"Jenter blir i mange samfunn sett på som mindre verdt enn gutter. Resultatet av denne kjønnsdiskrimineringen er blant annet at færre jenter overlever de første årene, går på skole og de giftes bort mens de ennå er barn."
I tillegg til å vere plan fadder, har eg no også gitt mitt ansikt til støtte for denne saken;
Av Solveig fekk eg eit gavekort på trådbtuikken. Noko som sjølvsagt resulterte i ein tur innom. Dette er også ein fin taktikk om ein ynskjer å bli kvitt litt pengar =)
Eg kom dermed ut igjen med dette;
Fire hefter med ulike oppskrifter;
Fire nøster med lyseblå babyull. Lurer på om det kanskje må bli ei babybukse eller noko liknandes av desse;
Desse tre nøsta er tiltenkt ei Mariushue;
Og desse to nøsta skal det nok lagast fleire slike herlege babyhuer med dusk av;
Og dette blei bestillt på nettet, og kom dermed i posten idag; Fire nøster Baby Silk frå "Du Store Alpakka". Desse blir det nok laga babyteppe av;
Fire nøster Tynn Alpakka frå "Du Store Alpakka". Det vert nok enda eit babyteppe av desse;
Desse herligheitene skal bli til sokkar, etterkvart;
Og av desse skal eg prøve meg på å lage ei pute / ein puff liknandes sak;
Heftet "Mauds Hjerte" av Ellinor Kvammen, inneheld mange herlege oppskrifter på sokkar, som eg ser fram til å prøve meg på å strikke. Ein stor applaus til Ronille (Ellinor) som står bak det heile!
Snakk om vinglepetter! Eg burde snart få diplom for antal påbegynte prosjekt :)
Det forige babyteppet er fortsatt berre halvferdig, og no har eg visstnok begynt på eit nytt!?!
Men denne gongen er eg heldigvis unnskyldt!
Grunnen til at eg har begynt på dette babyteppet er at det er ein ny verdensborgar like om hjørnet. Og alle er vel einige i at lyserosa ikkje passar til ein gut? Eller!?!
Har strikka eit par babysokkar. Eller dei har i grunn vore ferdige ei stund no, men det er noko med den trådfestinga... Merkeleg at det skal vere så vanskeleg i grunn, ettersom at det er så fort gjort?
Neste prosjekt ut er eit lyserosa babyteppe, strikka i tynn alpakka!
Eg har strikka ei lita djevelhue, til ein liten gut;
På min lille, søte modell, så ser hua slik ut;
Hua er strikka i Tynn Alpakka, frå Du Store Alpakka, på pinnar nummer 2,5 mm.
Til slutt la eg opp 80 masker, og strikka ein gong over, før eg så felte av. Gjentok dette ein gong til, og vips, to snorer som var klare til å syast på!
Innimellom får Tassen eit akutt (!?!) behov for litt kvalitetstid på fanget. Dette inneber altso mykje kos.Veldig mykje kos. Det er ikkje så nøye om det passar akkurat no. Og held du på med noko eller er opptatt, ja så er det ekstra stor stas! Sjølvsagt er det Tassen som er prioritet nummer èin! Om det er oppå eit blad, ein pc, strikkepinnar eller diverse andre ting, så er ikkje det så farleg. Det er nemleg kosetid! KOS, KOS, KOS!
Besta har strikka endå eit par med sokkar til meg =D Og sjølv om eg snart har minst 100 par med sokkar, og sjølv er ein racer på dette området, så er det ingenting som slår det å få noko som er strikka av andre. Tusen takk, besta!
Det blir ikkje så mykje oppdateringar for øyeblikket. Årsaken til dette er vel at det ikkje har blitt så mykje strikking i det siste heller. Eg har vore litt på farta innimellom og da blir det gjerne litt nedprioritert. Desverre! Held fortsatt på med babyteppet, ellers så må det jo litt småprosjekt til i mellomtida. For øyeblikket held eg på med eit par babysokkar;
Ellers så har eg laga meg ein blogg, i tillegg til hobbybloggen min, for litt meir generelle kvardagsting =) Så for dei litt meir interesserte, ta turen innom; http://www.anettehsu.blogg.no/
Eg har strikka eit par babytøflar innimellom alle lappane til babyteppet :)
For dei som har fulgt meg ei stund no, så veit ein vel gjerne at slike prosjekt pleier å gå under "langtidsprosjekt" her hos meg. Og som kanskje nokon huskar så begynte eg jo både på bølgeteppet og fisketeppet for lang tid sidan. Kvar desse har tatt vegen? *KREMT* Nei, det snakkar vi ikkje meir om!
Her er i allefall tøflene;
Desse tøflene har eg strikka i tynn alpakka. Eg har brukt pinnar nummer 2,5 mm.
Har sett eit par filmar i det siste. Filmane eg tenkjer på er; "The curious case of Benjamin Button", "The boy in the striped pyjamas" og "Slumdog millionaire".
Alle desse tre filmane er heilt fantastiske. Er det nokon som veit om, eller som kan anbefale nokon andre filmar i same kategorien som desse?
Då var eg i mål! Oppdraget er fullført og siste UFO på lista, som eg lagde meg litt lenger nede på bloggen, er no fullført. Desse sokkane skal eg behalde sjølv :)
Sokkane er strikka på pinnar i størrelse 3,0 mm. Har brukt opalgarnet som eg fekk av Ronille i HV-pakke for litt sidan.
Snakk om nysgjerrigper! Tassen står i vindauget å følger med på ALT og ALLE som tuslar forbi. "Kem? Ka? Kor?" Her er det ikkje snakk om å gå glipp av noko som helst.
Til tider kan det bli litt for spennande og då kjem det eit lite "Boff"
Eg har tatt sommarferie=) Skulen er over for denne gong, og alle eksamenane er i boks. No skal eg berre nyte tida som kjem. Ellers må eg også berre få med at eg avslutta med å få A i praktisk tverrestetisk (drama, forming og musikk) eksamen - WEE!
Endå ein UFO er blitt ferdigstillt. Det går sakte men sikkert framover med UFO lista mi som er nemt tidlegare her på bloggen. Har ikkje vore så mykje tid til overs i det siste, sidan både flytting og eksamen krev sitt. Denne kjolen har vore ferdig ei god stund. Den har berre mangla knappar samt eit par trådar som har venta på å bli festa.
Kjolen er i størrelse 0-3 månadar, og den er strikka i "Bambino ull" frå Idèna. Eg har tatt utgangspunkt i oppskrifta frå boka "myk start".
Tjo hei så det går. No er 3 av 5 UFO`ar ferdige og eg nærmar meg sakte men sikkert målet som eg sette meg. Eg seier ikkje med dette at eg ikkje har fleire UFO`ar liggande, for det ville jo nesten vore å lyge. Denne gongen er det sokkane i størrelse 2 år som er blitt ferdige.
Sokkane er strikka i babyull og på pinnar nummer 2,5 mm.
Eg har faktisk ikkje begynt på eit einaste nytt prosjekt i mellomtida. Heilt utruleg spør du meg! Fortjenar jo nesten ein diplom :)
Då var UFO nummer to ferdigstilt. Dette blei eit sokkepar som eg skal behalde sjølv! Eg har vel sokkar i omtrent alle regnbogens fargar, så no var det verkeleg på tide med eit einsfarga par i ein noko meir nøytral farge.
Sokkane er strikka på pinnar nummer 2,5 mm. Har strikka dei i arwetta. Eit fantastiskt garn til sokkar.
Som eg skreiv i kommentarfeltet i innlegget under så er eksamenstida like rundt hjørnet. Den første eksamenen for min del, går av stabelen mandag 25. mai. Dette er ein muntleg gruppeeksamen i begynnaropplæring (BOL) som består av faga norsk, matematikk og pedagogikk. Dette burde jo dermed vere eit sikkert teikn på at eg skulle halde meg langt unna alt som heiter blogg, hobby, pc og liknande. Eg burde bruke all mi dyrebare tid på å grave meg ned i diverse pensumbøker og anna faglitteratur.
Men, neidå! Her sitter eg. Med pc`en godt planta i fanget. Og innlegget ser i tillegg ut til å bli eit av dei lengste innlegga eg har skrevet hittil.
Såh! Over til det eg eigentleg skulle skrive om i dagens innlegg. Det har seg nemleg slik at eg har ein haug med påbegynte (små)prosjekt på hobbyfronten. Desse har eg no bestemt meg for at eg skal gjere ferdig i nærmaste framtid. Men målet er vel igrunn å klare det utan å begynne på endå fleire nye prosjekt! Ønsk meg lykke til! Og om eg ikkje skulle bli ferdig... Jah, då skyldar eg på at eg held på å lese til eksamen (!?!)
UFO #1:
Ei oppvaskfille strikka i "Mandarin Petit" og på pinnar nummer 4,0 mm. Denne burde jo vere ein enkel sak å ferdigstille!
Eit par babysokkar er blitt ferdige i løpet av dagen :)
Desse sokkane vart påbegynt for LAANG tid sidan. Det er merkeleg kor lett det er å leggje påbegynte prosjekt til sides, for så å begynne på noko nytt. Sokkane er strikka i babyull pluss litt restar av ein annan tråd. Pinnar nummer 2,5 mm er brukt.
Eit nytt vidunder er komme inannfor husets fire veggar :)
Siste investering, som mange av dykk kanskje skjønner, er altså ei nøstemaskin! Fantastisk korleis eit nøste kan bli. Til og med restegarn er blitt ein kjekk ting å ha no. Særleg etter at nøsta blei sjåande slik ut!
Då har eg prøvd meg på å strikke uglemønster, eg også! Eg kan då ikkje vere noko dårlegare enn alle andre:p Ettersom at mønsteret var nytt for meg, kom eg fram til at det var best å prøve seg på noko lite og enkelt. Valet fall dermed på eit panneband.
Pannebandet er strikka i babyull frå Gjestal og på pinne nummer 2,5 mm er brukt. Har også gitt den eine ugla eit par auger, som ein siste "finish".