26. februar 2011

Pakke i posten!

I dag dumpa desse nydelege namnebanda ned i postkassa mi. Perfekte til å sy på dei ulike tinga ein lagar.


Merkelappane er bestillt i frå www.minanamnband.se.
Rask levering og god service - som alltid!

16. februar 2011

Babushka, babushka!

Babushka, Babushka! Eller bestemor som vi kallar det her i Norge.

Eg vil berre starte med å gje ein stor takk til Rebekka, jenta som står bak bloggen frumaela.com. Ho la for kort tid sidan ut oppskrift på korleis ein heklar dei velkjende bestemorrutene. Sjølv har eg prøvd meg på desse rutene tidlegare, utan hell. Men etter å ha studert dette innlegget på bloggen til Rebekka eit par gonger, og sett igjennom filmen, så har eg no laga mi første bestemorrute. Og det heile gjekk som ein leik.


Mitt største problem no, er om eg skal lage ørten ruter til eller om eg berre skal fortsetje rundt og rundt på denne, til det dannar eit stort teppe :) Atter ein gong, tusen takk, Rebekka!

12. februar 2011

Tadaa...

... og vips, så var også hue nummer 2 i boks;


Hua kan du kjøpe HER!

11. februar 2011

Prosjekt fullført!

Dagens prosjekt blei ei av desse huene som eg har strikka nokre eksemplar av tidlegare.


Eit relativt kjapt og enkelt, men samtidig nydeleg prosjekt.

10. februar 2011

I det kreative hjørnet :)

Produksjonen av babytepper har gått heilt til topps i det siste. Ikkje at det gjere noko. For det er utan tvil greit å ha noko å henge fingrane i når formen ikkje er på topp, og sofaen er blitt eins beste venn :)


Nærbilete;
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...