14. desember 2013

Homemade; Strikk til småtroll!

Då er det på tide med ei aldri så lita oppdatering frå denne fronten. Her har strikkepinnane gått i eitt sidan sist, og no er aller siste rest av årets julegåvestrikk felt av pinnane :) Eg må sei at det er utruleg godt å vere ferdig, og det i rimeleg tid før jul. Siste prosjekt ut er to enkle, små ullbukser. Buksene er strikka i babygarnet "Emilie" i frå Spar Kjøp, og utgangspunktet til framgangsmåten er henta i frå denne oppskrifta.


Eg har lagt til nokre endringar under vegs, som til dømes å strikke inn holrad. Ellers fortsetter eg trenden min, med i-cord snorer. For ein teknikk! Eg har tidlegare anten hekla eller strikka snorene, men den tida er det definitivt slutt på no. Synest desse snorene vert mykje finare. Eit stort pluss for at dei er superenkle å lage, i tillegg til at dei er veldig lette å knyte.


Ellers minnar eg om konkurransen som eg held gåande i samarbeid med skrivargarden.no. Trykk her for å delta, og du er med i trekninga av ein flott og praktisk familiekalendar for året 2014.

I dag er det berre 10 små dagar attende til julafta :D Wii!
Ynskjer dykk ei fortsatt fin helg!

2 kommentarer:

  1. Så fine!
    Har du brukt dobbelt garn som i oppskriften? De ser så mye smalere ut :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Eg har kun brukt enkel tråd på desse buksene :)

      Slett

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget ❤

Kommentaren må godkjennast før den vert lagt ut på bloggen,
det vil difor kunne ta noko tid før den vert synleg.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...