18. mai 2016

17. Mai

Håpar dykk alle hadde ei fin feiring av nasjonaldagen i går.  Sjølv var vi heime i Dale og feira Liam sin fyrste 17. mai saman med besta (mamma`n min). Vi hadde ein fin dag. Veirgudane var heldigvis med oss, og det var stort sett opplett heile dagen, sett vekk i frå ei lita regnskur tidleg på morgonkvisten.


Sjølv om Liam berre er 5 månadar synast eg at det alt no er viktig å skape eigne tradisjonar og gode barndomsminner. Vi starta dagen med å sjå sendinga på nrk frå slottet og toget som passerte der, deretter gjorde vi oss klare og rusla så inn til sentrum for å vere med å gå i toget.


Liam storkoste seg i vogna si og han sov seg gjennom store delar av folketoget. Ei stolt besta hadde kjøpt ulike 17. mai-effektar til han. Så nydeleg der han ligg i bunaden sin (festdrakt frå NameIt). Finaste lille sjarmøren vår. Blid som ei sol og smiler som berre det til alle han ser. Vi avslutta dagen i idrettshallen med nydeleg mat i godt selskap. Ein fin dag å kunne sjå attende på.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...