12. september 2013

Ny i verda!

Ei ny djevelhue, eit par med babytøflar og eit tilhøyrande teppe, i ein herleg turkis farge, har no sett dagens lys. Eit fint lite sett, til ein nydeleg, liten prins som for ikkje lenge sidan meldte sin ankomst til verda 


Og, når ein sjølv ikkje har ein liten krabat i hus, då er det veldig greitt å ha ein liten modell som velvillig stiller opp til fotografering, slik at ein lettare får synt fram det ferdige resultatet :)

Faktaboks;
Mønster; Gro`s Djevellue.
Pinnar; 2,5mm og 3,5 mm.
Garn; Babyull.
 

Som nevnt tidlegare så likar eg aller best denne oppskrifta når det kjem til djevelhuer. Det er så fantastisk med ei oppskrift som ikkje krever noko slags form for montering. Kun festing av trådar! Kjapp og morosam å strikke er den óg. Ellers fortsetter eg trenden med i-cord snorer. For ein teknikk! Eg har tidlegare anten hekla eller strikka snorene, men den tida er forbi for godt. Men, som sagt, så synest eg at desse snorene vert mykje finare. Eit stort pluss for at dei er superenkle å lage, i tillegg til at dei er veldig lette å knyte.

// Nærbilete av babytøflane

9. september 2013

Dagens innkjøp; Canon EOS 650D!

I dag har eg oppgradert kamerahuset vårt. Vi har nemleg bytta ut vårt Canon EOS 600D med den nyare modellen Canon EOS 650D. Eg var så heldig å komme over dette kamerahuset til ein veldig fin pris - så då var det i grunn ikkje så veldig mykje å lure på :)

// Canon EOS 650D

Canon EOS 650D er eit fantastisk fotoapparat med mulegheit for filming i full HD-oppløysing, heile 18 megapikslar og ikkje minst vridbar berøringsskjerm.

6. september 2013

Happy Birthday!

I dag starta eg dagen min med ein deilig frukost - saman med fine folk  Dei siste par dagane har vi nemleg hatt tanta og onkelen min på besøk - utruleg kjekt. I går kveld toppa vi det heile med ei fantastisk oppleving då vi tok turen på Øystein Sunde Show. Snakk om flott opptreden - for ein mann!


No er det snart tid for litt god mat og eg skal nyte resten av kvelden saman med min kjære 

1. september 2013

Første september!

Tenk, i dag er det første september! Sommaren er over for denne gong og den første haustmånaden er her. Personleg elskar eg denne tida av året. Elskar hausten som kjem snikande rundt hjørnet. Elskar dei mørke og koselege kveldane fram mot jul. Månadane som vi har i vente er så fantastisk fine.


Det er få ting som er så koseleg som å sitje inne når regnet piskar mot ruta. Det å kunne tenne stearinlys no som kveldane begynner å bli mørkare. Eller kva med å nyte ein stor, varm kopp med te? Kveldskos foran peisen eller under eit varmt pledd i sofaen er heller ikkje å forakte - i allefall ikkje når gradestokken stadig synk. Hausten er vakker 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...