20. juli 2009

Babytøflar

Eg har strikka eit par babytøflar innimellom alle lappane til babyteppet :)

For dei som har fulgt meg ei stund no, så veit ein vel gjerne at slike prosjekt pleier å gå under "langtidsprosjekt" her hos meg. Og som kanskje nokon huskar så begynte eg jo både på bølgeteppet og fisketeppet for lang tid sidan. Kvar desse har tatt vegen? *KREMT* Nei, det snakkar vi ikkje meir om!


Her er i allefall tøflene;

Desse tøflene har eg strikka i tynn alpakka. Eg har brukt pinnar nummer 2,5 mm.


16. juli 2009

Gode filmar?

Har sett eit par filmar i det siste. Filmane eg tenkjer på er; "The curious case of Benjamin Button", "The boy in the striped pyjamas" og "Slumdog millionaire".
Alle desse tre filmane er heilt fantastiske. Er det nokon som veit om, eller som kan anbefale nokon andre filmar i same kategorien som desse?



8. juli 2009

Mission Complete!

Då var eg i mål! Oppdraget er fullført og siste UFO på lista, som eg lagde meg litt lenger nede på bloggen, er no fullført. Desse sokkane skal eg behalde sjølv :)


Sokkane er strikka på pinnar i størrelse 3,0 mm. Har brukt opalgarnet som eg fekk av Ronille i HV-pakke for litt sidan.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...