19. oktober 2014

Oppussing; Ny vedovn

Her i huset er det ikkje stort anna enn rot og støv å finne denne helga. Vi har nemleg begynt å rive ned flisene i hjørnet der vedovnen står. Det skal bli så godt å få på plass nokre andre fliser, og ikkje minst ein ny og litt meir moderne vedovn. Denne er alt på plass i garasjen - så kryssar figrane for at den er i hus om ikkje så alt for lenge.

Slik såg det i allefall ut før vi begynte med arbeidet - ikkje akkurat noko topp moderne vedovn dette. Ikkje har eg vore så veldig begeistra for platået som ovnen står på heller.


Undervegs - golvfliser og platå er no historie;


Det nye ovnshjørnet tar form;


5. oktober 2014

Rosasløyfesokk

Det er igjen blitt oktober og Rosa sløyfe-aksjonen er no i gong. Målet med denne aksjonen er å syne solidaritet med brystkreftramma, spreie informasjon og auke kunnskapen om brystkreft, samt å samle inn pengar til forsking på dette området. Aksjonen vert markert i heile oktober, og kampen mot brystkreft vert symbolisert
av den rosa sløyfa;

Den rosa sløyfa kan du blant anna kjøpe her.


Eg ynskjer sjølvsagt å støtte vidare forskning innanfor området, og har dermed støtta Rosa sløyfe-aksjonen, også i år. Denne gongen har eg valt å støtte aksjonen ved å kjøpe mønsteret til "Rosasløyfesokk" på Ravelry. Så no er passande garn og pinnar funne fram, og eg er klar til å sette i gong med eit av årets mest givande strikkeprosjekt;


Ved å kjøpe dette mønsteret støttar du Kreftforeninga med 100 kroner. Mønsteret er laga av Lill C. Schei. Det er designa spesielt for Rosa sløyfe-aksjonen, og pengane går uavkorta til forskning på brystkreft.



Ver rosa i oktober, du óg!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...