31. mai 2009

Sokkar

Då var UFO nummer to ferdigstilt. Dette blei eit sokkepar som eg skal behalde sjølv! Eg har vel sokkar i omtrent alle regnbogens fargar, så no var det verkeleg på tide med eit einsfarga par i ein noko meir nøytral farge.

Sokkane er strikka på pinnar nummer 2,5 mm. Har strikka dei i arwetta. Eit fantastiskt garn til sokkar.

21. mai 2009

Ferdig Objekt

Første UFO har landa og er no blitt ein FO, med andre ord eit ferdigstillt objekt.


Oppvaskfilla er som den forige strikka i "Mandarin Petit". Også her er det pinne nummer 4,0 mm som er tatt i bruk.

20. mai 2009

U Ferdige Objekter (UFO)

Som eg skreiv i kommentarfeltet i innlegget under så er eksamenstida like rundt hjørnet. Den første eksamenen for min del, går av stabelen mandag 25. mai. Dette er ein muntleg gruppeeksamen i begynnaropplæring (BOL) som består av faga norsk, matematikk og pedagogikk. Dette burde jo dermed vere eit sikkert teikn på at eg skulle halde meg langt unna alt som heiter blogg, hobby, pc og liknande. Eg burde bruke all mi dyrebare tid på å grave meg ned i diverse pensumbøker og anna faglitteratur.

Men, neidå! Her sitter eg. Med pc`en godt planta i fanget. Og innlegget ser i tillegg ut til å bli eit av dei lengste innlegga eg har skrevet hittil.

Såh! Over til det eg eigentleg skulle skrive om i dagens innlegg. Det har seg nemleg slik at eg har ein haug med påbegynte (små)prosjekt på hobbyfronten. Desse har eg no bestemt meg for at eg skal gjere ferdig i nærmaste framtid. Men målet er vel igrunn å klare det utan å begynne på endå fleire nye prosjekt! Ønsk meg lykke til! Og om eg ikkje skulle bli ferdig... Jah, då skyldar eg på at eg held på å lese til eksamen (!?!)

UFO #1:
Ei oppvaskfille strikka i "Mandarin Petit" og på pinnar nummer 4,0 mm. Denne burde jo vere ein enkel sak å ferdigstille!

UFO #2:

Eit par sokkar, størrelse MANN!
Snart ferdig med ein, så "one to go"!
UFO #3:

Eit par sokkar til meg sjølv =)
Her er det omtrent berre tåfellinga som gjenstår.
UFO #4:
Endå eit par sokkar til meg sjølv =)

UFO #5:

Eit par sokkar, størrelse 2 år.

19. mai 2009

Oppvasksfille

Ei oppvasksfille har funne sin plass på kjøkkenet. Fin til pynt og fantastisk gode i bruk.


Denne oppvasksfilla er strikka i "Mandarin Petit" og på pinne nummer 4.0 mm.

17. mai 2009

Gratulerar med dagen!

Ynskjer alle ein riktig fin 17. Mai.

12. mai 2009

Sokkar

Endå eit par sokkar er blitt ferdige. Denne gongen er dei strikka i noko større utgåve enn sist. Lange og gode!

Sokkane er strikka i garnet Arwetta og pinnstørrelsen var nok atter ein gong 2,5 mm. Snakk om å setje tolmodigheita si på prøve, gang etter gang.

Desse sokkane skal eg nok behalde sjølv. Dei blir nok putta rett i "sokkesamlinga" mi. Ja, for eg kan vel faktisk kalle det nettopp det!

Det er jo tross alt ullsokkesesong i min verden året rundt... Det er i allefall ikkje langt ifrå =)

10. mai 2009

Babysokkar

Eit par babysokkar er blitt ferdige i løpet av dagen :)


Desse sokkane vart påbegynt for LAANG tid sidan. Det er merkeleg kor lett det er å leggje påbegynte prosjekt til sides, for så å begynne på noko nytt. Sokkane er strikka i babyull pluss litt restar av ein annan tråd. Pinnar nummer 2,5 mm er brukt.

9. mai 2009

Nytt vidunder

Eit nytt vidunder er komme inannfor husets fire veggar :)


Siste investering, som mange av dykk kanskje skjønner, er altså ei nøstemaskin! Fantastisk korleis eit nøste kan bli. Til og med restegarn er blitt ein kjekk ting å ha no. Særleg etter at nøsta blei sjåande slik ut!

7. mai 2009

Voff voff!

Då var det på tide å leggje inn eit lite bilete av dei to sjarmtrolla mine her på bloggen :) Begge to er av samme rase, nemleg Tibetansk Spaniel.


Tassen til venstre og Lucy til høgre!

Hue #4

Endå ei hue har sett dagens lys :) Hua er strikka i størrelse 2 år.


Som alle dei tidlegare huene eg har strikka, så er også denne hua strikka i "Bambino ull" frå Idèna. Hua er strikka på pinne 3,0 mm.

6. mai 2009

Uhuu!!

Då har eg prøvd meg på å strikke uglemønster, eg også! Eg kan då ikkje vere noko dårlegare enn alle andre:p Ettersom at mønsteret var nytt for meg, kom eg fram til at det var best å prøve seg på noko lite og enkelt. Valet fall dermed på eit panneband.


Pannebandet er strikka i babyull frå Gjestal og på pinne nummer 2,5 mm er brukt. Har også gitt den eine ugla eit par auger, som ein siste "finish".
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...