22. februar 2014

Hals

To små halsar har sett dagens lys. Oppskrifta er henta i frå boka "Strikk til nøstebarn" av Kathrine Gregersen. Ei nydeleg bok, med mange fantastiske oppskrifter. Slik som desse halsane, som er både enkle og raske å strikke.



Faktaboks;

Mønster; Strikk til nøstebarn.
Pinnar; 3,5 mm.
Garn; Babyull.
 




Eit fint, lite prosjekt dersom ein skulle vere så heldig å ha nokon einsame garnnøster liggande :)
Ha ein fin lørdag!

16. februar 2014

Fin søndag!

Eg kosar meg med strikketøyet mitt, samstundes som OL rullar over tv-skjermen. På pinnane har eg i augeblinken ei Nancy kofte med rundt bærestykke til meg sjølv. Oppskrifta på denne nydelege kofta er henta i frå Sandnes Garn sitt hefte "Tema 35; Norske ikoner".

Enn så lenge går det stødig framover. Bolen er ferdig og tilsidelagt, i påvente av armar og mønsterstrikk. Begge armane er no påbegynte, og dersom eg kjem i mål med dette prosjektet så er det faktisk eit av dei fyrste skikkelege klesplagga eg strikkar til meg sjølv - om ein ser vekk i frå sokkar og slikt :)

Ha ein fin søndag!

14. februar 2014

Happy Valentine`s`Day!

Happy Valentine`s Day! Håpar dykk alle har hatt ein fin dag så langt. Her i huset har vi ingen store planar for dagen. Vi har i grunn ikkje for vane å gjere noko stort ut av valentinsdagen, men eg synast likevel at det er koseleg å gjere litt ekstra stas på kvarandre.

Mannen i huset kom heim med ein nydeleg blomsterbukett 


Sjølv sette eg av litt tid på føremiddagen til å stelle i stand ein liten gåvepose,
med diverse godbitar i, til han 



Det er jo ikkje til å stikke under ein stol at det alltid er like kjekt med ein slik dag, der ein kan syne kvarandre litt ekstra merksemd. Likevel finnast det vel ingen tvil om at det er dei kvardagslege tinga som verkeleg er verdt noko - i det heile og store 

10. februar 2014

Søndag 09.02.2014

I går var ein fin dag! Vi har nemleg tilbragt dei siste dagane heime i Dale, og ut på ettermiddagen var vi på besøk hos mamma ein tur. Med pakke og det heile. Ho fortjenar nemleg litt ekstra merksemd på ein slik dag 

Litt tidlegare på dagen tok vi oss ein tur ut - sjølvsagt med fotoapparatet på slep.







Om litt set vi kursen mot Førde. Ein snartur innom sjukehuset, før vi vender nasa heimover igjen. Endå ei visdomstann skal opererast ut - og eg gledar meg stort til å bli kvitt dette svineriet :)

9. februar 2014

Morsdag!

Til mamma!
Da mødre ble til
var tanken ganske klar.
For mødre har noe i seg
som ingen andre har.
De øser av sin omsorg
og deler alt de vet.
De viser deg at livet
er håp og kjærlighet.
Derfor har vi mødre
og dersom du spør meg.
Den beste mor i verden
det er nettopp DEG! 
Gratulerar med morsdagen, mamma 
- og alle andre mødre!

18. januar 2014

Den store guttestrikkeboka!

Her om dagen dukka det opp ei ny bok i postkassa mi; "Den store guttestrikkeboka", av Charlott Pettersen. Ei bok stappfull av herlege strikkeoppskrifter på kle til gutar i alderen 0-8 år. Nokre av oppskriftene i boka er det forfattaren sjølv som står bak, medan andre oppskrifter igjen er gamle klassikarar. 


Til tross for at eg allereie har alt for mange påbegynte prosjekt, som ligg rundt om kring, så klarte eg ikkje å dy meg. Eg var berre fint nøydd til å ta boka i bruk med ein einaste gong :) Første prosjekt ut er denne søte stripehua - i størrelse bitteliten;


 Eg likar striper, og den vesle antenna på toppen er jo berre med på å gjere hua ekstra søt!

2. januar 2014

Årskavalkade; 2013!

Den årlege kavalkaden for bloggåret 2013 står no for tur, og eg synast det er like stor stas å setje meg ned med desse innlegga, år etter år. Det å lese i gjennom bloggen - dag for dag, side for side. Det er utruleg kjekt med slike tilbakeblikk på året som har gått. 

JANUAR;

Eg byrja det nye året med å ta fram igjen Skappelgensaren som eg begynte på for x antal månadar sidan, denne gongen for ferdigstilling. Men, eg tok meg nok kanskje litt vatn over hovudet når eg sa dette. Den er endå ikkje ferdig. Det er ikkje mykje som gjenstår, men ettersom at eg manglar litt tråd har den berre blitt liggande.


I samarbeid med personlegalmanakk.com hadde eg gleda av å dele ut ein valfri almanakk til ein av mine blogglesarar. I den forbindelse fekk eg óg mulegheita til å designe min eigen personlege almanakk :) Kort tid etter dukka den i opp i posten og eg kunne begynne det nye året for fullt;


Bytte bloggplattfrom? Forandring frydar, er det visst noko som heiter, så denne månanden tok eg også skrittet vidare og byrja blogginga for fullt her på blogger.com.

FEBRUAR;

Har du sett noko meir sjarmerande?
Den vesle tassen på biletet nedanfor blei raskt ein stor favoritt her i huset.


Bloggen fekk nytt design! Ellers var det fleire, nye strikkeprosjekt som vart påbegynt denne månaden. Blant anna dette babyteppet, strikka i mjuk alpakka. Note to myself; Bli flinkare til å blogge og ta bilete av alle dei ulike prosjekta som eg gir meg i kast med :)


MARS;

Store delar av mars gjekk også med til strikking, litt interiør og ikkje minst påskeferie; Første prosjekt ut denne månaden var ei djevelhue og eit par med babytøflar. Eit fint lite sett, til ein herleg liten sjarmør 



Påska stod for tur, og denne påska var vi verkeleg heldige med påskeveiret her på vestlandet  Det var nok kanskje noko av det finaste veiret vi hadde dette året - for sumaren var utan tvil ikkje så mykje å skryte av.


Litt påskepynt vart det også;


Etter at vi kjøpte oss hus i 2012 har eg også fått ei gryande interesse for interiør. Med stort og nytt hus trengs det også ein del nye møblar, og denne månaden var det yttergangen som stod for tur;


APRIL;

Det er viktig med litt kos innimellom;


I det vi trudde våren var på veg dukka snøen opp igjen - før det igjen vart vår;


MAI;

Mai er den store eksamensmånaden, også for meg. Etter å ha lagt bak meg alle dei obligatoriske oppgåvene var det to veker med intens eksamens arbeid som stod for tur. Men, etter nokre lange og nervepirrande veker kunne eg endeleg puste letta ut. Eksamensresultatet var på plass og eg kunne ta meg ein velfortjent sommarferie.

 Eg har så langt fullført førskulelærarutdanninga (bachelor), samt tatt nettstudiet dynamisk webutviklar og føler meg no ferdig på skulebenken - i vertfall for ei stund :)  

JUNI;

Ebay har lenge vore ein stor favoritt og sida blir jevnleg besøkt. Innimellom dukkar det opp eit par skattar i postkassa, blant anna denne og denne.


Min kjære sambuarar fylte år, og i den anledning vart det servert mange godsaker, blant anna pavlova kake med friske bær, muffins og sjokoladekake. Hipp, Hipp, Hurra!


Fotosamlinga vår vart utvida med eit vidvinkelzoomobjektiv, og dette var bursdagsgåva i frå meg til mannen i huset.


Etter at eg strikka min første kjøkkenklut for nærmare 10 år sidan, har produksjonen berre fortsatt, og eg har ikkje tal på kor mange klutar eg har strikka sidan den gong. Men, at eg har vore sjølvforsynt med kjøkkenklutar er det nok ingen tvil om.


JULI;

Denne månaden hadde vi besøk av eit vennepar og den vesle prinsessa deira. Vi hadde nemleg avtalt ein aldri så liten photoshoot. Dagen blei brukt til fotografering av vesla nedanfor, før vi avslutta kvelden med god mat, i hyggjeleg selskap.


Dette er også månaden for markering av dagen vår - 18.07.2010 er den magiske datoen 


AUGUST;

August betyr ferietid. Og litt ekstra tid heime i Dale. Etter ferien byrja vi også på arbeidet med å ferdigstille hagen etter at vi tidlegare i år bestemte oss for å skifte vatn- og avlaupsrøyr.


Eit par nye favorittar vart det óg.


SEPTEMBER;

Sommaren er over for denne gong og årets første haustmånad er på plass. September er óg min bursdagsmånad.

Nytt kamera blei kjøpt; Canon EOS 650D. Eit kamera med mulegheit for filming i full HD-oppløysing, heile 18 megapikslar og ikkje minst vribar berøringsskjerm.


Ein ny verdensborgar såg dagens lys og i den anledning måtte sjølvsagt strikkepinnane fram.


OKTOBER;

Oktober er rosa!


NOVEMBER;

Eg tipsa dykk om KickBack - ei tjeneste som gjev deg attende pengar når du handlar på nettet. Utan tvil ein stor favoritt.


Og som vanleg var omtrent alle julegåvene i boks før vi rakk å skrive desember.

DESEMBER;

Desember er årets siste månad; julemånaden! Eg valde å ikkje køyre noko julekalendar på bloggen, rett og slett fordi det krever ein heil del planlegging - og fordi at tida ikkje strekk til. Men, nokre konkurransar vart det likevel - her, her og her. Vi var på kino, Solan og Ludvig; Jul i Flåklypa - ein fin start på førjulstida.


Litt strikk vart det sjølvsagt også tid til - og nedanfor ser dykk bilete av siste rest av årets julegåvestrikk. Siste prosjekt ut før jul, var to enkle, små ullbukser;


Heilt til slutt vil eg takke alle dei flotte lesarane mine; Takk til alle som fylgjer bloggen min, takk for alle fine kommentarar og takk for alle tilbakemeldingar eg har fått i løpet av året. Eg ser fram til eit nytt og spanande bloggår og håpar med dette at dykk vil fortsette å fylgje meg i året som kjem 

31. desember 2013

Happy New Year!

Eg vil med dette ynskje dykk alle ei riktig så fin nyttårsfeiring. Eg håpar dykk alle har hatt eit fint år,
og ynskjer dykk alt godt i 2014!


Nyt resten av årets siste kveld - og ta vare på kvarandre ♡ 

25. desember 2013

Konkurranse; Vinn iPod Shuffle!

Eg tenkte at det var på tide med ein ny konkurranse her på bloggen, og i år som i fjor ynskjer eg å dele ut ei julegåve til ein av mine fantastiske blogglesarar. Desember er ei perfekt tid for å vere julenisse, så med dette køyrer eg i gong ein romjulskonkurranse. Den 31. desember trekkjer eg ut ein heldig vinnar som stikk av med ein rosa iPod Shuffle.
 Dersom du ynskjer å vere med i trekninga av ein Apple iPod Shuffle 2GB - pink, kan du leggje igjen ein hyggjeleg kommentar under dette innlegget :)

Lykke til!

KONKURRANSEN ER AVSLUTTA
Vinnaren er kontakta på mail!

24. desember 2013

Riktig god jul!

Vi vil ynskje alle våra lesarar ei riktig god jul! Håpar dykk får ei fin julefeiring saman med vener og famililie. Ta vare på alle dei du er glad i, og ikkje gløym kva jula eigentleg dreiar seg om, nemleg kjærleik 


Minnar om at det er ekstra viktig å ta vare på dei som ikkje har det så bra på denne tida av året - det er diverre så alt for mange som av ulike årsakar opplev jula som ei ekstra vanskeleg tid 

22. desember 2013

Konkurranse!

Minnar om konkurransen der du kan stikke av med ein familiekalendar i A3-format. Den perfekte julegåva, til deg sjølv, eller nokon du er glad i ♡ Siste frist for å delta - trekkjer ein vinnar i kveld :)


Trykk her for å delta!

15. desember 2013

3. søndag i advent

Så tenner vi tre lys i kveld,
for lengsel, håp og glede.
De står å skinner for seg selv,
og oss som er til stede.
Så tenner vi tre lys i kveld,
for lengsel, håp og glede.

 Minnar om konkurransen som eg held gåande i samarbeid med skrivargarden.no. Trykk her for å delta, og du er med i trekninga av ein flott og praktisk familiekalendar for året 2014.

14. desember 2013

Homemade; Strikk til småtroll!

Då er det på tide med ei aldri så lita oppdatering frå denne fronten. Her har strikkepinnane gått i eitt sidan sist, og no er aller siste rest av årets julegåvestrikk felt av pinnane :) Eg må sei at det er utruleg godt å vere ferdig, og det i rimeleg tid før jul. Siste prosjekt ut er to enkle, små ullbukser. Buksene er strikka i babygarnet "Emilie" i frå Spar Kjøp, og utgangspunktet til framgangsmåten er henta i frå denne oppskrifta.


Eg har lagt til nokre endringar under vegs, som til dømes å strikke inn holrad. Ellers fortsetter eg trenden min, med i-cord snorer. For ein teknikk! Eg har tidlegare anten hekla eller strikka snorene, men den tida er det definitivt slutt på no. Synest desse snorene vert mykje finare. Eit stort pluss for at dei er superenkle å lage, i tillegg til at dei er veldig lette å knyte.


Ellers minnar eg om konkurransen som eg held gåande i samarbeid med skrivargarden.no. Trykk her for å delta, og du er med i trekninga av ein flott og praktisk familiekalendar for året 2014.

I dag er det berre 10 små dagar attende til julafta :D Wii!
Ynskjer dykk ei fortsatt fin helg!

11. desember 2013

Konkurranse; Vinn familiekalendar!

Du kan vinne;
I samarbeid med skrivargarden.no har eg gleda av å kunne dele ut ein familiekalendar til ein av mine lesarar. Dette er ei perfekt julegåve, til deg sjølv, eller nokon ein er glad i ♡ Kalendaren er i A3-format og har 4 kolonner med plass til familiemedlemmar. Ellers er kalendaren fylt opp med tips til aktivitetar, oppskrifter og ulike ordtak/sitat. Kalendaren er laga i solid papir som er enkelt å skrive på.


For å delta;
Det einaste du treng å gjere for å vere med i trekninga av ein praktisk familiekalendar er å leggje igjen ein kommentar i kommentarfeltet nedanfor.

Premien er sponsa av;
skrivargarden.no

KONKURRANSEN ER AVSLUTTA
Vinnaren er kontakta på mail!

//Konkurranse i samarbeid med skrivargarden.no

8. desember 2013

2. søndag i advent

Så tenner vi to lys i kveld,
to lys for håp og glede.
De står og skinner for seg selv,
og oss som er til stede.
Så tenner vi to lys i kveld,
to lys for håp og glede.


Eg har no avslutta konkurransen og den heldige vinnaren av ein personleg almanakk er Linn.
Gratulerar så mykje!

1. desember 2013

1. desember

Då syner kalendaren endeleg desember, julemånaden, og i dag er det 1. søndag i advent. Julestemninga har byrja å bre seg i heimen og huset byrjar sakte men sikkert å fyllast av nissar, adventstakar og anna pynt som høyrer jula til ♡ Her om dagen var vi på kino, Solan og Ludvig; Jul i Flåklypa - ein fin start på førjulstida. 


Så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede.
Det står å skinner for seg selv,
og oss som er til stede.
Så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede. 



I år har eg valt å ikkje køyre noko julekalendar på bloggen, rett og slett fordi det krever ein heil del planlegging - og fordi at tida ikkje strekk til. Men, ikkje fortvil; Det vil komme eit par konkurransar i stadenfor, og i skrivande stund har du mulegheita til å vinne din eigen personlege almanakk. Trykk her for å delta.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...