19. mai 2014

Konkurranse!

Då er det på tide med ein ny konkurranse her på bloggen :) Eg trekkjer ut ein vinnar som stikk av med ein goodiebag beståande av Lulu`s sminkepung - Mini // Victoria`s Secret Body Splash - Coconut Passion, 60 ml // Hot Makeup - Neglelakk // Real Techniques - Foundation Brush //Real Techniques - Miracle Complexion Sponge;


For å delta;
Bli fylgjar av bloggen på facebook - ny side (1 lodd)
Bli fylgjar av bloggen på bloglovin (1 lodd)
Del bilete + link til konkurranse på eigen blogg/facebook (2 lodd)

Maks 4 lodd pr. deltakar.

Hugs å leggje igjen ein kommentar der du skriv kor mange lodd du deltek med i trekninga.
Konkurransen vil bli avslutta måndag 9. juni.

Lykke til!

KONKURRANSEN ER AVSLUTTA
VINNAR ER KONTAKTA

18. mai 2014

Dagens outfit!

Eg har strikka endå eit av desse skjørta som er blitt så utruleg populære. Men, denne gongen har eg lagt opp langt fleire masker og strikka det i størrelse vaksen (small).


Skjørtet er strikka i "Emilie" frå Spar Kjøp. Har strikka det på pinne 4,0 mm, og eg har tatt
utgangspunkt i denne oppskrifta.


Eg har strikka underskjørtet litt kortare enn det som er oppgitt i oppskrifta (2 mønsterrapportar + 12 omg. rett). La opp 252 masker. Når det kjem til felling på skjølve skjørtet har eg valt å felle 2 masker kvar fjerde omgang, totalt 20 gongar, midt bak.



Snora i skjørtet er laga ved hjelp av i-cord. Den mest geniale teknikken nokon sinne. Eit stort pluss for at dei er superenkle å lage. Filmklipp som syner framgongsmåte finn du her.


Alt i alt er eg superfornøgd med dette skjørtet.

17. mai 2014

Gratulerar med dagen!

Ynskjer dykk alle ein riktig fin 17. Mai :) Håpar dykk får ein fin dag. I år er det 200 år sidan Grunnlova formelt vart vedteken ved Eidsvoll, i 1814.


Hipp, hipp...
...HURRA!

11. mai 2014

Hipp, Hipp, HURRA!

Skjørtet som vart begynt på i går er no ferdig. Dette er utan tvil eit kjekt lite prosjekt - med eit like nydeleg resultat. Eit skikkeleg 17.mai-skjørt vart det denne gongen :)


Perfekt til ei lita prinsesse. Skjørtet er strikka med "underskjørt", og er strikka i størrelse 2-4 år.


Denne gongen har eg brukt Senjagarn frå Nille. Skjørtet er strikka på pinne 4,0 mm, og eg har tatt
utgangspunkt i denne oppskrifta.


Eg har strikka underskjørtet litt kortare enn det som er oppgitt i oppskrifta (2 mønsterrapportar + 12 omg. rett). Når det kjem til felling på skjølve skjørtet har eg valt å felle 2 masker kvar fjerde omgang, totalt 12 gongar, midt bak.


Snora i skjørtet er laga ved hjelp av i-cord. Den mest geniale teknikken nokon sinne. Eg har tidlegare anten hekla eller tvinna snorene, men den tida er det definitivt slutt på no. Eg synast at  i-cord snorene vert mykje finare. Eit stort pluss for at dei er superenkle å lage, i tillegg til at dei er veldig lette å knyte.


Oppskrift på hekla blomst kan du finne her. Tips; Fest pynten med ei sikkerhetsnål. Då kan den lett takast av eller byttast ut, og skjørtet kan dermed nyttast til andre anledningar :)

10. mai 2014

17.mai skjørt

Eg har begynt på mitt fjerde skjørt, denne gongen i skikkelige 17. mai fargar;


For meir informasjon om skjørtet og framgangsmåte kan du trykke her.

5. mai 2014

Bestemorrute med blomst

Eg prøver meg litt fram med heklenåla for ein gangs skuld. Det er diverre ikkje så ofte den er i bruk, og no var det lenge sidan sist. Første rute, med blomst, er vel gjennomført - og eg kan ikkje sei stort anna enn at eg likar det :)


Bestemorruta er hekla med Viking Babyull på heklenål 2,0 mm. Litt liten, men veldig søt. No er det vel i grunn berre å fortsette til ein har mange nok ruter tilsvarande eit heilt vognteppe, eller liknande, om ikkje ein finn noko smart den kan brukast til.

1. mai 2014

Dobbelt opp!

Endå eit lite skjørt med "underskjørt" har sett dagens lys. Desse var jo berre superenkle å lage. Utan tvil eit kjekt, lite prosjekt - med eit nydeleg resultat. Det vert garantert fleire av desse i tida framover.


Denne gongen falt valget på ein nydeleg gråfarge, og også dette skjørtet er strikka i størrelse 2-4 år. For meir informasjon om skjørta og framgangsmåte kan du trykke her.

28. april 2014

Skjørt med "blondekant"

Skjørtet som eg begynte på i går er no ferdig. Utan tvil eit kjekt lite prosjekt - med eit nydeleg resultat. Synast det vart eit søtt, lite skjørt. Perfekt til ei lita prinsesse. Skjørtet er strikka med "underskjørt", og er i størrelse 2-4 år.

Eg har strikka skjørtet i babyull, på pinne 4,0 mm, og eg har tatt utgangspunkt i denne oppskrifta.



Snora i skjørtet er laga ved hjelp av i-cord. Eg veit ikkje om eg har nemnt det før :p For ein teknikk! Eg har tidlegare anten hekla eller tvinna snorene, men den tida er det definitivt slutt på no. Eg synast at  i-cord snorene vert mykje finare. Eit stort pluss for at dei er superenkle å lage, i tillegg til at dei er veldig lette å knyte.

27. april 2014

Nytt prosjekt på pinnane...

Eg kosar meg ute på verandaen med eit nytt prosjekt på pinnane. Eit nydeleg skjørt, med "underskjørt", i størrelse 2-4 år. Skjørtet vert strikka i babyull og eg har tatt utgangspunkt i denne oppskrifta.


No skal vi snart finne fram litt mat og flytte oss bort i grillhytta for litt grillmat - det er jo ikkje muleg å sitte så mykje innandørs når det er eit slikt nydeleg veir ute :) Ha ein fortsatt fin søndag!

24. april 2014

Konkurranse

Då er det på tide med ein ny konkurranse her på bloggen :) Eg trekkjer ut éin heldig vinnar som stikk av med eit gjennomsiktig deksel med "bling bling" til iPhone 5, samt ein søt kontaktbeskyttar/pynt til å henge på mobilen.


For å delta;
Bli fylgjar av bloggen på facebook (1 lodd)
Bli fylgjar av bloggen på bloglovin (1 lodd)
Del bilete + link til konkurranse på eigen blogg/facebook (2 lodd)

Maks 4 lodd pr. deltakar.

Hugs å leggje igjen ein kommentar der du skriv kor mange lodd du deltek med i trekninga.
Konkurransen vil bli avslutta måndag 5. mai.

Lykke til!

KONKURRANSEN ER AVSLUTTA
VINNAR ER KONTAKTA

22. april 2014

Ei fin lita prinsesse ♡

Hue og hals med hekla blomst, begge strikka i babyull på pinne 3,5 mm, til ei fin lita prinsesse ♡


Oppskrifta på halsen er henta i frå boka "Strikk til nøstebarn" av Kathrine Gregersen. Når det kjem til hua har eg tatt utgangspunkt i ei oppskrift henta i frå boka "Babystrikk" av Debbie Bliss. Eg har felt litt annleis enn det som er oppgitt i oppskrifta, for at hua skal bli litt lenger.

16. april 2014

God Påske!

PÅSKEFERIE :)


Påskeferien nærmar seg no for dei aller fleste av oss, og for mange er det siste arbeidsdag i dag, før påskeferien står for tur. Kanskje er også du ein av dei heldige som allereie har tatt ferie?


Sjølv tok vi påskefri allereie på torsdag som var og vi har så langt tilbragt litt kvalitetstid saman med papsen ❤


Vi har kost oss maks så langt denne påska, og i kveld bærer det avgårde på Egon (utan tvil min store favoritt), saman med mannen, den eine favoritt-tanta mi og eit syskenborn eller to.
Kos.


Eg vil med dette ynskje dykk alle ei riktig god påske!


Q; Har du nokon spesielle planar for påska?

15. april 2014

Buzzador

Er du i alderen 15-18 år, eller er du nyleg blitt mamma? Bloggar du? Kanskje har du ei brennande interesse for skjønnheit eller matlaging? I så fall - kunne du tenkje deg å bli ein Buzzador? 

Buzzador søkjer nemleg i denne augneblinken blant anna etter personar som er født i tidsrommet 1996-1999, personar som har interesse for mat eller skjønnheit, bloggarar eller mammaer, og som kunne tenkje seg å teste ut nye og spanande produkt.

Kort fortalt handlar det å vere Buzzador om at ein får tilbod om å tests ut ulike produkt og tjenestar. Tanken er at ein som Buzzador skal prøve ut, evaluere, samt vidareformidle informasjon og meiningar kring dei ulike produkta. Og det beste av alt; det er gratis!
// Nokre eksempel på tidlegare kampanjar hjå buzzador.no.

Nokre av kampanjane eg sjølv har delteke i;
✔ Sommerpakke frå OBH Nordica
✔ Oral-B TriZone 5000
✔ LoveFilm

6. april 2014

Oppussing + Innkjøp

God søndag!

Skal sei tida flyg. Dagane rasar avgårde, og før ein veit ordet av det er endå ei helg forbi. Vi har brukt store delar av helga til husvask og oppussing av gjesterom. Mannen er i full gong med å rive alt som er på gjesterommet. Alt skal vekk! Tak, vegger, dør, golv, osv. Vindauge har vi allereie bytta.

Eg gledar meg til vi er ferdig. Det skal verte så godt å få bytta ut den mørke panelen som var her, med lyse og fine veggar. Vi har bestemt oss for å male den eine veggen i ein kontrastfarge, nærmare bestemt ein gråtone, så eg er veldig spent på resultatet.


Ellers har eg bestillt meg litt nytt til kjøkkenet. No som både våren og sommaren står for tur, er det kjekt med litt nytt. I går dukka det opp ein herleg pakke med ulike delar av serviset Songvaar. Dette nydelege porselensetkruset med roser, i ulike blåtonar, er utan tvil min største favoritt - får skikkeleg vårfølelse. Bestillt frå Bua Dekor.


No skal pizzadeiga settast, så er det duka for god kveldsmat og tv resten av kvelden :)
Fortsatt god helg!

28. mars 2014

Babyvotter

Siste prosjekt av pinnane er eit par søte, små babyvottar. Vottane er superenkle å lage - og dei er unnagjort i løpet av ein liten kveld. Synast i grunn dei blei bra nusselege :) Ikkje minst er dette eit flott prosjekt om ein har litt garnrestar liggande.


Garnvalet falt også denne gongen på "Emilie" frå Spar Kjøp. Eit mjukt og deilig garn. Eg la opp 40 masker (10x4) på strømpepinne 2,5 mm og strikka ei passande vrangbord. Fortsette så med glattstrikk og mønster før eg til slutt felte av i ein spiss. 


 Snora er ca. 65 cm og er laga ved hjelp av i-cord. Eg kan ikkje få sagt ofte nok kor glad eg er i denne teknikken. Synest snorene vert så fine. Eit stort pluss er at dei er superenkle å lage.


God helg til dykk alle!

21. mars 2014

ole lukkeøye-lue

To små huer er blitt til. Huene er i størrelse 0-3 månadar og 3-6 månadar.


Desse huene er både raske og kjekke å strikke!


Eg har tatt utgangspunkt i ei oppskrift henta i frå boka "Babystrikk" av Debbie Bliss. Men, eg har felt litt annleis enn det som er oppgitt i oppskrifta, for at huene skal bli litt lenger.


Begge huene er strikka på pinne 4,0 mm og 4,5 mm, og val av garn falt på "Emilie" frå Spar Kjøp.


No skal eg fortsette å strikke litt på "Nancy-kofta" mi. Seinare i kveld bær det avgårde til eit vennepar av oss. Alt er klappa og klart for ein hyggjeleg fredagskveld :) Riktig god helg!

19. mars 2014

Strikkekafè!

Nytt prosjekt på pinnane! Endå ei "ole lukkeøye-lue" er under produksjon, men denne gongen i ein litt annan fargekombinasjon. Oppskrifta er henta i frå boka "Babystrikk" av Debbie Bliss.



Eg er med andre ord klar for strikkekafè igjen :)

13. mars 2014

Sokker som varmer!

Endå eit nytt prosjekt har funne vegen til pinnane. Ja, du leste riktig! Men, denne gongen kunne eg rett og slett ikkje la vere. For då eg kom over prosjektet "Sokker som varmer" var eg berre fint nøydd å finne fram strømpepinnar og passande garn :)


"Sokker som varmer" er eit samarbeid mellom bladet Familien og Frelsesarmeen, der ein vert oppfordra til å strikke sokkar til menneske som av ulike årsaker har behov for dette. Solidaritet, nestekjærleik og medmenneskelegheit er noko som skal gagne oss alle - også dei som har komme litt skeivt ut. Hiv deg rundt og bli med på utfordringa du óg. Meir informasjon om prosjektet kan du finne på facebooksida "Sokker som varmer".

9. mars 2014

ole lukkeøye-lue

På onsdag var eg på handarbeidskafè. Vi var ein fin gjeng og det heile var riktig så koseleg. Utan tvil ein kveld som freistar til gjentaking. Sidan det var fyrste gongen, for min del, tenkte eg at det kunne vere greit med eit noko enkelt prosjekt, og valet falt difor på ole lukkeøye-lue. 


Oppskrifta er henta i frå boka "Babystrikk" av Debbie Bliss. Ei nydeleg bok.


Hua vart fort ferdig og i dag fekk eg endeleg somla meg til å lage dusken og festa trådane :)

2. mars 2014

Update

Denne veka har vore hard og årsaka er enkel; vi har hatt sjukdom i hus. Formen har ikkje vore på topp og etter fleire dagar med sjukdom var eg heilt utkøyrd. Heldigvis er formen stigande og veka vart avslutta med stil. På fredag var det nemleg duka for treretters middag, samt god underhalding :)


Forutan å ha vore sengeliggande har eg sjølvsagt fått strikka litt sidan sist, og på pinnane har eg ein heildress. Oppskrifta er henta i frå boka "Strikk til nøstebarn" av Kathrine Gregersen. Det har i grunn gått fort framover og eg skal snart byrje med armane.

Ha ein fin søndag!

22. februar 2014

Hals

To små halsar har sett dagens lys. Oppskrifta er henta i frå boka "Strikk til nøstebarn" av Kathrine Gregersen. Ei nydeleg bok, med mange fantastiske oppskrifter. Slik som desse halsane, som er både enkle og raske å strikke.



Faktaboks;

Mønster; Strikk til nøstebarn.
Pinnar; 3,5 mm.
Garn; Babyull.
 




Eit fint, lite prosjekt dersom ein skulle vere så heldig å ha nokon einsame garnnøster liggande :)
Ha ein fin lørdag!

16. februar 2014

Fin søndag!

Eg kosar meg med strikketøyet mitt, samstundes som OL rullar over tv-skjermen. På pinnane har eg i augeblinken ei Nancy kofte med rundt bærestykke til meg sjølv. Oppskrifta på denne nydelege kofta er henta i frå Sandnes Garn sitt hefte "Tema 35; Norske ikoner".

Enn så lenge går det stødig framover. Bolen er ferdig og tilsidelagt, i påvente av armar og mønsterstrikk. Begge armane er no påbegynte, og dersom eg kjem i mål med dette prosjektet så er det faktisk eit av dei fyrste skikkelege klesplagga eg strikkar til meg sjølv - om ein ser vekk i frå sokkar og slikt :)

Ha ein fin søndag!

14. februar 2014

Happy Valentine`s`Day!

Happy Valentine`s Day! Håpar dykk alle har hatt ein fin dag så langt. Her i huset har vi ingen store planar for dagen. Vi har i grunn ikkje for vane å gjere noko stort ut av valentinsdagen, men eg synast likevel at det er koseleg å gjere litt ekstra stas på kvarandre.

Mannen i huset kom heim med ein nydeleg blomsterbukett ❤


Sjølv sette eg av litt tid på føremiddagen til å stelle i stand ein liten gåvepose,
med diverse godbitar i, til han ❤



Det er jo ikkje til å stikke under ein stol at det alltid er like kjekt med ein slik dag, der ein kan syne kvarandre litt ekstra merksemd. Likevel finnast det vel ingen tvil om at det er dei kvardagslege tinga som verkeleg er verdt noko - i det heile og store ❤

10. februar 2014

Søndag 09.02.2014

I går var ein fin dag! Vi har nemleg tilbragt dei siste dagane heime i Dale, og ut på ettermiddagen var vi på besøk hos mamma ein tur. Med pakke og det heile. Ho fortjenar nemleg litt ekstra merksemd på ein slik dag ❤

Litt tidlegare på dagen tok vi oss ein tur ut - sjølvsagt med fotoapparatet på slep.







Om litt set vi kursen mot Førde. Ein snartur innom sjukehuset, før vi vender nasa heimover igjen. Endå ei visdomstann skal opererast ut - og eg gledar meg stort til å bli kvitt dette svineriet :)

9. februar 2014

Morsdag!

Til mamma!
Da mødre ble til
var tanken ganske klar.
For mødre har noe i seg
som ingen andre har.
De øser av sin omsorg
og deler alt de vet.
De viser deg at livet
er håp og kjærlighet.
Derfor har vi mødre
og dersom du spør meg.
Den beste mor i verden
det er nettopp DEG! 
Gratulerar med morsdagen, mamma ❤
- og alle andre mødre!

18. januar 2014

Den store guttestrikkeboka!

Her om dagen dukka det opp ei ny bok i postkassa mi; "Den store guttestrikkeboka", av Charlott Pettersen. Ei bok stappfull av herlege strikkeoppskrifter på kle til gutar i alderen 0-8 år. Nokre av oppskriftene i boka er det forfattaren sjølv som står bak, medan andre oppskrifter igjen er gamle klassikarar. 


Til tross for at eg allereie har alt for mange påbegynte prosjekt, som ligg rundt om kring, så klarte eg ikkje å dy meg. Eg var berre fint nøydd til å ta boka i bruk med ein einaste gong :) Første prosjekt ut er denne søte stripehua - i størrelse bitteliten;


 Eg likar striper, og den vesle antenna på toppen er jo berre med på å gjere hua ekstra søt!

2. januar 2014

Årskavalkade; 2013!

Den årlege kavalkaden for bloggåret 2013 står no for tur, og eg synast det er like stor stas å setje meg ned med desse innlegga, år etter år. Det å lese i gjennom bloggen - dag for dag, side for side. Det er utruleg kjekt med slike tilbakeblikk på året som har gått. 

JANUAR;

Eg byrja det nye året med å ta fram igjen Skappelgensaren som eg begynte på for x antal månadar sidan, denne gongen for ferdigstilling. Men, eg tok meg nok kanskje litt vatn over hovudet når eg sa dette. Den er endå ikkje ferdig. Det er ikkje mykje som gjenstår, men ettersom at eg manglar litt tråd har den berre blitt liggande.


I samarbeid med personlegalmanakk.com hadde eg gleda av å dele ut ein valfri almanakk til ein av mine blogglesarar. I den forbindelse fekk eg óg mulegheita til å designe min eigen personlege almanakk :) Kort tid etter dukka den i opp i posten og eg kunne begynne det nye året for fullt;


Bytte bloggplattfrom? Forandring frydar, er det visst noko som heiter, så denne månanden tok eg også skrittet vidare og byrja blogginga for fullt her på blogger.com.

FEBRUAR;

Har du sett noko meir sjarmerande?
Den vesle tassen på biletet nedanfor blei raskt ein stor favoritt her i huset.


Bloggen fekk nytt design! Ellers var det fleire, nye strikkeprosjekt som vart påbegynt denne månaden. Blant anna dette babyteppet, strikka i mjuk alpakka. Note to myself; Bli flinkare til å blogge og ta bilete av alle dei ulike prosjekta som eg gir meg i kast med :)


MARS;

Store delar av mars gjekk også med til strikking, litt interiør og ikkje minst påskeferie; Første prosjekt ut denne månaden var ei djevelhue og eit par med babytøflar. Eit fint lite sett, til ein herleg liten sjarmør ♡



Påska stod for tur, og denne påska var vi verkeleg heldige med påskeveiret her på vestlandet ☀ Det var nok kanskje noko av det finaste veiret vi hadde dette året - for sumaren var utan tvil ikkje så mykje å skryte av.


Litt påskepynt vart det også;


Etter at vi kjøpte oss hus i 2012 har eg også fått ei gryande interesse for interiør. Med stort og nytt hus trengs det også ein del nye møblar, og denne månaden var det yttergangen som stod for tur;


APRIL;

Det er viktig med litt kos innimellom;


I det vi trudde våren var på veg dukka snøen opp igjen - før det igjen vart vår;


MAI;

Mai er den store eksamensmånaden, også for meg. Etter å ha lagt bak meg alle dei obligatoriske oppgåvene var det to veker med intens eksamens arbeid som stod for tur. Men, etter nokre lange og nervepirrande veker kunne eg endeleg puste letta ut. Eksamensresultatet var på plass og eg kunne ta meg ein velfortjent sommarferie.

 Eg har så langt fullført førskulelærarutdanninga (bachelor), samt tatt nettstudiet dynamisk webutviklar og føler meg no ferdig på skulebenken - i vertfall for ei stund :)  

JUNI;

Ebay har lenge vore ein stor favoritt og sida blir jevnleg besøkt. Innimellom dukkar det opp eit par skattar i postkassa, blant anna denne og denne.


Min kjære sambuarar fylte år, og i den anledning vart det servert mange godsaker, blant anna pavlova kake med friske bær, muffins og sjokoladekake. Hipp, Hipp, Hurra!


Fotosamlinga vår vart utvida med eit vidvinkelzoomobjektiv, og dette var bursdagsgåva i frå meg til mannen i huset.


Etter at eg strikka min første kjøkkenklut for nærmare 10 år sidan, har produksjonen berre fortsatt, og eg har ikkje tal på kor mange klutar eg har strikka sidan den gong. Men, at eg har vore sjølvforsynt med kjøkkenklutar er det nok ingen tvil om.


JULI;

Denne månaden hadde vi besøk av eit vennepar og den vesle prinsessa deira. Vi hadde nemleg avtalt ein aldri så liten photoshoot. Dagen blei brukt til fotografering av vesla nedanfor, før vi avslutta kvelden med god mat, i hyggjeleg selskap.


Dette er også månaden for markering av dagen vår - 18.07.2010 er den magiske datoen ♡


AUGUST;

August betyr ferietid. Og litt ekstra tid heime i Dale. Etter ferien byrja vi også på arbeidet med å ferdigstille hagen etter at vi tidlegare i år bestemte oss for å skifte vatn- og avlaupsrøyr.


Eit par nye favorittar vart det óg.


SEPTEMBER;

Sommaren er over for denne gong og årets første haustmånad er på plass. September er óg min bursdagsmånad.

Nytt kamera blei kjøpt; Canon EOS 650D. Eit kamera med mulegheit for filming i full HD-oppløysing, heile 18 megapikslar og ikkje minst vribar berøringsskjerm.


Ein ny verdensborgar såg dagens lys og i den anledning måtte sjølvsagt strikkepinnane fram.


OKTOBER;

Oktober er rosa!


NOVEMBER;

Eg tipsa dykk om KickBack - ei tjeneste som gjev deg attende pengar når du handlar på nettet. Utan tvil ein stor favoritt.


Og som vanleg var omtrent alle julegåvene i boks før vi rakk å skrive desember.

DESEMBER;

Desember er årets siste månad; julemånaden! Eg valde å ikkje køyre noko julekalendar på bloggen, rett og slett fordi det krever ein heil del planlegging - og fordi at tida ikkje strekk til. Men, nokre konkurransar vart det likevel - her, her og her. Vi var på kino, Solan og Ludvig; Jul i Flåklypa - ein fin start på førjulstida.


Litt strikk vart det sjølvsagt også tid til - og nedanfor ser dykk bilete av siste rest av årets julegåvestrikk. Siste prosjekt ut før jul, var to enkle, små ullbukser;


Heilt til slutt vil eg takke alle dei flotte lesarane mine; Takk til alle som fylgjer bloggen min, takk for alle fine kommentarar og takk for alle tilbakemeldingar eg har fått i løpet av året. Eg ser fram til eit nytt og spanande bloggår og håpar med dette at dykk vil fortsette å fylgje meg i året som kjem ♡

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...