24. august 2014

Mini-skappel

"Ein kvar toåring treng ein mini-skappel..." 

Som sagt, så gjort! Eg fann fram eit par strikkepinnar og kort tid etter vart denne gensaren overlevert i bursdagsgåve til ein nydeleg liten kar 


Eg valgte å pynte gensaren med nokre gule detaljar. Hekla ein kant rundt halsen og det gjorde seg også med ein liten "L" for finaste Lukas.


Gensaren er strikka i Hexa-garn (100% alpakka), og pinne nr. 5,0 mm. Eg har stort sett fulgt oppskrifta på "Sophia`s skappel-genser", men har lagt inn eit par justeringar undervegs :)


Strålande fornøgd med resultatet er eg i allefall, så no er eg nok berre fint nøydd til å hive meg rundt og få ferdigstillt ein slik gensar til meg sjølv også.

Forsatt fin søndag til deg!

18. august 2014

Honningkjole

Siste prosjekt av pinnane er Pickles.no sin "Honningkjole". No gjenstår det berre å hekle kantar rundt for- og bakstykket på kjolen, samt å montere knappar. Så kan eg sei meg godt fornøgd med arbeidet.


Denne kjolen er alldeles nydeleg, og den er langt enklare å strikke enn det ein skulle tru, i allefall ut i frå utsjånaden å dømme :) Oppskrift på honningkjolen kan du finne her.

15. august 2014

Kamelsjokk

Vakna til storfint besøk tidleg ein fredags morgon. Synet som møtte meg i det eg såg ut stoveglaset var intet mindre enn fire store (!!!) kamelar. Dette måtte jo berre takast bilete av, og det tok ikkje lange stunda frå eg hadde delt biletet mitt på Instagram til ein journalist i frå NRK slo på tråden. 


No skal det vel leggast til at Sirkus Arnardo holdt til like i nærleiken. Men, det er neimen ikkje kvardagskost med ein kamel i hagen - sjølv om det visstnok ikkje skal vere uvanleg å la kamelane ta seg ein liten luftetur på eigahand. Uansett, artig var det!

#kamel #pårømmen #sirkus #arnardo

9. august 2014

Einingsfjellet

I dag våkna vi til skyfri himmel og strålande sol, og vi bestemte oss straks for å setje kursen mot ytre Fjaler, nærmare bestemt Korssund/Lammetun og Einingsfjellet. Toppen ruvar ikkje høgt med sine 259 moh, men med ei plassering ytterst i Dalsfjorden gjev den likevel ei fantastisk utsikt.


Rett før krysset der vegen delar seg mot Korrsund og Lammetun ligg ei lita avkøyrsle på oppsida av vegen, like ved ein raud trafostasjon. Eit skilt ved vegen syner kvar stien startar. Vegen vidare er godt merkt.
Turen er omlag 3 km t/r.


Utsynet som møter deg på toppen er ubeskriveleg. I sør ser ein mot Krakhellesundet og Solund. I vest kan ein sjå Aralden, Geita fyr, Værlandet, Bulandet og Alden. Nordover finn ein Tvibyrje, Kinn og Atløy, samt dei flotte fjella på nordsida av Vilnesfjorden og Dalsfjorden.


Ein flott tur som kan anbefalast på det varmaste.

Ferietid!

Vi tillbringar delar av ferien vår heime i Dale, heimplassen min. Her nyt vi dagane og kosar oss som best vi kan, saman med papsen. Det er alltid godt å ha han heime ♡ Lucy og Tassen kosar seg óg.

// Dale i Sunnfjord

Vi har ingen store planar for dagen, men eg kunne tenkt meg ein tur ut til Lammetun/Korssundet for ein liten fjelltur vidare opp til Einingsfjellet.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...