30. november 2014

Konkurranse; Vinn personlig almanakk!

//Konkurranse i samarbeid med personligalmanakk.com

I dag er det første søndag i advent og i samarbeid med personligalmanakk har eg gleda av å
dele ut ein valfri almanakk til ein av mine fantastiske lesarar. Dette er den perfekte gåva, til deg sjølv, eller nokon du er glad i  Inne på sidene deira kan du designe din eigen, heilt personlege almanakk. Du kan velge størrelse, fargar og innhald heilt sjølv, nett slik du ynskjer det. Betre kan det vel ikkje bli?


Ellers vil eg tipse om at du finn personligalmanakk både på facebookinstagram og på snapchat @pers_almanakk. Følg dei gjerne for å få tilgong på ulike tilbod og kampanjer, samt mykje flott inspirasjon. Nedanfor ser du bilete av min personlege almanakk for året som snart er forbi;
For å delta;
Det einaste du treng å gjere for å vere med i trekninga av din eigen personlege almanakk er å leggje igjen ein hyggjeleg kommentar i kommentarfeltet nedanfor.

Premien er sponsa av;

Konkurransen vert avslutta søndag 7. desember.
Lykke til!

21. november 2014

Storproduksjon

Jula nærmar seg med stormskritt, og strikkepinnane går flittig mellom fingrane. For tida er det kjøkkenklutar som vert produsert - på løpande band. Desse klutane står ikkje berre på mi ønskeliste, så det vert nok nokre slike under juletrea rundt om kring, også i år :) 


Nedanfor finn du oppskrift på desse klutane dersom du ynskjer å strikke slike sjølv. Dei er superenkle å strikke. I tillegg er det eit kjekt lite strikketøy å ty til framfor tv-skjermen. Freshe fargar etter eige ynskjer, og garn som kan vaskast på 60 grader. Betre kan det vel ikkje bli?  Perfekte som gåver!

Oppskrift; 
Eg legg opp 3 masker og aukar deretter i nest siste maske på kvar pinne til omtrent halve nøstet er brukt opp. Deretter fell eg ved å strikke dei to nest siste maskene saman på kvar pinne til det gjenstår 3 masker på pinnen. Avsluttar så med å lage hempe på kjøkkenkluten ved hjelp av i-cord snor.

8. november 2014

Oppussing; Ny vedovn

I går kveld fekk vi endeleg innvia den nye peisovnen vår.

FØR; Slik såg det ut før vi begynte med arbeidet - ikkje akkurat noko topp moderne vedovn dette. Ikkje har eg vore så veldig begeistra for platået som ovnen står på heller.


ETTER; Platået som var der før er endeleg vekke og nye fliser er no komme på plass, både på golvet og på veggen. Vidare falt valet på ein stilrein peisovn frå Wiking, modellen Nordic 9G. Det skal bli godt med ein ovn som ikkje berre brukar masse ved, men som også avgir rikeleg med varme.


Vi er strålande fornøgd med resultatet og eg ser fram til mange koselege kveldar framfor ovnen :)

5. november 2014

Å jul med din glede...

... og barnlige lyst, vi ønsker deg alle velkommen ♪ ♫ ♪

Tida flyg og dagane rasar avgårde i ein forrykande fart. Nedtellinga fram mot jul har begynt for fullt her i huset og vi er allereie godt i gong med årets julegåver. 


Dei seinare åra har eg nemleg sett meg som mål å vere ferdig med julegåvene rundt 1. desember, noko som har fungert kjempe fint så langt. Og i år har vi verkeleg slått på stortromma - for no er det neimen ikkje mange gåvene som gjenstår. No skal eg kose meg med å pakke inn siste rest, for det er ikkje mykje som er betre enn å kunne slappe av og berre nyte julemånaden.

2. november 2014

Halsar i fleng...

Eg har den siste tida strikka til saman fire halsar i ulike fargar og variantar. Eg fekk nemleg ei bestilling av ein god kollega som ønska seg ein heimelaga hals. Så no er det berre å velge og vrake. Dei resterande halsane havnar nok rett i gåvekassa. Det er jo tross alt ikkje lenge igjen til jul.


Neste prosjekt ut er også eit bestillingsverk - denne gongen ein liten Skappelgensar 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...