I slutten av august var vi på 3D-ultralyd og det var ei fantastisk oppleving. Alt såg heilt perfekt ut med den vesle. Det var ingen teikn til sjukdommar eller misdannelsar. Vi var framleis veldig spente på om magebuaren ville syne seg fram denne gongen, slik at vi kunne få vite kjønnet. Og det gjekk strålande. Jordmor var ikkje i tvil, ikkje eitt sekund, og ho kunne dermed bekrefte at det er ein liten gut som gøymer seg inni magen min.
Så då bar det avgårde på shopping, litt blått måtte til. Ein liten prins - ein bitteliten prins - inni magen ♡
Gratulerer så mye♥
SvarSlettTusen takk ♡
Slett