saman på kvar pinne til det gjenstår 3 masker på pinnen. Trekk tråden igjennom. Dersom du ynskjer kan du avslutte med å lage hempe på kjøkkenkluten ved hjelp av i-cord snor.
Forsatt fin søndag til deg!