23. februar 2013

Kvalitetstid

Synast at denne gif-fila av Lucysnuppa mi som storkosar seg i sofaen er alldeles herleg. Bileta som er satt saman til ein gif er tatt for godt og vel eit års tid sidan, men denne situasjonen er vel ganske så lik den dag i dag - skikkeleg kvalitetstid med andre ord 

22. februar 2013

Fin fredag!

Da var det fredag og endeleg er helga her. Fredag er utan tvil den beste dagen i veka. Helgevasken er unnagjort og litt seinare i kveld er det heimelaga pizza og filmkveld som står for tur. Kos!


Håpar du har ein fin start på helga - ha ein forsatt fin fredag.

17. februar 2013

Vinn goodiebag!

Med ein ny blogg høyrer det sjølvsagt også til ein ny konkurranse - det er klart at noko slikt må feirast :) Eg trekkjer ut éin heldig vinnar som stikk av med ein goodiebag beståande av diverse sminke og hudpleieprodukt, ulike produkt i frå blant anna Burt`s Bees, Dermica, Desert Essence, Giovanni med meir;

For å delta;
Bli fylgjar av bloggen på facebook (2 lodd)
Del bilete + link til konkurranse på eigen blogg/facebook (2 lodd)

Maks 4 lodd pr. deltakar.

Hugs å leggje igjen ein kommentar der du skriv kor mange lodd du deltek med i trekninga. Konkurransen vil bli avslutta måndag 4. mars :)

KONKURRANSEN ER AVSLUTTA
Vinnaren er kontakta på mail!

16. februar 2013

Nytt prosjekt

Eit nytt prosjekt har funne vegen til pinnane. Eit babyteppe, i ein alldeles nydeleg grønfarge. No skal eg kose meg med strikketøy og ein varm kopp te medan skiskytingsstafetten rullar over tv-skjermen :) 

Teppet er strikka i Baby Alpaca Silk i frå Drops, farge 7219.

14. februar 2013

Will you be my Valentine?

Happy Valentine`s Day! I dag er det 14. februar og "Valentine`s Day", eller "Alle Hjerters Dag", som det så fint heiter på norsk. Sjølv har vi ikkje for vane å gjere noko stort ut av denne dagen, men eg synast at det er koseleg å gjere litt ekstra stas på kvarandre. Det er jo ikkje til å stikke under ein stol at det alltid er like kjekt med ein slik dag, der ein kan syne kvarandre litt ekstra merksemd. Likevel finnast det ingen tvil om at det er dei kvardagslege tinga som verkeleg er verdt noko - i det heile og store.



Uavhengig av kva ein vel å bruke dagen til, så handlar det heile om å syne at ein set pris på kvarandre. Er du singel? Ja, då kan du kose deg saman med gode vener. Kva med ein skikkeleg jentekveld? Eller ein tur på kino? Det finnast ikkje betre unnskulding. Valentine`s Day er den perfekte dagen til å tilbringe tid saman med nokon ein er glad i 
Q; Har du gjort ekstra stas på nokon, i dag?

Nytt design!

Tusen takk til Alice for fantastisk hjelp når det kjem til nytt design her på bloggen :)



10. februar 2013

Morsdag


Til mamma!
Da mødre ble til
var tanken ganske klar.
For mødre har noe i seg
som ingen andre har.
De øser av sin omsorg
og deler alt de vet.
De viser deg at livet
er håp og kjærlighet.
Derfor har vi mødre
og dersom du spør meg.
Den beste mor i verden
det er nettopp DEG! 
Gratulerar med morsdagen, mamma 
- og alle andre mødre! 

2. februar 2013

Storsjarmøren Tassen!

Har du sett noko meir sjarmerande?


Den vesle tassen på biletet ovanfor er berre éin av mange sjarmørar i Tassen-serien, produsert av FiftyEight Products. Denne skåla er alldeles nydeleg og kan brukast til så mangt. Enten du vel å ha blomster i den slik som meg, eller kanskje noko søtt og godt, sjarmerar den deg i senk. Serien består av fleire ulike produkt, alt i frå eggeglas til tekanner, alle med ei rekkje festlege ansiktsutrykk 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...