Håpar dykk alle hadde ei fin feiring av nasjonaldagen i går. Sjølv var vi heime i Dale og feira Liam sin fyrste 17. mai saman med besta (mamma`n min). Vi hadde ein fin dag. Veirgudane var heldigvis med oss, og det var stort sett opplett heile dagen, sett vekk i frå ei lita regnskur tidleg på morgonkvisten.
Sjølv om Liam berre er 5 månadar synast eg at det alt no er viktig å skape eigne tradisjonar og gode barndomsminner. Vi starta dagen med å sjå sendinga på nrk frå slottet og toget som passerte der, deretter gjorde vi oss klare og rusla så inn til sentrum for å vere med å gå i toget.
Liam storkoste seg i vogna si og han sov seg gjennom store delar av folketoget. Ei stolt besta hadde kjøpt ulike 17. mai-effektar til han. Så nydeleg der han ligg i bunaden sin (festdrakt frå NameIt). Finaste lille sjarmøren vår. Blid som ei sol og smiler som berre det til alle han ser. Vi avslutta dagen i idrettshallen med nydeleg mat i godt selskap. Ein fin dag å kunne sjå attende på.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget ❤
Kommentaren må godkjennast før den vert lagt ut på bloggen,
det vil difor kunne ta noko tid før den vert synleg.