22. august 2013

OPI My Very First Knockwurst!

OPI er eit av mine absolutte favorittmerker innan neglelakkar, og eg tenkte difor at eg i dag skulle syne dykk tre av mine favorittprodukt gjennom denne sumaren. 

// My very first knockwurst // Pink yet lavender // Top Coat

Eit lite tips kan vere å kombinere to ulike neglelakkar. Gjerne ein eigen farge på ringfingeren, eller ein glitterlakk over sjølve neglelakken. Sjølv er eg blitt veldig glad i fargen my very first knockwurst, ein farge som passar perfekt i kombinasjon med glitterlakken pink yet lavender. Delikat og enkelt, og resultatet blir jo berre så fint 

Q; Har du ein favoritt neglelakk?

11. august 2013

Kvardagen kallar!

Då var vi vel heime igjen, etter to fantastiske veker med ferie i Dale. Vi kom heim igjen seint fredags kveld, og har dermed nytta helga her heime. Til tross for to fine ferieveker er det jammen meg godt å vere heime igjen óg. Helga har rast forbi, og det meste av tida har gått med til å rydde på plass igjen og vaske kle etter ferien. Ellers har vi holdt på ein del ute i hagen - det er mykje som må gjerast etter at vi har skifta vatn- og avlaupsrøyr.


No er det snart på tide med heimelaga pizza og ein god film :) Det er viktig å nyte aller siste rest av ferien - i morgon bærer det nemleg attende til kvardagen. Ha ein fortsatt fin søndag!

4. august 2013

Ferietid!

Vi tilbringer delar av ferien vår heime i Dale, heimplassen min. Her nyt vi dagane og kosar oss stort, saman med papsen. Det er godt å ha han heime for ei stund ♡ Lucy og Tassen kosar seg óg. Mykje av tida her vert brukt til oppussing og vedlikehald av barndomsheimen min, samt tilhøyrande uteområde - skal sei det vert fint.


Dagen i dag, for min del, skal brukast til litt rydding og vasking av kle - ikkje det kjekkaste ein kan finne på, men det er vel slikt som må gjerast :)

Q; Kva brukar du denne søndagen til?
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...