9. august 2014

Einingsfjellet

I dag våkna vi til skyfri himmel og strålande sol, og vi bestemte oss straks for å setje kursen mot ytre Fjaler, nærmare bestemt Korssund/Lammetun og Einingsfjellet. Toppen ruvar ikkje høgt med sine 259 moh, men med ei plassering ytterst i Dalsfjorden gjev den likevel ei fantastisk utsikt.


Rett før krysset der vegen delar seg mot Korrsund og Lammetun ligg ei lita avkøyrsle på oppsida av vegen, like ved ein raud trafostasjon. Eit skilt ved vegen syner kvar stien startar. Vegen vidare er godt merkt.
Turen er omlag 3 km t/r.


Utsynet som møter deg på toppen er ubeskriveleg. I sør ser ein mot Krakhellesundet og Solund. I vest kan ein sjå Aralden, Geita fyr, Værlandet, Bulandet og Alden. Nordover finn ein Tvibyrje, Kinn og Atløy, samt dei flotte fjella på nordsida av Vilnesfjorden og Dalsfjorden.


Ein flott tur som kan anbefalast på det varmaste.

Ferietid!

Vi tillbringar delar av ferien vår heime i Dale, heimplassen min. Her nyt vi dagane og kosar oss som best vi kan, saman med papsen. Det er alltid godt å ha han heime ♡ Lucy og Tassen kosar seg óg.

// Dale i Sunnfjord

Vi har ingen store planar for dagen, men eg kunne tenkt meg ein tur ut til Lammetun/Korssundet for ein liten fjelltur vidare opp til Einingsfjellet.

14. juli 2014

Bøttejuv - 1322 moh.

I går bestemte vi oss for å ta turen opp til Bøttejuv. Vi sette kursen mot Årdalstangen og vidare opp i Seimsdalen. Dette er ein tur eg lenge har hatt lyst til å gå, og absolutt ein tur som kan anbefalast; Det å nå fram til toppen var ei fantastisk oppleving.


Turen starta langs ein traktorveg, før den gjekk over til ein gamal stølsveg. Etterkvart tok vi av og fulgte stien oppover, gjennom frodig lauvskog i bratt terreng. Fyrste stopp var Skår. Her var det på sin plass med ein liten pust i bakken og litt påfyll av veske.

//Litt vanskeleg å sjå, men på dette biletet regnar det faktisk oppover :)

Vel framme på toppen har ein ei fantastisk utsikt, men for å kunne nyte det mest imponerande synet av dei alle er ein nøydd å gå litt lenger ned igjen. Her får ein ei nydeleg utsikt over Øvre Årdal - eit imponerande syn.



Herifrå går fjellsida meir enn 1300 meter lodrett ned i Årdalsvatnet.


For ei oppleving!

15. juni 2014

Framgang gjesterom

Då har endeleg gjesterommet fått ein heilt ny utsjånad og jobben med å pusse opp dette rommet nærmar seg slutten. No er det i grunn berre litt småtteri som gjenstår før vi kan sei oss ferdig.

ROMMET FØR;
// Bilete ovanfor er henta i frå prospektet/salsannonsa som låg ute på finn.no, og her kan ein sjå korleis dette rommet såg ut i det vi kjøpte huset.

ROMMET UNDERVEGS;
// Det går framover; Veggar, tak og golv er reve. Nytt og mindre vindauge er blitt sett inn.

// Golvet vert lagt og vi har valt å leggje varmekablar, eller såkalla varmefolie, under. Igjen fall valet på Pergo Laminat Domestic grå eik 3-stav - det same golvet som vi tidlegare la på vårt eige soverom. Love it!

ROMMET NESTEN FERDIG;
// Oppussinga nærmar seg endeleg slutten. Vi har valt å leggje gips på tre av veggane og smartpanel på den siste. Kontrastveggen har vi malt i Lady Pure Color Supermatt, i fargen 0553 Ascott.

Det einaste som står igjen no er å få på plass golv- og hjørnelister. Samt lister rundt ny dør. Så er det berre å begynne med å få på plass seng, nytt klesskap, gardiner, osv. Eg klarar nesten ikkje å vente. 
Det er jo i grunn denne delen som er den kjekkaste.

9. juni 2014

Vel overstått bursdag

Då var gårsdagens feiring av sambuaren og far hans vel overstått for denne gong. Vi har verkeleg kost oss med fint besøk, grilmat, friske bær, is og kaker. Ein fin dag, med andre ord 


// Sjokolademuffins med glasur - dei nydelege muffinsformene kan kjøpast her.


// Pavlovakake med ferske bringebær, jordbær og kiwi.

19. mai 2014

Konkurranse!

Då er det på tide med ein ny konkurranse her på bloggen :) Eg trekkjer ut ein vinnar som stikk av med ein goodiebag beståande av Lulu`s sminkepung - Mini // Victoria`s Secret Body Splash - Coconut Passion, 60 ml // Hot Makeup - Neglelakk // Real Techniques - Foundation Brush //Real Techniques - Miracle Complexion Sponge;


For å delta;
Bli fylgjar av bloggen på facebook - ny side (1 lodd)
Bli fylgjar av bloggen på bloglovin (1 lodd)
Del bilete + link til konkurranse på eigen blogg/facebook (2 lodd)

Maks 4 lodd pr. deltakar.

Hugs å leggje igjen ein kommentar der du skriv kor mange lodd du deltek med i trekninga.
Konkurransen vil bli avslutta måndag 9. juni.

Lykke til!

KONKURRANSEN ER AVSLUTTA
VINNAR ER KONTAKTA

18. mai 2014

Dagens outfit!

Eg har strikka endå eit av desse skjørta som er blitt så utruleg populære. Men, denne gongen har eg lagt opp langt fleire masker og strikka det i størrelse vaksen (small).


Skjørtet er strikka i "Emilie" frå Spar Kjøp. Har strikka det på pinne 4,0 mm, og eg har tatt
utgangspunkt i denne oppskrifta.


Eg har strikka underskjørtet litt kortare enn det som er oppgitt i oppskrifta (2 mønsterrapportar + 12 omg. rett). La opp 252 masker. Når det kjem til felling på skjølve skjørtet har eg valt å felle 2 masker kvar fjerde omgang, totalt 20 gongar, midt bak.



Snora i skjørtet er laga ved hjelp av i-cord. Den mest geniale teknikken nokon sinne. Eit stort pluss for at dei er superenkle å lage. Filmklipp som syner framgongsmåte finn du her.


Alt i alt er eg superfornøgd med dette skjørtet.

17. mai 2014

Gratulerar med dagen!

Ynskjer dykk alle ein riktig fin 17. Mai :) Håpar dykk får ein fin dag. I år er det 200 år sidan Grunnlova formelt vart vedteken ved Eidsvoll, i 1814.


Hipp, hipp...
...HURRA!

11. mai 2014

Hipp, Hipp, HURRA!

Skjørtet som vart begynt på i går er no ferdig. Dette er utan tvil eit kjekt lite prosjekt - med eit like nydeleg resultat. Eit skikkeleg 17.mai-skjørt vart det denne gongen :)


Perfekt til ei lita prinsesse. Skjørtet er strikka med "underskjørt", og er strikka i størrelse 2-4 år.


Denne gongen har eg brukt Senjagarn frå Nille. Skjørtet er strikka på pinne 4,0 mm, og eg har tatt
utgangspunkt i denne oppskrifta.


Eg har strikka underskjørtet litt kortare enn det som er oppgitt i oppskrifta (2 mønsterrapportar + 12 omg. rett). Når det kjem til felling på skjølve skjørtet har eg valt å felle 2 masker kvar fjerde omgang, totalt 12 gongar, midt bak.


Snora i skjørtet er laga ved hjelp av i-cord. Den mest geniale teknikken nokon sinne. Eg har tidlegare anten hekla eller tvinna snorene, men den tida er det definitivt slutt på no. Eg synast at  i-cord snorene vert mykje finare. Eit stort pluss for at dei er superenkle å lage, i tillegg til at dei er veldig lette å knyte.


Oppskrift på hekla blomst kan du finne herTips; Fest pynten med ei sikkerhetsnål. Då kan den lett takast av eller byttast ut, og skjørtet kan dermed nyttast til andre anledningar :)

10. mai 2014

17.mai skjørt

Eg har begynt på mitt fjerde skjørt, denne gongen i skikkelige 17. mai fargar;


For meir informasjon om skjørtet og framgangsmåte kan du trykke her.

5. mai 2014

Bestemorrute med blomst

Eg prøver meg litt fram med heklenåla for ein gangs skuld. Det er diverre ikkje så ofte den er i bruk, og no var det lenge sidan sist. Første rute, med blomst, er vel gjennomført - og eg kan ikkje sei stort anna enn at eg likar det :)


Bestemorruta er hekla med Viking Babyull på heklenål 2,0 mm. Litt liten, men veldig søt. No er det vel i grunn berre å fortsette til ein har mange nok ruter tilsvarande eit heilt vognteppe, eller liknande, om ikkje ein finn noko smart den kan brukast til.

1. mai 2014

Dobbelt opp!

Endå eit lite skjørt med "underskjørt" har sett dagens lys. Desse var jo berre superenkle å lage. Utan tvil eit kjekt, lite prosjekt - med eit nydeleg resultat. Det vert garantert fleire av desse i tida framover.


Denne gongen falt valget på ein nydeleg gråfarge, og også dette skjørtet er strikka i størrelse 2-4 år. For meir informasjon om skjørta og framgangsmåte kan du trykke her.

28. april 2014

Skjørt med "blondekant"

Skjørtet som eg begynte på i går er no ferdig. Utan tvil eit kjekt lite prosjekt - med eit nydeleg resultat. Synast det vart eit søtt, lite skjørt. Perfekt til ei lita prinsesse. Skjørtet er strikka med "underskjørt", og er i størrelse 2-4 år.

Eg har strikka skjørtet i babyull, på pinne 4,0 mm, og eg har tatt utgangspunkt i denne oppskrifta.



Snora i skjørtet er laga ved hjelp av i-cordEg veit ikkje om eg har nemnt det før :p For ein teknikk! Eg har tidlegare anten hekla eller tvinna snorene, men den tida er det definitivt slutt på no. Eg synast at  i-cord snorene vert mykje finare. Eit stort pluss for at dei er superenkle å lage, i tillegg til at dei er veldig lette å knyte.

27. april 2014

Nytt prosjekt på pinnane...

Eg kosar meg ute på verandaen med eit nytt prosjekt på pinnane. Eit nydeleg skjørt, med "underskjørt", i størrelse 2-4 år. Skjørtet vert strikka i babyull og eg har tatt utgangspunkt i denne oppskrifta.


No skal vi snart finne fram litt mat og flytte oss bort i grillhytta for litt grillmat - det er jo ikkje muleg å sitte så mykje innandørs når det er eit slikt nydeleg veir ute :) Ha ein fortsatt fin søndag!

24. april 2014

Konkurranse

Då er det på tide med ein ny konkurranse her på bloggen :) Eg trekkjer ut éin heldig vinnar som stikk av med eit gjennomsiktig deksel med "bling bling" til iPhone 5, samt ein søt kontaktbeskyttar/pynt til å henge på mobilen.


For å delta;
Bli fylgjar av bloggen på facebook (1 lodd)
Bli fylgjar av bloggen på bloglovin (1 lodd)
Del bilete + link til konkurranse på eigen blogg/facebook (2 lodd)

Maks 4 lodd pr. deltakar.

Hugs å leggje igjen ein kommentar der du skriv kor mange lodd du deltek med i trekninga.
Konkurransen vil bli avslutta måndag 5. mai.

Lykke til!

KONKURRANSEN ER AVSLUTTA
VINNAR ER KONTAKTA

22. april 2014

Ei fin lita prinsesse ♡

Hue og hals med hekla blomst, begge strikka i babyull på pinne 3,5 mm, til ei fin lita prinsesse 


Oppskrifta på halsen er henta i frå boka "Strikk til nøstebarn" av Kathrine Gregersen. Når det kjem til hua har eg tatt utgangspunkt i ei oppskrift henta i frå boka "Babystrikk" av Debbie Bliss. Eg har felt litt annleis enn det som er oppgitt i oppskrifta, for at hua skal bli litt lenger.

16. april 2014

God Påske!

PÅSKEFERIE :)


Påskeferien nærmar seg no for dei aller fleste av oss, og for mange er det siste arbeidsdag i dag, før påskeferien står for tur. Kanskje er også du ein av dei heldige som allereie har tatt ferie?


Sjølv tok vi påskefri allereie på torsdag som var og vi har så langt tilbragt litt kvalitetstid saman med papsen 


Vi har kost oss maks så langt denne påska, og i kveld bærer det avgårde på Egon (utan tvil min store favoritt), saman med mannen, den eine favoritt-tanta mi og eit syskenborn eller to.
Kos.


Eg vil med dette ynskje dykk alle ei riktig god påske!


Q; Har du nokon spesielle planar for påska?

15. april 2014

Buzzador

Er du i alderen 15-18 år, eller er du nyleg blitt mamma? Bloggar du? Kanskje har du ei brennande interesse for skjønnheit eller matlaging? I så fall - kunne du tenkje deg å bli ein Buzzador

Buzzador søkjer nemleg i denne augneblinken blant anna etter personar som er født i tidsrommet 1996-1999, personar som har interesse for mat eller skjønnheit, bloggarar eller mammaer, og som kunne tenkje seg å teste ut nye og spanande produkt.

Kort fortalt handlar det å vere Buzzador om at ein får tilbod om å tests ut ulike produkt og tjenestar. Tanken er at ein som Buzzador skal prøve ut, evaluere, samt vidareformidle informasjon og meiningar kring dei ulike produkta. Og det beste av alt; det er gratis!
// Nokre eksempel på tidlegare kampanjar hjå buzzador.no.

Nokre av kampanjane eg sjølv har delteke i;
✔ Sommerpakke frå OBH Nordica
✔ Oral-B TriZone 5000
✔ LoveFilm

6. april 2014

Oppussing + Innkjøp

God søndag!

Skal sei tida flyg. Dagane rasar avgårde, og før ein veit ordet av det er endå ei helg forbi. Vi har brukt store delar av helga til husvask og oppussing av gjesterom. Mannen er i full gong med å rive alt som er på gjesterommet. Alt skal vekk! Tak, vegger, dør, golv, osv. Vindauge har vi allereie bytta.

Eg gledar meg til vi er ferdig. Det skal verte så godt å få bytta ut den mørke panelen som var her, med lyse og fine veggar. Vi har bestemt oss for å male den eine veggen i ein kontrastfarge, nærmare bestemt ein gråtone, så eg er veldig spent på resultatet.


Ellers har eg bestillt meg litt nytt til kjøkkenet. No som både våren og sommaren står for tur, er det kjekt med litt nytt. I går dukka det opp ein herleg pakke med ulike delar av serviset Songvaar. Dette nydelege porselensetkruset med roser, i ulike blåtonar, er utan tvil min største favoritt - får skikkeleg vårfølelse. Bestillt frå Bua Dekor.


No skal pizzadeiga settast, så er det duka for god kveldsmat og tv resten av kvelden :)
Fortsatt god helg!

28. mars 2014

Babyvotter

Siste prosjekt av pinnane er eit par søte, små babyvottar. Vottane er superenkle å lage - og dei er unnagjort i løpet av ein liten kveld. Synast i grunn dei blei bra nusselege :) Ikkje minst er dette eit flott prosjekt om ein har litt garnrestar liggande.


Garnvalet falt også denne gongen på "Emilie" frå Spar Kjøp. Eit mjukt og deilig garn. Eg la opp 40 masker (10x4) på strømpepinne 2,5 mm og strikka ei passande vrangbord. Fortsette så med glattstrikk og mønster før eg til slutt felte av i ein spiss. 


 Snora er ca. 65 cm og er laga ved hjelp av i-cord. Eg kan ikkje få sagt ofte nok kor glad eg er i denne teknikken. Synest snorene vert så fine. Eit stort pluss er at dei er superenkle å lage.


God helg til dykk alle!

21. mars 2014

ole lukkeøye-lue

To små huer er blitt til. Huene er i størrelse 0-3 månadar og 3-6 månadar.


Desse huene er både raske og kjekke å strikke!


Eg har tatt utgangspunkt i ei oppskrift henta i frå boka "Babystrikk" av Debbie Bliss. Men, eg har felt litt annleis enn det som er oppgitt i oppskrifta, for at huene skal bli litt lenger.


Begge huene er strikka på pinne 4,0 mm og 4,5 mm, og val av garn falt på "Emilie" frå Spar Kjøp.


No skal eg fortsette å strikke litt på "Nancy-kofta" mi. Seinare i kveld bær det avgårde til eit vennepar av oss. Alt er klappa og klart for ein hyggjeleg fredagskveld :) Riktig god helg!

19. mars 2014

Strikkekafè!

Nytt prosjekt på pinnane! Endå ei "ole lukkeøye-lue" er under produksjon, men denne gongen i ein litt annan fargekombinasjon. Oppskrifta er henta i frå boka "Babystrikk" av Debbie Bliss.



Eg er med andre ord klar for strikkekafè igjen :)

13. mars 2014

Sokker som varmer!

Endå eit nytt prosjekt har funne vegen til pinnane. Ja, du leste riktig! Men, denne gongen kunne eg rett og slett ikkje la vere. For då eg kom over prosjektet "Sokker som varmer" var eg berre fint nøydd å finne fram strømpepinnar og passande garn :)


"Sokker som varmer" er eit samarbeid mellom bladet Familien og Frelsesarmeen, der ein vert oppfordra til å strikke sokkar til menneske som av ulike årsaker har behov for dette. Solidaritet, nestekjærleik og medmenneskelegheit er noko som skal gagne oss alle - også dei som har komme litt skeivt ut. Hiv deg rundt og bli med på utfordringa du óg. Meir informasjon om prosjektet kan du finne på facebooksida "Sokker som varmer".

9. mars 2014

ole lukkeøye-lue

På onsdag var eg på handarbeidskafè. Vi var ein fin gjeng og det heile var riktig så koseleg. Utan tvil ein kveld som freistar til gjentaking. Sidan det var fyrste gongen, for min del, tenkte eg at det kunne vere greit med eit noko enkelt prosjekt, og valet falt difor på ole lukkeøye-lue. 


Oppskrifta er henta i frå boka "Babystrikk" av Debbie Bliss. Ei nydeleg bok.


Hua vart fort ferdig og i dag fekk eg endeleg somla meg til å lage dusken og festa trådane :)

2. mars 2014

Update

Denne veka har vore hard og årsaka er enkel; vi har hatt sjukdom i hus. Formen har ikkje vore på topp og etter fleire dagar med sjukdom var eg heilt utkøyrd. Heldigvis er formen stigande og veka vart avslutta med stil. På fredag var det nemleg duka for treretters middag, samt god underhalding :)


Forutan å ha vore sengeliggande har eg sjølvsagt fått strikka litt sidan sist, og på pinnane har eg ein heildress. Oppskrifta er henta i frå boka "Strikk til nøstebarn" av Kathrine Gregersen. Det har i grunn gått fort framover og eg skal snart byrje med armane.

Ha ein fin søndag!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...