22. februar 2015

Nancykofte

For tida rådar det stor koftefeber i strikkeverda. Både på facebook og ulike bloggar rundt om i det ganske land vert det synt fram kofter i fleng. Blant desse finn du den nydelege Nancy-kofta med rundt bærestykke. Denne kofta er alldeles nydeleg og den måtte berre bli mi.















Jakka finn du i heftet "Tema 35; Norske ikoner" frå Sandnes Garn, og den er strikka i Mini Alpakka. Pinne nr. 2,5 mm og 3,0 mm.






















Elles valde eg å hekle to rader langs oppklippsmaskene, i stadenfor å sy, for så å klippe mellom desse. Tommel opp!





















Og så var det dette med montering. Kan tru eg var spent! Dette er nemleg første gongen eg har montert eit prosjekt som innebærer å klippe i strikketøyet. Eg var med andre ord ikkje særleg høg i hatten i det eg sette i gong med saksa...

Dette er faktisk det første plagget eg strikkar til meg sjølv - om ein ser vekk i frå sokkar og slikt. At det tok meg eit heilt år å få den ferdig er ikkje noko vi snakkar høgt om :D Fin er den i allefall; Min favoritt!

14. februar 2015

Happy Valentine`s`Day!

Håpar dykk alle har hatt ein fin dag så langt. Her i huset har vi ingen store planar for dagen. Vi er heime i Dale ein liten tur. Så litt kvalitetstid med familien høyrer sjølvsagt til :)













Mannen i huset kom heim med finaste gåva i dag; garn + oppskriftshefte. Det er mannen sin det ❤ Det er jo ikkje til å stikke under ein stol at det alltid er like kjekt med ein slik dag, der ein kan syne kvarandre litt ekstra merksemd.

Fin dag til deg!

1. februar 2015

Ingeborglue

Ei hue har sett dagens lys. Hua er ei "Ingeborglue", og den er strikka i mirasol. Dobbelt garn og pinne 4,0 mm. Oppskrifta er i frå Knitting Inna.


//  Lucy stiller opp som modell




















// Modellen synast etterkvart at oppdraget vart noko kjedeleg :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...