31. desember 2013

Happy New Year!

Eg vil med dette ynskje dykk alle ei riktig så fin nyttårsfeiring. Eg håpar dykk alle har hatt eit fint år,
og ynskjer dykk alt godt i 2014!


Nyt resten av årets siste kveld - og ta vare på kvarandre ♡ 

25. desember 2013

Konkurranse; Vinn iPod Shuffle!

Eg tenkte at det var på tide med ein ny konkurranse her på bloggen, og i år som i fjor ynskjer eg å dele ut ei julegåve til ein av mine fantastiske blogglesarar. Desember er ei perfekt tid for å vere julenisse, så med dette køyrer eg i gong ein romjulskonkurranse. Den 31. desember trekkjer eg ut ein heldig vinnar som stikk av med ein rosa iPod Shuffle.
 Dersom du ynskjer å vere med i trekninga av ein Apple iPod Shuffle 2GB - pink, kan du leggje igjen ein hyggjeleg kommentar under dette innlegget :)

Lykke til!

KONKURRANSEN ER AVSLUTTA
Vinnaren er kontakta på mail!

24. desember 2013

Riktig god jul!

Vi vil ynskje alle våra lesarar ei riktig god jul! Håpar dykk får ei fin julefeiring saman med vener og famililie. Ta vare på alle dei du er glad i, og ikkje gløym kva jula eigentleg dreiar seg om, nemleg kjærleik 


Minnar om at det er ekstra viktig å ta vare på dei som ikkje har det så bra på denne tida av året - det er diverre så alt for mange som av ulike årsakar opplev jula som ei ekstra vanskeleg tid 

22. desember 2013

Konkurranse!

Minnar om konkurransen der du kan stikke av med ein familiekalendar i A3-format. Den perfekte julegåva, til deg sjølv, eller nokon du er glad i ♡ Siste frist for å delta - trekkjer ein vinnar i kveld :)


Trykk her for å delta!

15. desember 2013

3. søndag i advent

Så tenner vi tre lys i kveld,
for lengsel, håp og glede.
De står å skinner for seg selv,
og oss som er til stede.
Så tenner vi tre lys i kveld,
for lengsel, håp og glede.

 Minnar om konkurransen som eg held gåande i samarbeid med skrivargarden.no. Trykk her for å delta, og du er med i trekninga av ein flott og praktisk familiekalendar for året 2014.

14. desember 2013

Homemade; Strikk til småtroll!

Då er det på tide med ei aldri så lita oppdatering frå denne fronten. Her har strikkepinnane gått i eitt sidan sist, og no er aller siste rest av årets julegåvestrikk felt av pinnane :) Eg må sei at det er utruleg godt å vere ferdig, og det i rimeleg tid før jul. Siste prosjekt ut er to enkle, små ullbukser. Buksene er strikka i babygarnet "Emilie" i frå Spar Kjøp, og utgangspunktet til framgangsmåten er henta i frå denne oppskrifta.


Eg har lagt til nokre endringar under vegs, som til dømes å strikke inn holrad. Ellers fortsetter eg trenden min, med i-cord snorer. For ein teknikk! Eg har tidlegare anten hekla eller strikka snorene, men den tida er det definitivt slutt på no. Synest desse snorene vert mykje finare. Eit stort pluss for at dei er superenkle å lage, i tillegg til at dei er veldig lette å knyte.


Ellers minnar eg om konkurransen som eg held gåande i samarbeid med skrivargarden.no. Trykk her for å delta, og du er med i trekninga av ein flott og praktisk familiekalendar for året 2014.

I dag er det berre 10 små dagar attende til julafta :D Wii!
Ynskjer dykk ei fortsatt fin helg!

11. desember 2013

Konkurranse; Vinn familiekalendar!

Du kan vinne;
I samarbeid med skrivargarden.no har eg gleda av å kunne dele ut ein familiekalendar til ein av mine lesarar. Dette er ei perfekt julegåve, til deg sjølv, eller nokon ein er glad i ♡ Kalendaren er i A3-format og har 4 kolonner med plass til familiemedlemmar. Ellers er kalendaren fylt opp med tips til aktivitetar, oppskrifter og ulike ordtak/sitat. Kalendaren er laga i solid papir som er enkelt å skrive på.


For å delta;
Det einaste du treng å gjere for å vere med i trekninga av ein praktisk familiekalendar er å leggje igjen ein kommentar i kommentarfeltet nedanfor.

Premien er sponsa av;
skrivargarden.no

KONKURRANSEN ER AVSLUTTA
Vinnaren er kontakta på mail!

//Konkurranse i samarbeid med skrivargarden.no

8. desember 2013

2. søndag i advent

Så tenner vi to lys i kveld,
to lys for håp og glede.
De står og skinner for seg selv,
og oss som er til stede.
Så tenner vi to lys i kveld,
to lys for håp og glede.


Eg har no avslutta konkurransen og den heldige vinnaren av ein personleg almanakk er Linn.
Gratulerar så mykje!

1. desember 2013

1. desember

Då syner kalendaren endeleg desember, julemånaden, og i dag er det 1. søndag i advent. Julestemninga har byrja å bre seg i heimen og huset byrjar sakte men sikkert å fyllast av nissar, adventstakar og anna pynt som høyrer jula til ♡ Her om dagen var vi på kino, Solan og Ludvig; Jul i Flåklypa - ein fin start på førjulstida. 


Så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede.
Det står å skinner for seg selv,
og oss som er til stede.
Så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede. 



I år har eg valt å ikkje køyre noko julekalendar på bloggen, rett og slett fordi det krever ein heil del planlegging - og fordi at tida ikkje strekk til. Men, ikkje fortvil; Det vil komme eit par konkurransar i stadenfor, og i skrivande stund har du mulegheita til å vinne din eigen personlege almanakk. Trykk her for å delta.

29. november 2013

Konkurranse; Vinn personlig almanakk!

Du kan vinne;
I samarbeid med personligalmanakk har eg gleda av å kunne dele ut ein valfri almanakk til ein av mine lesarar. Dette er ei perfekt gåve, til deg sjølv, eller nokon ein er glad i  Inne på sidene deira kan du designe din eigen, heilt personlege almanakk. Du kan velge størrelse, fargar og innhald heilt sjølv, nett slik du ynskjer det. Betre kan det vel ikkje bli?

Tips; personligalmanakk finn du også på facebook, og på instagram @personligalmanakk. Nedanfor ser du bilete av min personlege almanakk - året 2013;
For å delta;
Det einaste du treng å gjere for å vere med i trekninga av din eigen personlege almanakk er å leggje igjen ein kommentar i kommentarfeltet nedanfor.

Premien er sponsa av;
KONKURRANSEN ER AVSLUTTA
Vinnaren er kontakta på mail!

//Konkurranse i samarbeid med personligalmanakk.com

25. november 2013

Julegåveverkstad!

Tida flyg og dagane rasar avgårde. Nedtellinga fram mot jul har begynt for fullt, og no er det berre ein liten månad attende til julafta. Det er ikkje mange dagane igjen før kalendaren syner 1. desember, og adventstida er like om hjørnet 



Her i huset er vi heldigvis godt i gong med julegåvene, og eg satsar på å kose meg med å pakke inn siste rest innan månaden er omme. Dei seinare åra har eg nemleg sett meg som mål å vere ferdig med julegåvene rundt 1. desember, noko som har fungert kjempe fint. Det er så godt å kunne slappe av og nyte julemånaden utan å stresse rundt i alle slags butikkar etter julegåver - i siste liten.

Q; Har du komme i gong med juleforberedelsane?

24. november 2013

Nettshopping; Få pengar for å handle!

Visste du at det er muleg å få attende pengar for å handle på nettet? Det er heilt sant! Dersom du er like glad i å shoppe som meg, vil du nok elske denne tjenesta; KickBack! Når du handlar via KickBack får du nemleg attende ein viss prosent av kjøpesummen.

KickBack har avtalar med mange kjende butikkar, og du vil finne butikkar som blivakker.no, haugenbok.no, ellos.no og nelly.com, berre for å nevne nokre. Du handlar som normalt, og kjøpet vil automatisk bli registrert på kickback-profilen din.

Når ein så har samla opp nok "kickback-pengar" kan ein løyse dei inn i mange forskjellege gåvekort. Kva med eit SpendOn gåvekort frå VISA, som du kan bruke til det du måtte ynskje? Genialt! For meir informasjon om KickBack, trykk her.



// Innlegget inneheld affilatelenkjer

10. november 2013

Farsdag


Til pappa!
Da fedre ble til
var tanken ganske klar.
For fedre har noe i seg
som ingen andre har.
De øser av sin omsorg
og deler alt de vet.
De viser deg at livet
er håp og kjærlighet.
Derfor har vi fedre
og dersom du spør meg.
Den beste far i verden
det er nettopp DEG!
(Ukjent forfatter)

Gratulerar med farsdagen, pappa  - og alle andre fedre!

5. oktober 2013

Vinn goodiebag!

KONKURRANSEN ER AVSLUTTA!Då er det på tide med ein ny konkurranse her på bloggen :) Eg trekkjer ut éin heldig vinnar som stikk av med ein goodiebag beståande av produkta i videoen nedanfor + ei overrasking eller to;



For å delta;
Bli fylgjar av bloggen på facebook - ny side (2 lodd)
Del link til konkurranse på eigen blogg/facebook (2 lodd)

Maks 4 lodd pr. deltakar.


Hugs å leggje igjen ein kommentar der du skriv kor mange lodd du deltek med i trekninga.

Konkurransen vil bli avslutta måndag 28. oktober.

Lykke til!


KONKURRANSEN ER AVSLUTTA! 
Vinnar vil bli kontakta :)

1. oktober 2013

Oktober er rosa!

Det er igjen blitt oktober og Rosa sløyfe-aksjonen er i gong. Målet med denne aksjonen er å syne solidaritet med brystkreftramma, spreie informasjon og auke kunnskapen om brystkreft, samt samle inn pengar til forsking på dette området. Aksjonen blir markert i heile oktober, og kampen mot brystkreft vert symbolisert av den rosa sløyfa;


1/12 kvinner i Norge vil utvikle brystkreft i løpet av livet. Takka vere forsking og betre behandlingsmetodar er det stadig fleire som overlev. På eit eller anna tidspunkt vil ein sjølv bli berørt av kreft, anten ein er så uheldig å få det, eller det er familie eller vener som vert ramma. Eg ynskjer å støtte vidare forskning innanfor området, og har dermed støtta Rosa sløyfe-aksjonen, også i år. Dersom du kunne tenkje deg å bidra kan du trykkje her og ta ein nærmare kikk i nettbutikken til Kreftforeninga.

Ver rosa i oktober, du óg!

12. september 2013

Ny i verda!

Ei ny djevelhue, eit par med babytøflar og eit tilhøyrande teppe, i ein herleg turkis farge, har no sett dagens lys. Eit fint lite sett, til ein nydeleg, liten prins som for ikkje lenge sidan meldte sin ankomst til verda 


Og, når ein sjølv ikkje har ein liten krabat i hus, då er det veldig greitt å ha ein liten modell som velvillig stiller opp til fotografering, slik at ein lettare får synt fram det ferdige resultatet :)

Faktaboks;
Mønster; Gro`s Djevellue.
Pinnar; 2,5mm og 3,5 mm.
Garn; Babyull.
 

Som nevnt tidlegare så likar eg aller best denne oppskrifta når det kjem til djevelhuer. Det er så fantastisk med ei oppskrift som ikkje krever noko slags form for montering. Kun festing av trådar! Kjapp og morosam å strikke er den óg. Ellers fortsetter eg trenden med i-cord snorer. For ein teknikk! Eg har tidlegare anten hekla eller strikka snorene, men den tida er forbi for godt. Men, som sagt, så synest eg at desse snorene vert mykje finare. Eit stort pluss for at dei er superenkle å lage, i tillegg til at dei er veldig lette å knyte.

// Nærbilete av babytøflane

9. september 2013

Dagens innkjøp; Canon EOS 650D!

I dag har eg oppgradert kamerahuset vårt. Vi har nemleg bytta ut vårt Canon EOS 600D med den nyare modellen Canon EOS 650D. Eg var så heldig å komme over dette kamerahuset til ein veldig fin pris - så då var det i grunn ikkje så veldig mykje å lure på :)

// Canon EOS 650D

Canon EOS 650D er eit fantastisk fotoapparat med mulegheit for filming i full HD-oppløysing, heile 18 megapikslar og ikkje minst vridbar berøringsskjerm.

6. september 2013

Happy Birthday!

I dag starta eg dagen min med ein deilig frukost - saman med fine folk  Dei siste par dagane har vi nemleg hatt tanta og onkelen min på besøk - utruleg kjekt. I går kveld toppa vi det heile med ei fantastisk oppleving då vi tok turen på Øystein Sunde Show. Snakk om flott opptreden - for ein mann!


No er det snart tid for litt god mat og eg skal nyte resten av kvelden saman med min kjære 

1. september 2013

Første september!

Tenk, i dag er det første september! Sommaren er over for denne gong og den første haustmånaden er her. Personleg elskar eg denne tida av året. Elskar hausten som kjem snikande rundt hjørnet. Elskar dei mørke og koselege kveldane fram mot jul. Månadane som vi har i vente er så fantastisk fine.


Det er få ting som er så koseleg som å sitje inne når regnet piskar mot ruta. Det å kunne tenne stearinlys no som kveldane begynner å bli mørkare. Eller kva med å nyte ein stor, varm kopp med te? Kveldskos foran peisen eller under eit varmt pledd i sofaen er heller ikkje å forakte - i allefall ikkje når gradestokken stadig synk. Hausten er vakker 

22. august 2013

OPI My Very First Knockwurst!

OPI er eit av mine absolutte favorittmerker innan neglelakkar, og eg tenkte difor at eg i dag skulle syne dykk tre av mine favorittprodukt gjennom denne sumaren. 

// My very first knockwurst // Pink yet lavender // Top Coat

Eit lite tips kan vere å kombinere to ulike neglelakkar. Gjerne ein eigen farge på ringfingeren, eller ein glitterlakk over sjølve neglelakken. Sjølv er eg blitt veldig glad i fargen my very first knockwurst, ein farge som passar perfekt i kombinasjon med glitterlakken pink yet lavender. Delikat og enkelt, og resultatet blir jo berre så fint 

Q; Har du ein favoritt neglelakk?

11. august 2013

Kvardagen kallar!

Då var vi vel heime igjen, etter to fantastiske veker med ferie i Dale. Vi kom heim igjen seint fredags kveld, og har dermed nytta helga her heime. Til tross for to fine ferieveker er det jammen meg godt å vere heime igjen óg. Helga har rast forbi, og det meste av tida har gått med til å rydde på plass igjen og vaske kle etter ferien. Ellers har vi holdt på ein del ute i hagen - det er mykje som må gjerast etter at vi har skifta vatn- og avlaupsrøyr.


No er det snart på tide med heimelaga pizza og ein god film :) Det er viktig å nyte aller siste rest av ferien - i morgon bærer det nemleg attende til kvardagen. Ha ein fortsatt fin søndag!

4. august 2013

Ferietid!

Vi tilbringer delar av ferien vår heime i Dale, heimplassen min. Her nyt vi dagane og kosar oss stort, saman med papsen. Det er godt å ha han heime for ei stund ♡ Lucy og Tassen kosar seg óg. Mykje av tida her vert brukt til oppussing og vedlikehald av barndomsheimen min, samt tilhøyrande uteområde - skal sei det vert fint.


Dagen i dag, for min del, skal brukast til litt rydding og vasking av kle - ikkje det kjekkaste ein kan finne på, men det er vel slikt som må gjerast :)

Q; Kva brukar du denne søndagen til?

18. juli 2013

Til lukke med dagen!

I dag er det 3 år sidan eg blei i lag med kjærasten min! Denne tida har vore ubeskriveleg fin, og ord kan ikkje beskrive kor lukkeleg eg er for at du er min.
Gratulerar så mykje med dagen, kjære!
Eg elskar deg 

2. juli 2013

Photoshoot; Ei lita prinsesse ♡

Tida flyr, og før ein i det heile tatt rekk å få sukk for seg er enda ei helg forbi. Men, det er vel berre eit godt teikn på at ein har hatt det kjekt :) Helga har vert fin, og vi har kost oss i godt selskap. På laurdag som var hadde vi besøk av eit vennepar og den vesle prinsessa deira. Vi hadde nemleg avtalt ein liten photoshoot, så dagen blei brukt til fotografering av vesla, før vi avslutta kvelden med god mat, i hyggjeleg selskap. 


Fine, vesle prinsessa 

29. juni 2013

Strikk eigne kjøkkenklutar!

Etter at eg strikka min første kjøkkenklut for nærmare 10 år sidan - så var det gjort. Eg har ikkje tal på kor mange klutar eg har strikka sidan den gong, men at eg har vore sjølvforsynt med kjøkkenklutar sidan, det rådar det nok ingen tvil om. Heilt klart dei beste kjøkkenklutane!


Oppskrift; Eg legg opp 3 masker og aukar deretter i nest siste maske på kvar pinne til omtrent halve nøstet er brukt opp. Deretter fell eg ved å strikke dei to nest siste maskene saman på kvar pinne til det gjenstår 3 masker på pinnen. Avsluttar så med å lage hempe på kjøkkenkluten ved hjelp av i-cord snor. For éin teknikk!

Kjøkkenklutar er superenkelt å strikke. I tillegg er det eit kjekt lite strikketøy å ty til framfor tv-skjermen. Freshe fargar etter eige ynskjer, og garn som kan vaskast på 60 grader. Betre kan det vel ikkje bli? Og dersom ein gjere litt ekstra ut av det og lagar eit mageband til klutane fungerar dei også perfekt som gåver :)

18. juni 2013

ebay-tips #2

Her om dagen mottok eg ein liten pakke. Dette er berre éin av mange pakkar som har dumpa ned i postkassa mi den siste tida. Eg elskar å få pakke i posten, og til tross for at det er eg sjølv som har bestillt pakken så er det alltid like spanande når den dukkar opp. Inni pakken låg eit av dei søtaste mobildeksela du kan tenkje deg;


Søt, ikkje sant? Og prisen? Heile 9,62 kroner, inkludert frakt :D Amazing! Annonsa kan du finne her.

16. juni 2013

Langhelg

Denne helga hadde vi bestemt oss for å ta turen til Dale. Til heimplassen min. Der hadde vi nokre fine dagar, sjølv om veiret var litt ustabilt. Men kva gjere vel det? Innimellom dukka sola fram mellom skydekket, noko som gav fine mulegheitar for ein liten fotoseanse og ikkje minst ein sjanse til å teste ut litt av fotoutstyret våra;

// Dalsfjordbrua

Bileta nedanfor tok vi på heimvegen. Desse er tatt innover mot Lustrafjorden, innerst i Sognefjorden.   Sognefjorden er Norges lengste og djupaste fjord. Med sine 204 km strekk den seg innerst i frå Skjolden og ut til øy-kommunen Solund. Fjorden målar heile 1308 meter på det djupaste.

Nydeleg solnedgong i Sogn;

// Sognefjorden og Lustrafjorden møtast

// Bilete tatt innover mot Lustrafjorden, innerst i Sognefjorden

11. juni 2013

Vidvinkelzoomobjektiv

Sigma 10-20mm F4-5.6 EX DC HSM (vidvinkelzoomobjektiv);


Dette er vår aller nyaste investering, og var bursdagsgåva i frå meg til mannen i huset. Eit objektiv som fell inn under kategorien vidvinkelzoomobjektiv. Det har ein ekstrem vidvinkel, noko som gjev ein "brei synsvinkel" med kameraet. Objektivet egnar seg dermed veldig godt til fotografering av landskap, samt innandørsfotografering, der det ofte er lite med plass. Bileta nedanfor er fotografert med kamerahuset vårt Canon EOS 600D og vidvinkelzoomobjektivet Sigma 10-20mm F4-5.6 EX DC HSM;


//Summertime

//Landskap

9. juni 2013

Fin lørdag!

Då var gårsdagens feiring av sambuaren vel overstått for denne gong. Vi har verkeleg kost oss med fint besøk, kaffi, jordbær, is og kaker. Ein fin dag, med andre ord 

// Pavlova kake med ferske bringebær, jordbær og kiwi.

// Sjokolademuffins - med og utan glasur.

//Sjokoladekake

5. juni 2013

ebay-tips #1

Eg bestillte meg eg eit "klistermerke" til  å ha på mac`en min for fire, små dagar sidan - og allereie i dag dumpa denne herlege sjarmøren ned i postkassa mi :)  Fine Stitch  Sjå så fin den vart!


Klistermerket er avtagbart (vinyl) og er bestillt via ebay.com. Du kan finne meir informasjon om den vesle krabaten her :)

20. mai 2013

Vinn goodiebag!

Då er det på tide med ein ny konkurranse her på bloggen :) Eg trekkjer ut éin heldig vinnar som stikk av med ein goodiebag beståande av diverse sminke og hudpleieprodukt, ulike produkt frå blant anna Burt`s Bees, Giovanni, Physician`s Formula, Nyx, med meir;


For å delta;
Bli fylgjar av bloggen på facebook - ny side (2 lodd)
Del bilete + link til konkurranse på eigen blogg/facebook (2 lodd)

Maks 4 lodd pr. deltakar.

Hugs å leggje igjen ein kommentar der du skriv kor mange lodd du deltek med i trekninga.
Konkurransen vil bli avslutta måndag 10. juni.

Lykke til!

KONKURRANSEN ER AVSLUTTA
Vinnaren er kontakta på mail!

17. mai 2013

Gratulerar med dagen!

Ynskjer dykk alle ein riktig fin 17. Mai :)


Hipp, hipp...
...HURRA!

5. mai 2013

eCademy

Det er dårleg med liv på bloggen for tida, men nettstudier krev sitt. Den siste veka har stort sett gått med til arbeid med relasjonsdatabaser og sql. Eg har nettopp levert mi tredje, av i alt fire obligatoriske oppgåver, så no er det berre å krysse fingrane for at også denne blir godkjend :) No gjenstår kun den aller siste oppgåva før eksamen står for tur - då blir det to veker med intens jobbing.

Dersom du ynskjer å sjå kva studiet går ut på, kan du finne meir informasjon her.

21. april 2013

Vår i hagen ♡

Ah, som eg gledar meg over at våren endeleg ser ut til å vere på veg :D No håpar eg berre så inderleg at vi har sett det siste av snøen og at den no klarar å halde seg unna heilt til hausten er forbi, og vinter igjen er velkomen. No skal i allefall den komande tida nytast til det fulle - våren er ei fin tid 


Vi har allereie innvia terassen vår der vi no har fått på plass nokre av hagemøblane, og i løpet av gårsdagen hadde vi vårens første utedag i hagen. Vi hadde oss ei skikkeleg økt der vi fekk raka saman ein god del lauv, for deretter å få samla alt rasket i bossekkar.


Det er så fantastisk å vere ute om dagen, særleg no som alt spirar og gror - fine pusekattar byrjar no endeleg å syne seg på greine rundt om kring.


Eg gledar meg stort til å kunne putle rundt i hagen framover - eg er så utruleg glad for at vi endeleg er eigarar av eige hus og ikkje minst ein tilhøyrande hage.


Framover har vi store planar om å få gravd opp i hagen for å få lagt inn nye røyr, til vatn og avløp, i frå det kommunale nettet. Eg har også eit ørlite håp om at vi med tid og stunder kanskje også kan få tid til å byggje på og utvide inngangspartiet vårt, slik at det får eit litt meir heilheitleg preg over seg.

15. april 2013

Kveldskos

På ein grå og regnfull dag som dette er det godt å vere innandørs. I augneblinken kosar eg meg med tente lys og ein varm kopp med kakao, medan regnet piskar mot ruta. No er det med andre ord tid for å krype under teppet i sofaen med ein god film på tv-skjermen;


Håpar alle har ein fin kveld :)

14. april 2013

Wishlist!

Øverst på ønskelista mi står i augneblinken dette så alldeles nydelege sengeteppet i frå Ellos.

Eit fantastisk sengeteppe med mange fine stjerner på  I tillegg har sengeteppet ein gråfarge som sklir rett inn på soverommet vårt. 

Og kva med prisen? Joda, under 500-lappen. Me like!

Sengeteppet kan brukast på begge sider - anten ein ynskjer å ha det grått med kvite stjerner, eller dersom ein heller kunne tenkje seg å ha det kvitt med grå stjerner i stadenfor 

Ynskjer du meir informasjon om sengeteppet kan du trykkje her.

Dette sengeteppet er eg nok berre fint nøydt til å klikke meg heim, så snart som råd er. Det var jo berre så lekkert og så delikat - med "matchande" pynteputer og det heile :)


I`m so in love 


//Annonselenkjer

6. april 2013

Det snør, det snør...

Eg sa da vel absolutt ingen verdas ting i går om at våren såg ut til å endeleg vere på veg? Uansett, slik ser det ut utanfor huset vårt i dag;


Det snør, det snør - tiddelibom! Snøen er her igjen og eit kvitt teppe har atter ein gong lagt seg på bakken. Men, kva gjere vel det? Vi har store planar om å kose oss innandørs i stadenfor - tente lys, ein god frukost og varm kakao er absolutt ikkje feil på slike dagar :)

Q; Korleis er veiret der du bur?

5. april 2013

Helg!

Då er endå ei veke vel oversått og helga står endeleg for tur :) Det er alldeles nydeleg ute og sola strålar i frå ein skyfri himmel  Endeleg er det noko som kan minne litt om vår  Eg har store planar om å nyte fridagane til det fulle - aller først skal eg kose meg med denne fruktsalaten;


Nydeleg fruktsalat beståande av kiwi, jordbær, banan og mager kesam med vaniljesmak. Namnam! 


Håpar alle har hatt ein fin dag så langt - ynskjer dykk med dette ei riktig god helg 

30. mars 2013

Påskeafta

Etter å ha vore på farten store delar av påska ser vi no fram til å nyte dei aller siste feriedagane her heime. Det er godt å få roe ned litt før kvardagens plikter kallar. Påskeveiret er upåklageleg og sola strålar frå ein skyfri himmel - stort betre kan det ikkje bli. Det er i alle fall ingen tvil om at denne vesle karen har store planar om å slappe av og nyte livet - gullguten til mammaen sin 


Q; Har dykk det fint?
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...