14. februar 2013

Will you be my Valentine?

Happy Valentine`s Day! I dag er det 14. februar og "Valentine`s Day", eller "Alle Hjerters Dag", som det så fint heiter på norsk. Sjølv har vi ikkje for vane å gjere noko stort ut av denne dagen, men eg synast at det er koseleg å gjere litt ekstra stas på kvarandre. Det er jo ikkje til å stikke under ein stol at det alltid er like kjekt med ein slik dag, der ein kan syne kvarandre litt ekstra merksemd. Likevel finnast det ingen tvil om at det er dei kvardagslege tinga som verkeleg er verdt noko - i det heile og store.



Uavhengig av kva ein vel å bruke dagen til, så handlar det heile om å syne at ein set pris på kvarandre. Er du singel? Ja, då kan du kose deg saman med gode vener. Kva med ein skikkeleg jentekveld? Eller ein tur på kino? Det finnast ikkje betre unnskulding. Valentine`s Day er den perfekte dagen til å tilbringe tid saman med nokon ein er glad i 
Q; Har du gjort ekstra stas på nokon, i dag?

6 kommentarer:

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget ❤

Kommentaren må godkjennast før den vert lagt ut på bloggen,
det vil difor kunne ta noko tid før den vert synleg.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...