31. august 2012

Storproduksjon

Her går det unna i svingane. Ein skulle i grunn tru eg hadde nok å henge fingrane i, med tanke på at det berre er knappe to dagar igjen til vi tar over huset vi har kjøpt. Samstundes er det veldig godt å ha eit lite tidsfordriv, for tida kan i grunn aldri gå fort nok når ein ventar på noko. Så då slår ein i hel nokre timar med strikketøy og resultatet, ja det kan du sjå her;


Nok kjøkkenklutar får ein dessutan aldri, og dei vil nok komme godt med no som vi skal til å vaske og rydde i alle krikar og krokar :)

30. august 2012

Pakke i posten; Physicians Formula

Eg har hatt meg ei runde på iHerb.com, og for litt sidan fekk eg pakken i posten. Pakken inneheldt blant anna ein blush i frå Physicians Formula, i fargen "Rose". Det fyrste som fanga merksemda mi var utsjånaden; utruleg søt, med hjarter og det heile. Nydeleg! I tillegg får den eit stort pluss i boka fordi merket er dyrevenleg :)


Blushen har blitt ein stor favoritt her i hus. Dersom du løftar opp sjølve blushen vil du finne eit rom med ein liten børste, samt eit speil, under denne. Veldig praktisk dersom ein er på farten. Elles må det også nemnast at blushen er heilt fri for parabener.


Q; Har du prøvd noko i frå merket Physicians Formula før?

Bruk gjerne rabattkoden ESU567 når du handlar hjå iHerb.com, då får du inntil $10 i rabatt på di fyrste bestilling som ny kunde. Og dykk, hugs å halde dykk under 200,-, då slepp ein nemleg toll på varene :)

8. august 2012

Solnedgong

Magisk lys - ein fantastisk augneblink - sumar på jorda 


Nokre gongar kan naturen opplevast som rein magi - slik som desse trea i framgrunnen av ein alldeles nydeleg solnedgong. Vakkert!


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...