18. januar 2014

Den store guttestrikkeboka!

Her om dagen dukka det opp ei ny bok i postkassa mi; "Den store guttestrikkeboka", av Charlott Pettersen. Ei bok stappfull av herlege strikkeoppskrifter på kle til gutar i alderen 0-8 år. Nokre av oppskriftene i boka er det forfattaren sjølv som står bak, medan andre oppskrifter igjen er gamle klassikarar. 


Til tross for at eg allereie har alt for mange påbegynte prosjekt, som ligg rundt om kring, så klarte eg ikkje å dy meg. Eg var berre fint nøydd til å ta boka i bruk med ein einaste gong :) Første prosjekt ut er denne søte stripehua - i størrelse bitteliten;


 Eg likar striper, og den vesle antenna på toppen er jo berre med på å gjere hua ekstra søt!

2. januar 2014

Årskavalkade; 2013!

Den årlege kavalkaden for bloggåret 2013 står no for tur, og eg synast det er like stor stas å setje meg ned med desse innlegga, år etter år. Det å lese i gjennom bloggen - dag for dag, side for side. Det er utruleg kjekt med slike tilbakeblikk på året som har gått. 

JANUAR;

Eg byrja det nye året med å ta fram igjen Skappelgensaren som eg begynte på for x antal månadar sidan, denne gongen for ferdigstilling. Men, eg tok meg nok kanskje litt vatn over hovudet når eg sa dette. Den er endå ikkje ferdig. Det er ikkje mykje som gjenstår, men ettersom at eg manglar litt tråd har den berre blitt liggande.


I samarbeid med personlegalmanakk.com hadde eg gleda av å dele ut ein valfri almanakk til ein av mine blogglesarar. I den forbindelse fekk eg óg mulegheita til å designe min eigen personlege almanakk :) Kort tid etter dukka den i opp i posten og eg kunne begynne det nye året for fullt;


Bytte bloggplattfrom? Forandring frydar, er det visst noko som heiter, så denne månanden tok eg også skrittet vidare og byrja blogginga for fullt her på blogger.com.

FEBRUAR;

Har du sett noko meir sjarmerande?
Den vesle tassen på biletet nedanfor blei raskt ein stor favoritt her i huset.


Bloggen fekk nytt design! Ellers var det fleire, nye strikkeprosjekt som vart påbegynt denne månaden. Blant anna dette babyteppet, strikka i mjuk alpakka. Note to myself; Bli flinkare til å blogge og ta bilete av alle dei ulike prosjekta som eg gir meg i kast med :)


MARS;

Store delar av mars gjekk også med til strikking, litt interiør og ikkje minst påskeferie; Første prosjekt ut denne månaden var ei djevelhue og eit par med babytøflar. Eit fint lite sett, til ein herleg liten sjarmør 



Påska stod for tur, og denne påska var vi verkeleg heldige med påskeveiret her på vestlandet  Det var nok kanskje noko av det finaste veiret vi hadde dette året - for sumaren var utan tvil ikkje så mykje å skryte av.


Litt påskepynt vart det også;


Etter at vi kjøpte oss hus i 2012 har eg også fått ei gryande interesse for interiør. Med stort og nytt hus trengs det også ein del nye møblar, og denne månaden var det yttergangen som stod for tur;


APRIL;

Det er viktig med litt kos innimellom;


I det vi trudde våren var på veg dukka snøen opp igjen - før det igjen vart vår;


MAI;

Mai er den store eksamensmånaden, også for meg. Etter å ha lagt bak meg alle dei obligatoriske oppgåvene var det to veker med intens eksamens arbeid som stod for tur. Men, etter nokre lange og nervepirrande veker kunne eg endeleg puste letta ut. Eksamensresultatet var på plass og eg kunne ta meg ein velfortjent sommarferie.

 Eg har så langt fullført førskulelærarutdanninga (bachelor), samt tatt nettstudiet dynamisk webutviklar og føler meg no ferdig på skulebenken - i vertfall for ei stund :)  

JUNI;

Ebay har lenge vore ein stor favoritt og sida blir jevnleg besøkt. Innimellom dukkar det opp eit par skattar i postkassa, blant anna denne og denne.


Min kjære sambuarar fylte år, og i den anledning vart det servert mange godsaker, blant anna pavlova kake med friske bær, muffins og sjokoladekake. Hipp, Hipp, Hurra!


Fotosamlinga vår vart utvida med eit vidvinkelzoomobjektiv, og dette var bursdagsgåva i frå meg til mannen i huset.


Etter at eg strikka min første kjøkkenklut for nærmare 10 år sidan, har produksjonen berre fortsatt, og eg har ikkje tal på kor mange klutar eg har strikka sidan den gong. Men, at eg har vore sjølvforsynt med kjøkkenklutar er det nok ingen tvil om.


JULI;

Denne månaden hadde vi besøk av eit vennepar og den vesle prinsessa deira. Vi hadde nemleg avtalt ein aldri så liten photoshoot. Dagen blei brukt til fotografering av vesla nedanfor, før vi avslutta kvelden med god mat, i hyggjeleg selskap.


Dette er også månaden for markering av dagen vår - 18.07.2010 er den magiske datoen 


AUGUST;

August betyr ferietid. Og litt ekstra tid heime i Dale. Etter ferien byrja vi også på arbeidet med å ferdigstille hagen etter at vi tidlegare i år bestemte oss for å skifte vatn- og avlaupsrøyr.


Eit par nye favorittar vart det óg.


SEPTEMBER;

Sommaren er over for denne gong og årets første haustmånad er på plass. September er óg min bursdagsmånad.

Nytt kamera blei kjøpt; Canon EOS 650D. Eit kamera med mulegheit for filming i full HD-oppløysing, heile 18 megapikslar og ikkje minst vribar berøringsskjerm.


Ein ny verdensborgar såg dagens lys og i den anledning måtte sjølvsagt strikkepinnane fram.


OKTOBER;

Oktober er rosa!


NOVEMBER;

Eg tipsa dykk om KickBack - ei tjeneste som gjev deg attende pengar når du handlar på nettet. Utan tvil ein stor favoritt.


Og som vanleg var omtrent alle julegåvene i boks før vi rakk å skrive desember.

DESEMBER;

Desember er årets siste månad; julemånaden! Eg valde å ikkje køyre noko julekalendar på bloggen, rett og slett fordi det krever ein heil del planlegging - og fordi at tida ikkje strekk til. Men, nokre konkurransar vart det likevel - her, her og her. Vi var på kino, Solan og Ludvig; Jul i Flåklypa - ein fin start på førjulstida.


Litt strikk vart det sjølvsagt også tid til - og nedanfor ser dykk bilete av siste rest av årets julegåvestrikk. Siste prosjekt ut før jul, var to enkle, små ullbukser;


Heilt til slutt vil eg takke alle dei flotte lesarane mine; Takk til alle som fylgjer bloggen min, takk for alle fine kommentarar og takk for alle tilbakemeldingar eg har fått i løpet av året. Eg ser fram til eit nytt og spanande bloggår og håpar med dette at dykk vil fortsette å fylgje meg i året som kjem 

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...