25. januar 2015

Kjøkkenklutar

Det finnast faktisk èin fordel med å vere sjuk. Tru det eller ei. For når formen ikkje er på topp finnast det nemleg rikeleg med tid til favoritthobbyen min. Det har blitt mykje strikking med andre ord :) Den siste veka har det blitt produsert kjøkkenklutar på løpande band. Herlege klutar i friske fargar, medan vi ventar på våren - og sola.


Med desse kjøkkenklutane i boks er heile ni prosjekt blitt fulltført hittil i år. Klapp på skuldra.


Alle klutane er strikka i bomullsgarnet Mandarin Petit og pinne 4 mm. Som tidlegare nemnt, mitt absolutte favorittgarn, til nettopp slik bruk.



Kunne du tenkje deg å strikke slike klutar sjølv? Nedanfor finn du oppskrift på desse klutane dersom du skulle ynskje å lage deg slike. Dei er superenkle å strikke - rett fram :)

Oppskrift; Eg startar med å legge opp 3 masker og aukar deretter i nest siste maske på kvar pinne til omtrent halve nøstet er brukt opp. Deretter feller eg ved å strikke dei to nest siste maskene saman på kvar pinne til det gjenstår 3 masker på pinnen. Trekk tråden igjennom. Dersom du ynskjer kan du avslutte med å lage hempe på kjøkkenkluten ved hjelp av i-cord snor.



Forsatt fin søndag til deg!

2 kommentarer:

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget ❤

Kommentaren må godkjennast før den vert lagt ut på bloggen,
det vil difor kunne ta noko tid før den vert synleg.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...