10. april 2009

Hue #3

Desse huene var jo fantastisk artige å lage! Noko som dermed har resultert i at endå ei lita hue er blitt ferdig sidan sist.



Hua er strikka i "Bambino ull" frå Idèna, på pinne 3,0 mm. Ynskjer alle som er innom bloggen ei fortsatt god påske!

8. april 2009

Julius gensar

Då var Julius gensaren endeleg blitt ferdig.
Ettersom at eg ikkje er heilt stødig når det gjeld heklenåler endå, så har gensaren blitt overlevert til andre, for ein siste finpuss!


Gensaren er strikka i Falk frå Dalegarn og på pinne nr. 2,5 og 3,0.

Størrelse 4 år.

6. april 2009

Sokkar

Eit par små "joosa" sokkar er blitt ferdige sidan sist.

Sokkane er allereie forsvunne ut av huset, og er blitt overleverte til sin nye "eigar".

5. april 2009

Hue #2

Då var endå ei lita hue i størrelse 2 år blitt til.


Også denne hua er strikka i "Bambino ull" frå Idèna.

Hua er strikka på pinne 3,0 mm.

2. april 2009

Hue

Eg har strikka ei lita hue i størrelse 2 år. Med denne hua har eg teke utgangspunkt i ei oppskrift i frå boka "Strikk til nøstebarn", men eg har gjort nokre små endringar under vegs.


Denne hua var fantastisk kjapp og strikke, så det kjem nok nokre fleire av denne sorten litt etter kvart.

Hua er strikka i "Bambino ull" frå Idèna, på pinnar 2,5 mm og 3,0 mm.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...