29. juni 2013

Strikk eigne kjøkkenklutar!

Etter at eg strikka min første kjøkkenklut for nærmare 10 år sidan - så var det gjort. Eg har ikkje tal på kor mange klutar eg har strikka sidan den gong, men at eg har vore sjølvforsynt med kjøkkenklutar sidan, det rådar det nok ingen tvil om. Heilt klart dei beste kjøkkenklutane!


Oppskrift; Eg legg opp 3 masker og aukar deretter i nest siste maske på kvar pinne til omtrent halve nøstet er brukt opp. Deretter fell eg ved å strikke dei to nest siste maskene saman på kvar pinne til det gjenstår 3 masker på pinnen. Avsluttar så med å lage hempe på kjøkkenkluten ved hjelp av i-cord snor. For éin teknikk!

Kjøkkenklutar er superenkelt å strikke. I tillegg er det eit kjekt lite strikketøy å ty til framfor tv-skjermen. Freshe fargar etter eige ynskjer, og garn som kan vaskast på 60 grader. Betre kan det vel ikkje bli? Og dersom ein gjere litt ekstra ut av det og lagar eit mageband til klutane fungerar dei også perfekt som gåver :)

18. juni 2013

ebay-tips #2

Her om dagen mottok eg ein liten pakke. Dette er berre éin av mange pakkar som har dumpa ned i postkassa mi den siste tida. Eg elskar å få pakke i posten, og til tross for at det er eg sjølv som har bestillt pakken så er det alltid like spanande når den dukkar opp. Inni pakken låg eit av dei søtaste mobildeksela du kan tenkje deg;


Søt, ikkje sant? Og prisen? Heile 9,62 kroner, inkludert frakt :D Amazing! Annonsa kan du finne her.

16. juni 2013

Langhelg

Denne helga hadde vi bestemt oss for å ta turen til Dale. Til heimplassen min. Der hadde vi nokre fine dagar, sjølv om veiret var litt ustabilt. Men kva gjere vel det? Innimellom dukka sola fram mellom skydekket, noko som gav fine mulegheitar for ein liten fotoseanse og ikkje minst ein sjanse til å teste ut litt av fotoutstyret våra;

// Dalsfjordbrua

Bileta nedanfor tok vi på heimvegen. Desse er tatt innover mot Lustrafjorden, innerst i Sognefjorden.   Sognefjorden er Norges lengste og djupaste fjord. Med sine 204 km strekk den seg innerst i frå Skjolden og ut til øy-kommunen Solund. Fjorden målar heile 1308 meter på det djupaste.

Nydeleg solnedgong i Sogn;

// Sognefjorden og Lustrafjorden møtast

// Bilete tatt innover mot Lustrafjorden, innerst i Sognefjorden

11. juni 2013

Vidvinkelzoomobjektiv

Sigma 10-20mm F4-5.6 EX DC HSM (vidvinkelzoomobjektiv);


Dette er vår aller nyaste investering, og var bursdagsgåva i frå meg til mannen i huset. Eit objektiv som fell inn under kategorien vidvinkelzoomobjektiv. Det har ein ekstrem vidvinkel, noko som gjev ein "brei synsvinkel" med kameraet. Objektivet egnar seg dermed veldig godt til fotografering av landskap, samt innandørsfotografering, der det ofte er lite med plass. Bileta nedanfor er fotografert med kamerahuset vårt Canon EOS 600D og vidvinkelzoomobjektivet Sigma 10-20mm F4-5.6 EX DC HSM;


//Summertime

//Landskap

9. juni 2013

Fin lørdag!

Då var gårsdagens feiring av sambuaren vel overstått for denne gong. Vi har verkeleg kost oss med fint besøk, kaffi, jordbær, is og kaker. Ein fin dag, med andre ord 

// Pavlova kake med ferske bringebær, jordbær og kiwi.

// Sjokolademuffins - med og utan glasur.

//Sjokoladekake

5. juni 2013

ebay-tips #1

Eg bestillte meg eg eit "klistermerke" til  å ha på mac`en min for fire, små dagar sidan - og allereie i dag dumpa denne herlege sjarmøren ned i postkassa mi :)  Fine Stitch  Sjå så fin den vart!


Klistermerket er avtagbart (vinyl) og er bestillt via ebay.com. Du kan finne meir informasjon om den vesle krabaten her :)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...