Snakk om nysgjerrigper! Tassen står i vindauget å følger med på ALT og ALLE som tuslar forbi. "Kem? Ka? Kor?" Her er det ikkje snakk om å gå glipp av noko som helst.
Til tider kan det bli litt for spennande og då kjem det eit lite "Boff"
Eg har tatt sommarferie=) Skulen er over for denne gong, og alle eksamenane er i boks. No skal eg berre nyte tida som kjem. Ellers må eg også berre få med at eg avslutta med å få A i praktisk tverrestetisk (drama, forming og musikk) eksamen - WEE!
Endå ein UFO er blitt ferdigstillt. Det går sakte men sikkert framover med UFO lista mi som er nemt tidlegare her på bloggen. Har ikkje vore så mykje tid til overs i det siste, sidan både flytting og eksamen krev sitt. Denne kjolen har vore ferdig ei god stund. Den har berre mangla knappar samt eit par trådar som har venta på å bli festa.
Kjolen er i størrelse 0-3 månadar, og den er strikka i "Bambino ull" frå Idèna. Eg har tatt utgangspunkt i oppskrifta frå boka "myk start".
Tjo hei så det går. No er 3 av 5 UFO`ar ferdige og eg nærmar meg sakte men sikkert målet som eg sette meg. Eg seier ikkje med dette at eg ikkje har fleire UFO`ar liggande, for det ville jo nesten vore å lyge. Denne gongen er det sokkane i størrelse 2 år som er blitt ferdige.
Sokkane er strikka i babyull og på pinnar nummer 2,5 mm.
Eg har faktisk ikkje begynt på eit einaste nytt prosjekt i mellomtida. Heilt utruleg spør du meg! Fortjenar jo nesten ein diplom :)
Då var UFO nummer to ferdigstilt. Dette blei eit sokkepar som eg skal behalde sjølv! Eg har vel sokkar i omtrent alle regnbogens fargar, så no var det verkeleg på tide med eit einsfarga par i ein noko meir nøytral farge.
Sokkane er strikka på pinnar nummer 2,5 mm. Har strikka dei i arwetta. Eit fantastiskt garn til sokkar.
Som eg skreiv i kommentarfeltet i innlegget under så er eksamenstida like rundt hjørnet. Den første eksamenen for min del, går av stabelen mandag 25. mai. Dette er ein muntleg gruppeeksamen i begynnaropplæring (BOL) som består av faga norsk, matematikk og pedagogikk. Dette burde jo dermed vere eit sikkert teikn på at eg skulle halde meg langt unna alt som heiter blogg, hobby, pc og liknande. Eg burde bruke all mi dyrebare tid på å grave meg ned i diverse pensumbøker og anna faglitteratur.
Men, neidå! Her sitter eg. Med pc`en godt planta i fanget. Og innlegget ser i tillegg ut til å bli eit av dei lengste innlegga eg har skrevet hittil.
Såh! Over til det eg eigentleg skulle skrive om i dagens innlegg. Det har seg nemleg slik at eg har ein haug med påbegynte (små)prosjekt på hobbyfronten. Desse har eg no bestemt meg for at eg skal gjere ferdig i nærmaste framtid. Men målet er vel igrunn å klare det utan å begynne på endå fleire nye prosjekt! Ønsk meg lykke til! Og om eg ikkje skulle bli ferdig... Jah, då skyldar eg på at eg held på å lese til eksamen (!?!)
UFO #1:
Ei oppvaskfille strikka i "Mandarin Petit" og på pinnar nummer 4,0 mm. Denne burde jo vere ein enkel sak å ferdigstille!
Eit par babysokkar er blitt ferdige i løpet av dagen :)
Desse sokkane vart påbegynt for LAANG tid sidan. Det er merkeleg kor lett det er å leggje påbegynte prosjekt til sides, for så å begynne på noko nytt. Sokkane er strikka i babyull pluss litt restar av ein annan tråd. Pinnar nummer 2,5 mm er brukt.
Eit nytt vidunder er komme inannfor husets fire veggar :)
Siste investering, som mange av dykk kanskje skjønner, er altså ei nøstemaskin! Fantastisk korleis eit nøste kan bli. Til og med restegarn er blitt ein kjekk ting å ha no. Særleg etter at nøsta blei sjåande slik ut!
Då har eg prøvd meg på å strikke uglemønster, eg også! Eg kan då ikkje vere noko dårlegare enn alle andre:p Ettersom at mønsteret var nytt for meg, kom eg fram til at det var best å prøve seg på noko lite og enkelt. Valet fall dermed på eit panneband.
Pannebandet er strikka i babyull frå Gjestal og på pinne nummer 2,5 mm er brukt. Har også gitt den eine ugla eit par auger, som ein siste "finish".
Eg har strikka ei lita hue i størrelse 2 år. Med denne hua har eg teke utgangspunkt i ei oppskrift i frå boka "Strikk til nøstebarn", men eg har gjort nokre små endringar under vegs.
Denne hua var fantastisk kjapp og strikke, så det kjem nok nokre fleire av denne sorten litt etter kvart.
Hua er strikka i "Bambino ull" frå Idèna, på pinnar 2,5 mm og 3,0 mm.