18. mai 2016

17. Mai

Håpar dykk alle hadde ei fin feiring av nasjonaldagen i går.  Sjølv var vi heime i Dale og feira Liam sin fyrste 17. mai saman med besta (mamma`n min). Vi hadde ein fin dag. Veirgudane var heldigvis med oss, og det var stort sett opplett heile dagen, sett vekk i frå ei lita regnskur tidleg på morgonkvisten.


Sjølv om Liam berre er 5 månadar synast eg at det alt no er viktig å skape eigne tradisjonar og gode barndomsminner. Vi starta dagen med å sjå sendinga på nrk frå slottet og toget som passerte der, deretter gjorde vi oss klare og rusla så inn til sentrum for å vere med å gå i toget.


Liam storkoste seg i vogna si og han sov seg gjennom store delar av folketoget. Ei stolt besta hadde kjøpt ulike 17. mai-effektar til han. Så nydeleg der han ligg i bunaden sin (festdrakt frå NameIt). Finaste lille sjarmøren vår. Blid som ei sol og smiler som berre det til alle han ser. Vi avslutta dagen i idrettshallen med nydeleg mat i godt selskap. Ein fin dag å kunne sjå attende på.

23. februar 2016

Yndlingsknippet

I dag dukka det opp ein pakke i posten som eg har venta på i spenning. Det er jo aldri feil med pakkar i posten, men denne gongen venta eg på noko heilt spesielt! Nemleg dåpsgåva til Liam frå oss. Berre sjå på innpakninga som møter deg når du opnar pakken, så gjennomført, frå ende til annan.

Har du sett noko så nydeleg?


Då eg kom over sida til Ingrid, som er gründer av det norske merket Yndling, var eg ikkje lenger i tvil om kva vi skulle gje til småen i dåpsgåve. Ingrid har nemleg designa den perfekte gåva for små og søte barnehender.


Yndlingsknippet er barnets nøkkelknippe, eit eige knippe med nøklar av sølv. Ei gåve som gjev ein mulegheit til sjølv å velge kva slags verdiar og eigenskapar ein ynskjer for det vesle barnet. Det finnast i alt 10 forskjellege nøklar, i ulike størrelsar og design, kvar og ein med si eiga unike betydning.


Nydelege nøklar med plass til gravering, her inngravert med navn og dåpsdato. Ser fram til at Liam kan ta dei i bruk når dåpsdagen er her. Har stor tru på at den vert ein klar favoritt og ein ting han får mykje glede av i tida som kjem. Ei meiningsfull gåve, som har både bruks- og affeksjonsverdi 

28. desember 2015

God jul!

Den siste tida har bloggen verkeleg blitt nedprioritert, men med god grunn. Eg har nemleg blitt mamma. Den 15.12.2015 kl. 13.00 kom vesle guten vår til verda, og med sine 4120 gram og 51 cm var han heilt perfekt ♡ Vi er lukkelege og kosar oss med tidenes beste julegåve.



Vil med dette ynskje dykk alle ei fortsatt god jul!

4. desember 2015

Sogn og Fjordane

Er det noko eg lenge har leita etter, i lang tid, så er det songen om vårt eige fylke. Songen om Sogn og Fjordane. Eg har googla i det vide og det breie for å sjå om ikkje songen har vore lagt ut ein eller annan stad på det o så store internett, men til inga nytte. Det einaste eg har funne på min veg er sjølve teksten.

Så du kan tru det var nokon som vart glad når songen plutseleg dukka opp i kabareten til Ottar Wik, "Rundballeri hurra!", og deretter vart lagt ut på nrk.no sine sider. Denne songen har vi sunge mang ein gong i barndommen. Mannen bak melodien, Kåre Sandvik, var ingen ringare enn musikklæraren vår på barneskulen i si tid. Så no må eg altså leggje den ut her på bloggen, slik at eg har den i arkivet mitt :)

Nedanfor finn du songen, her framført av solist Einar Bolstad.

Sogn og Fjordane-songen
Vi har fått fleire spørsmål om vi kan legge ut Sogn og Fjordane-songen frå Ottar Wiik-framsyninga i helga. Det vil vi sjølvsagt gjere! Så her får du songen med Einar Bolstad som solist! Heile konserten ser du på www.nrk.no/sf
Posted by NRK Sogn og Fjordane on 30. november 2015


Tekst;

Me har fossar som heng i ei snor, beint ned i verdas lengste fjord.
Me har holmar med fisk omkring og storm ved Stad.
Me har Jostedalsbreen som kalvar, dag og natt.
Me har saue og kyr på gras, fjordahestar som går på stas.
Og eple i eplehagen, til me får ilt i magen.

Ref;
Sogn og Fjordane, alle gode ting er tre.
Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.
Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Her bur folk frå brenning til bre, Selje, Solund og Sogndal er med.
Frå Bremanger og Balestrand, og Breim og Bru.
Og i Fjaler, Førde og Fresvik vil me bu.
Me går oftaste kvar vår veg, med gummistøvlar og lange steg.
Og her står me små og store, synge i same koret.

Ref;
Sogn og Fjordane, alle gode ting er tre.
Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.
Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Me har vatn som går i tunnel, tvers gjennom verdas villaste fjell.
So kjem det att som kilowatt og smelta metall,
Og gjev lys i hytter og hus og Kongens hall.
Her har me faktisk det meste me treng, her har me vener og kjende i fleng.
Ja, her har me nok å gjera, her har me lyst å vera.

Ref;
Sogn og Fjordane, alle gode ting er tre.
Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.
Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

26. november 2015

Babynest

For litt sidan kom eg over denne brukaren på Instagram, og det tok ikkje mange sekundane før eg var solgt. Denne dama lagar og syr dei finaste ting til våre søte små. Fort gjort var det også - og det tok ikkje lange stunda før dette babynestet i frå @mimmimona var komme i hus. Har du sett noko så nydeleg?



Eg kunne i allefall ikkje vore meir fornøgd. Det aller meste av babyutstyr er no på plass, og vi er klare til å møte lillemann ♡ 



Ovanfor ser du nærbilete av motivet, med bamsefigur og teksten "gullet vårt". Alldeles nydeleg.

12. november 2015

Til ein liten prins

Litt babystrikk må til når ein sjølve ventar ein liten prins. Sidan sist har eg strikka ferdig eit babyteppe med tilhøyrande tøflusar - litt trått går det vel og merke når formen ikkje vil spele på lag. Oppskrift på tøflane kan du blant anna finne her.


Elles held eg i skrivande stund på med ei kjappstrikkadrakt frå Paelas, samt pilotlua til Klompelompe i same blåfargen. Satsar på at dette vert eit fint lite sett til vesle prinsen i magen 

8. november 2015

Babyshower

I dag var det min tur til å bli tatt på senga. Eg vart nemleg overraska med tidenes Babyshower.



Eg er jammen meg heldig som har så mange flotte jenter i livet mitt  Tusen takk til kvar og ein av dykk - dåke er fantastiske!

13. september 2015

I magen bur det ein...

... liten prins 

I slutten av august var vi på 3D-ultralyd og det var ei fantastisk oppleving. Alt såg heilt perfekt ut med den vesle. Det var ingen teikn til sjukdommar eller misdannelsar. Vi var framleis veldig spente på om magebuaren ville syne seg fram denne gongen, slik at vi kunne få vite kjønnet. Og det gjekk strålande. Jordmor var ikkje i tvil, ikkje eitt sekund, og ho kunne dermed bekrefte at det er ein liten gut som gøymer seg inni magen min.


Så då bar det avgårde på shopping, litt blått måtte til. Ein liten prins - ein bitteliten prins - inni magen 

25. august 2015

Babyshower

På onsdag som var arrangerte vi Babyshower for ei god venninne av oss. Veronica trudde ho skulle tilbringe ein roleg kveld saman med meg og ei anna venninne, med middag, jenteprat og alt som høyrer til - men, slik vart det no altså ikkje ;)



Vi hadde nemleg heilt andre planar for denne kvelden! Både mat og gåvebord stod klart og stova vart pynta i rosa, ettersom at snuppa vår ventar ei lita prinsesse 

kjappstrikkadrakt paelas


Strikkepinnane måtte sjølvsagt fram til anledningen, og eg valde blant anna å strikke ei nydeleg kjappstrikkadrakt frå Paelas til den vesle magebuaren 














Elles vil eg rette ei stor takk til alle som var med å gjorde kvelden heilt perfekt! No gledar vi oss masse til å få helse på den vesle prinsessa som snart kjem til verda 

21. juni 2015

1+1=3

Det har vore dårleg med oppdateringar på bloggen den siste tida, så eg tenkte eg for ein gongs skuld skulle komme med eit lite livsteikn frå denne kanten :) Det har ikkje vore heilt stille utan grunn. Eg har nemleg vore konstant dårleg i 2 mnd. Heldigvis kjem det noko godt ut av det heile, og vi ventar ein liten skatt i begynnelsen av Desember 


Eg har vore heilt slått ut av hypermesis, eller ekstrem svangerskapskvalme som det heiter på godt norsk. Den siste tida har eg vore sjukemeld på grunn av kvalmen, og eg har hatt fleire turar inn og ut av sjukehuset for å få påfyll av veske.

Det har med andre ord våre nokon tøffe månadar. No ser eg fram til at kvalmen avtar, slik at eg kan begynne å nyte graviditeten i tida som kjem.

17. mai 2015

Til lukke med dagen!

Ynskjer dykk alle ein riktig fin 17. Mai :) Håpar dykk får ein fin dag.


Hipp, hipp...
...HURRA!

4. april 2015

Sulebu, 1330 moh.

I dag spente vi skia fast. Skituren gjekk i frå Tyinkrysset og vidare inn til Sulebu, 1330 moh. Det vart ein fantastisk tur, i strålande solskinn, og vi tilbakela omlag 20,5 km.


Det er ingen sak med nypreparerte løyper og god gli.


Ein liten pust i bakken...


Nydeleg utsikt så langt auget kan sjå. Fjellet badar i sol. Ingen grunn til å klage.


Vel framme på Sulebu! På biletet ovanfor ser du hytta til Den Norske Turistforening, 1330 moh. Utan tvil ein flott tur som kan anbefalast på det varmaste.

30. mars 2015

Den finaste kjolen

//Annonselenkjer

Siste prosjekt ut er ein kjole/tunika til ei prinsesse eg kjenner. I fylgje oppskrifta er kjolen eigentleg meint å strikkast med perler der det er strikka riller, men eg valde å droppe perlene ettersom at kjolen er meint å brukast til kvardags.


Oppskrifta på "Den finaste kjolen" er henta i frå boka til Kathrine Gregersen - "Strikk meir til nøstebarn"Denne boka er no på tilbod og kan blant anna kjøpast her.


Knappane er eg godt nøgd med. Eit skikkeleg røvarkjøp! Dei er nemleg bestillt på ebay; 100 knappar for ein slikk og ingenting. Knappane kan kjøpast her.


Eg er godt fornøgd med det ferdige resultatet - og det trur eg jammen meg at mottakaren var også 

22. februar 2015

Nancykofte

For tida rådar det stor koftefeber i strikkeverda. Både på facebook og ulike bloggar rundt om i det ganske land vert det synt fram kofter i fleng. Blant desse finn du den nydelege Nancy-kofta med rundt bærestykke. Denne kofta er alldeles nydeleg og den måtte berre bli mi.















Jakka finn du i heftet "Tema 35; Norske ikoner" frå Sandnes Garn, og den er strikka i Mini Alpakka. Pinne nr. 2,5 mm og 3,0 mm.






















Elles valde eg å hekle to rader langs oppklippsmaskene, i stadenfor å sy, for så å klippe mellom desse. Tommel opp!





















Og så var det dette med montering. Kan tru eg var spent! Dette er nemleg første gongen eg har montert eit prosjekt som innebærer å klippe i strikketøyet. Eg var med andre ord ikkje særleg høg i hatten i det eg sette i gong med saksa...

Dette er faktisk det første plagget eg strikkar til meg sjølv - om ein ser vekk i frå sokkar og slikt. At det tok meg eit heilt år å få den ferdig er ikkje noko vi snakkar høgt om :D Fin er den i allefall; Min favoritt!

14. februar 2015

Happy Valentine`s`Day!

Håpar dykk alle har hatt ein fin dag så langt. Her i huset har vi ingen store planar for dagen. Vi er heime i Dale ein liten tur. Så litt kvalitetstid med familien høyrer sjølvsagt til :)













Mannen i huset kom heim med finaste gåva i dag; garn + oppskriftshefte. Det er mannen sin det ❤ Det er jo ikkje til å stikke under ein stol at det alltid er like kjekt med ein slik dag, der ein kan syne kvarandre litt ekstra merksemd.

Fin dag til deg!

1. februar 2015

Ingeborglue

Ei hue har sett dagens lys. Hua er ei "Ingeborglue", og den er strikka i mirasol. Dobbelt garn og pinne 4,0 mm. Oppskrifta er i frå Knitting Inna.


//  Lucy stiller opp som modell




















// Modellen synast etterkvart at oppdraget vart noko kjedeleg :)

25. januar 2015

Kjøkkenklutar

Det finnast faktisk èin fordel med å vere sjuk. Tru det eller ei. For når formen ikkje er på topp finnast det nemleg rikeleg med tid til favoritthobbyen min. Det har blitt mykje strikking med andre ord :) Den siste veka har det blitt produsert kjøkkenklutar på løpande band. Herlege klutar i friske fargar, medan vi ventar på våren - og sola.


Med desse kjøkkenklutane i boks er heile ni prosjekt blitt fulltført hittil i år. Klapp på skuldra.


Alle klutane er strikka i bomullsgarnet Mandarin Petit og pinne 4 mm. Som tidlegare nemnt, mitt absolutte favorittgarn, til nettopp slik bruk.



Kunne du tenkje deg å strikke slike klutar sjølv? Nedanfor finn du oppskrift på desse klutane dersom du skulle ynskje å lage deg slike. Dei er superenkle å strikke - rett fram :)

Oppskrift; Eg startar med å legge opp 3 masker og aukar deretter i nest siste maske på kvar pinne til omtrent halve nøstet er brukt opp. Deretter feller eg ved å strikke dei to nest siste maskene saman på kvar pinne til det gjenstår 3 masker på pinnen. Trekk tråden igjennom. Dersom du ynskjer kan du avslutte med å lage hempe på kjøkkenkluten ved hjelp av i-cord snor.



Forsatt fin søndag til deg!

23. januar 2015

Fredag

Då var det plutseleg fredag igjen og helg! Utan tvil den beste dagen i veka. Sofaen er inntatt og vi skal snart finne fram noko god mat, samt litt underhaldning på viaplay :)
Denne veka har vore hard og årsaka er enkel; vi har hatt sjukdom i hus. Formen har ikkje vore på topp, så her det ei stille og roleg helg i vente. Eg har nemleg planar om å prøve å bli kvitt influensaen som har herja i kroppen den siste tida. Så får berre krysse fingrane for at det er litt ro som skal til.

Fin helg til deg!

13. januar 2015

På pinnane #1

Den siste tida har eg vore veldig flink til å fullføre dei prosjekta eg har begynt på. Tru det eller ei. Til og med eit par ufoar har no sett dagens lys. I skrivande stund held eg på med eit par sokkar, nærare bestemt "Blueberry Waffle Socks".













FAKTA;
Garn; Dale Baby ull
Pinnar: 3.0 mm
Mønster; Blueberry Waffle Socks

11. januar 2015

Kitchen cloths

Andre og tredje prosjekt så langt i år er no felt av pinnane. Trådane vart festa i dag og to nye kjøkkenlutar er dermed klare til bruk.



Begge klutane er strikka i Mandarin Petit, på pinne 4 mm. Utan tvil mitt favoritt garn, til nettopp slik bruk.



Desse klutane vert nok lagt rett i gåveskuffa mi :)

9. januar 2015

Pixielue

Facebook, Instagram og andre sosiale mediar boblar over av fantastisk strikkeinspirasjon - og eg let meg friste. Gong etter gong. Ein av favorittane nett no er Paelas. Dei har komme med mange fine mønster, blant anna "pixielue". Hua på biletet nedanfor har eg strikka i Merino Superfine frå Viking, på pinne 4 mm, og denne er mitt første ferdige prosjekt i 2015.

Eg har strikka hua i størrelesen 6-12 mnd, og det gjekk med rett i overkant av to garnnøster. Hua er strikka med dobbel tråd, så den er både tjukk og varm. Med andre ord; Perfekt til kalde vinterdagar.














Pixielua var både enkel og kjekk å strikke. Eit kjapt lite prosjekt. Snora i hua er laga ved hjelp av i-cord. Filmklipp som syner framgongsmåte finn du her.

God helg!

1. januar 2015

GODT NYTT ÅR!

Tusen takk for alle besøk og ikkje minst alle dei hyggjelege kommentarar som dykk har lagt igjen her på bloggen i løpet av 2014 - set stor pris på dykk alle :)




Eg vil med dette ynskje dykk eit riktig godt nytt år, og eg ser fram til eit nytt og spennande bloggår, saman med dykk.

26. desember 2014

ebay-tips #3

Er du like glad i å reise som meg? I så fall må eg berre få lov til å tipse om denne nydelege og praktiske saken. For ei tid tilbake bestillte eg meg nemleg nokre passlommer i frå ebay. Heilt geniale. Med desse lommane er det ikkje lenger vanskeleg å sjå kven av oss passa tilhøyrer :)


Lommane er både fine og praktiske. I tillegg til å beskytte sjølve passet, har dei óg plass til billettar og andre nødvendigheiter. Nydelege, ikkje sant? Og prisen? Rundt ein tiar (inkludert frakt) :)
Dykk finn dei her.

24. desember 2014

God Jul!

Eg vil ynskje alle lesarane mine ei riktig god jul! Håpar dykk får ei fin julefeiring saman med vener og famililie. Ta vare på alle dei du er glad i, og ikkje gløym kva jula eigentleg dreiar seg om, nemleg kjærleik 


Vi skal for aller fyrste gong sjølv lage til selskap på julafta i år, så er veldig spent på kveldens resultat. Treet er pynta, pakkane er på plass og bordet er dekka og klart, så no er det berre julemiddagen som gjenstår. Satsar på at alt går som smurt - jul vert det vel uansett :)

God Jul til deg og dine!


Minnar om at det er ekstra viktig å ta vare på dei som ikkje har det så bra på denne tida av året - det er diverre så alt for mange som av ulike årsakar opplev jula som ei ekstra vanskeleg tid 

30. november 2014

Konkurranse; Vinn personlig almanakk!

//Konkurranse i samarbeid med personligalmanakk.com

I dag er det første søndag i advent og i samarbeid med personligalmanakk har eg gleda av å
dele ut ein valfri almanakk til ein av mine fantastiske lesarar. Dette er den perfekte gåva, til deg sjølv, eller nokon du er glad i  Inne på sidene deira kan du designe din eigen, heilt personlege almanakk. Du kan velge størrelse, fargar og innhald heilt sjølv, nett slik du ynskjer det. Betre kan det vel ikkje bli?


Ellers vil eg tipse om at du finn personligalmanakk både på facebookinstagram og på snapchat @pers_almanakk. Følg dei gjerne for å få tilgong på ulike tilbod og kampanjer, samt mykje flott inspirasjon. Nedanfor ser du bilete av min personlege almanakk for året som snart er forbi;
For å delta;
Det einaste du treng å gjere for å vere med i trekninga av din eigen personlege almanakk er å leggje igjen ein hyggjeleg kommentar i kommentarfeltet nedanfor.

Premien er sponsa av;

Konkurransen vert avslutta søndag 7. desember.
Lykke til!

21. november 2014

Storproduksjon

Jula nærmar seg med stormskritt, og strikkepinnane går flittig mellom fingrane. For tida er det kjøkkenklutar som vert produsert - på løpande band. Desse klutane står ikkje berre på mi ønskeliste, så det vert nok nokre slike under juletrea rundt om kring, også i år :) 


Nedanfor finn du oppskrift på desse klutane dersom du ynskjer å strikke slike sjølv. Dei er superenkle å strikke. I tillegg er det eit kjekt lite strikketøy å ty til framfor tv-skjermen. Freshe fargar etter eige ynskjer, og garn som kan vaskast på 60 grader. Betre kan det vel ikkje bli?  Perfekte som gåver!

Oppskrift; 
Eg legg opp 3 masker og aukar deretter i nest siste maske på kvar pinne til omtrent halve nøstet er brukt opp. Deretter fell eg ved å strikke dei to nest siste maskene saman på kvar pinne til det gjenstår 3 masker på pinnen. Avsluttar så med å lage hempe på kjøkkenkluten ved hjelp av i-cord snor.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...